Nyheter

Sånne som oss

Alle menneske har potensiale til å utføre vonde handlingar. I saka om IS-kvinnene oppfører me oss som om noko anna er tilfellet.

«Dei er heldige dei landa som utan vidare kan fråskrive seg ansvaret for eigne borgarar som har utført kriminelle handlingar». Dette tenkte eg då lagnaden til IS-kvinna Shamima Begum blei kjent i vinter. For det er unekteleg eit land med ein sterk posisjon som kan bestemme seg for å ta statsborgarskapet frå ei ung mor på 19. Som statsråd skal ein sjå stort på eiga definisjonsmakt når ein kan bestemme at å vere IS-brud passar betre for ein bangladeshisk statsborgar enn ein britisk. Likevel avgjorde innanriksdepartementet og innanriksministeren i Storbritannia, Sajid Javid, at det var rett å strippe Begum for det britiske statsborgarskapet. Storbritannia var heilt utan ansvar for henne og den nyfødde sonen hennar.

LES MER: Mener IS-barna er vår tids «tyskerbarn»

Dilemma

Vestlege land står utvilsamt overfor store dilemma når dei skal avgjere kva som skal skje med kvinnene og barna som sit i flyktningleirar i Syria og Irak. Kvinner som har vore gift og fått barn med menn som har kjempa for ein ekstrem, islamistisk organisasjon. Kvinner som har bestemt seg for at dei er meir lojale til den brutale ideologien til den islamske staten enn til den tyske, franske, belgiske, norske eller britiske staten. Kvinner som har budd i vestlege land i tiår før dei bestemte seg for å reise til Syria for å hjelpe til med å skape eit islamsk kalifat.

LES MER: Mener at kvinner og barn fra IS-området er en sikkerhetstrussel

Har vi ansvar?

På den eine sida kan ein sjølvsagt seie: «Du tok eit val. Du har valt oss vekk. Då har me ikkje ansvar for å hjelpe.» På den andre sida må det bli tatt omsyn til den gruppa som ikkje har valt å reise for å kjempe: barna. Dei som ufriviljug reiste til Syria saman med familiemedlemar, eller dei som er blitt fødde i kalifatet. Diskusjonen rundt dette kjenner truleg dei fleste. Men har me i det heile tatt eit ansvar for dei, og i så fall kven av dei? Kan me skilje barn frå foreldra, og viss svaret på det er nei, må me då la dei bli eller må foreldre få kome i tillegg?

Medborgarar

Det har ikkje vore mangel på dystre spådommar i diskusjonen omkring IS-kvinnene og barna deira. Det som har derimot har mangla er ein djupare refleksjon rundt statsborgarskap, religion, etikk og moral. Trass i at vesteuropearar i stor grad er viljuge til å akseptere muslimar som familiemedlemmer, og trass i at dei i liten grad knyt religion opp mot nasjonalkjensle, er det relevant å spørje om me rett og slett i for liten grad ser på dei som sit i syriske flyktningleirar som våre medborgarar. Tenkjer me på dei som «ekte norske» eller «ekte britiske»? Er det nok å ha tysk statsborgarskap for å få hjelp, eller må dei i tillegg vere kvite, ikkje-muslimske personar med tyske foreldre og gode vestlege verdiar?

LES MER: Seks av ti: Hent IS-barna hjem

Distansere

Når me snakkar og skriv om kvinnene og barna deira, er det ofte med ein distansert tone. Som om dei ikkje er ein av oss. Og om dei hadde vore ein av oss, ville dei då ha gjort noko slikt? Det er sjølvsagt heilt naturleg å ikkje ville identifisere seg med nokon som har utført vonde handlingar. Me vel sjølvsagt alltid å tru at me verdimessig liknar meir på Martin Luther King jr, Barack Obama, Angela Merkel eller andre personar me ser opp til. Ingen vil identifisere seg med dei ein meiner har utført utilgjevelege handlingar.

Mørk side

Dessverre er det slik at menneske har potensiale til å gjere vondt. Enno så banalt det kan vere å sitere Harry Potter-karakterar, er det noko sant i det Sirius Black seier i den femte filmen: «Me har alle ei mørk side og ei lys side». Om me er nordmenn, tyskarar, amerikanarar, syrarar, irakarar eller argentinarar. Og det er nettopp difor me òg praktiserer likskap for lova: Så lenge me alle har eit potensiale til å gjere vondt, har me rett til å bli handsama likt for det vonde me har gjort.

LES MER: Styrte unna opprivende strid om IS-krigernes barn

Kvardagsrasisme

I saka med IS-kvinnene og barna deira er det som om me gløymer dette: At kvardagsrasismen kjem opp til overflata og kviskrar oss det same i øyret som når me ser nokon i nikab på gata eller høyrer nokon snakke med utanlandsk aksent: «Men eigentleg er dei jo ikkje norske». I og med at fleire av kvinnene som har reist ned har foreldre i vesteuropeiske land, og barna har besteforeldre som vil ha dei tilbake, er det ein ulogisk konklusjon å trekke. Dei har norsk pass, norsk statsborgarskap og norske rettar som alle oss andre. Så bortsett frå å kjempe for IS, kva er det eigentleg som skil dei frå oss?

Ikkje typisk

«Det er typisk norsk å være god» er truleg det mest berømte Gro Harlem Brundtland-sitatet. Dessverre er det ikkje typisk norsk å vere moralsk god. Det er ikkje typisk norsk å la være å utføre vonde handlingar. Viss me verkeleg vil vise at me er betre enn dei som reiste til Syria, er kanskje den beste måten å gjere det på å stå opp for verdiar IS ikkje verdsett: Demokrati, openheit, likskap for lova og tanken om at me alle til sjuande og sist er menneske.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter