Meninger

Sett at ingen trur deg

Elie Wiesel overlevde Holocaust og bar på frykta eit vitne kjenner på – at folk ikkje trur.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då den Holocaust-overlevande forfattaren Elie Wiesel i 1986 fekk Fredsprisen, fekk han den i grunnen i litteratur. Det var med ord Wiesel kjempa livet ut. Laurdag døydde han.


Han fekk aldri fred for spørsmålet: Når ikkje ein gong Auschwitz kunne kurere antisemittismen, kva kan då fri menneskeslekta frå denne sjukdommen?

Johannes Morken


Det skulle gå fleire år frå Wiesel så vidt overlevde Auschwitz og dødsmarsjen til Buchenwald vinteren 1945, til han orka å fortelje om. Då Wiesel først gjorde det – med boka Natten i 1958 – gjekk det kaldt ned over ryggen på folk i heile Europa.

LES OGSÅ: Tok farvel med Jo Benkow

Den franske forfattaren Francois Mauriac skreiv føreordet til Natten. Mauriac skildra kor engsteleg han var kvar gong han vart intervjua av utanlandske journalistar, sidan Mauriac aldri visste kva kjensler dei hadde for Frankrike. Han var varsam med kva han sa. Men ein dag kom ein ung journalist, Elie Wiesel, frå Tel Aviv. Samtalen glei så lett at Mauriac opna seg, byrja dvele med minna frå okkuasjonen. Han snakka om biletet kona hans hadde fortalt om – synet av jødiske gutar i ei togvogn i den (no) tsjekkiske byen Austerlitz. Tanken hadde ikkje, ikkje før etterpå, streifa dei at ungdommane skulle enda i gasskammeret. Han la til: «Kor ofte har eg ikkje tenkt på desse barna?»

Journalisten svarte: «Eg var ein av dei.» Wiesel hadde sett mora, søstera og alle andre som stod han nær – unnateke faren – enda i krematoria etter at jødane frå Ungarn blei deporterte til Auswitz i 1944.

ERLING RIMEHAUG: Skal vi huske det onde?

Forbanna

«Aldri vil jeg glemme den natten, den første natten i leiren, som forandret livet mitt til lange netter, syv ganger forbannet og syv ganger forseglet», skreiv Wiesel i Natten.

Faren døydde i Buchenwald. 16-åringen Wiesel vart matforgifta og svevde mellom liv og død. Då han kom seg på beina, såg han i spegelen: «Fra dypet av speilet stirret et lik på meg. Hans blikk i mine løyne forlater meg aldri.» Han hadde overlevd, men minnet var ikkje til å halde ut.

I ein tale 20. april 2009 i Geneve – på Yom Hashoah, den jødiske minnedagen for Holocaust – fortalde Wiesel ei historie for å illustrere frykta hos ein overlevande. Ein av drapsmennene snakkar til eit ungt offer: «Du ønskjer å leve, og kanskje vil du leve. Men ein dag vil du angre det. Du vil snakke, men orda møter døve øyro. Somme vil gjere narr av deg. Andre vil rettferdiggjere seg gjennom deg. Du vil kalle det ein skandale, rope om opprør, men folk vil nekte å tru eller nekte å høyre. Du vil forbanne meg for å ha spart deg. Du vil forbanne meg fordi du har kunnskap om sanninga. Du gjer det alt no. Men det er sanninga til ein gal mann.»

LES OGSÅ: 79 nye snublesteiner skal minne nordmenn på Holocaust

Aldri fred

Wiesel bar dette også etter at han braut ut av tause år. Han vart aldri kvitt spørsmåla om kvifor menneske som kunne vore redda, ikkje blei det. Wiesel fekk ikkje fred for spørsmålet han aldri fekk svar på, sjølv om han stilte det til ein serie amerikanske presidentar: Kvifor bomba dei allierte ikkje i alle høve toglinene til Auscwitz-Birkenau?

Han fekk heller aldri fred for spørsmålet: Når ikkje ein gong Auschwitz kunne kurere antisemittismen, kva kan då fri menneskeslekta frå denne sjukdommen? Han enda opp med ein pessimistisk konklusjon. Som filosof og humanist kjempa han i trua på at kunnskap skal gjere verda til ein betre stad, at utdanning skal verne menneske. Likevel fekk vi Raude Khmers nedslakting i Kambodsja og folkemordet i Rwanda. Så kva tener det til å vere eit vitne? spurte han i Geneve.

Svaret er, trass alt, enkelt, sa Wiesel: «Vi må klynge oss til denne trua, dette minnet ... til denne søkinga som forblir vår, ei leiting etter sanning, leiting etter rettferd, ei leiting etter brorskap, ei leiting etter kjærleik....»

LES OGSÅ: En roman om en jødisk, kvinnelig fange som blir forelsket i en nazioffiser og blir kristen skaper heftig debatt

Gud

Svara har berre Gud, sa Wiesel. I Natten skreiv han at han mista trua på Gud. «Jeg var sint på Gud (...). Vi kranglet, men jeg forlot Ham ikke. Og krangler gjør vi fortsatt», sa Wiesel då Håkon Harket og Erling Bø intervjua han i ei bok til fredsprisutdelinga.

Abraham Foxman, sentral jødisk leiar i USA, fortalde New York Times i helga – etter dødsmeldinga – at Wiesel og han hadde snakka saman om både tilgjeving og om Gud: «No er han litt nærare. No kan han utfordre den allmektige og kanskje få nokre svar på dei spørsmåla han har stilt, men aldri fått svar på.»

Enda eit vitne er gått bort. Ansvaret for jakta på sanning, kjærleik og brorskap kviler på oss som aldri var vitne.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger