Bøker

Samhald og fellesskap

Det vesle ordet samhald stiller oss på prøve. Kven er det som held saman? Og korleis tenker vi om fellesskap?

Denne veka er mange litteraturinteresserte samla på Kapittel, Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom. Hovudtemaet for festivalen er «Samhald» – eit ord som er særleg aktuelt i vår tid.

President Jean-Claude Juncker i Europakommisjonen presenterte nyleg eit forslag om ein grensestyrke på 10.000 personar som skal verne EUs indre og ytre grenser. Prislappen kan i Noregs tilfelle bli på 2,5 milliardar over ein sjuårsperiode – for å halde flyktningar og migrantar utanfor dei europeiske grensene.

I denne situasjonen stiller det vesle ordet samhald oss på prøve. Kven er det som held saman? Og korleis tenker vi om fellesskap?

Utviklinga i Europa utfordrar oss. Flyktningstraumen har på få år ført til ei høgreradikal oppblomstring i fleire europeiske land, som Hellas, Ungarn, Nederland og Tyskland. Under valet i Sverige for litt sidan sikra Sverigedemokraterna seg nye mandat. Tendensen er urovekkande: Tanken om samhald blir stadig sterkare, men innanfor ein stadig mindre krins.

Samtidig er det ikkje slik at det berre er dei yttarleggåande høgrepartia som ønskjer kontroll på innvandringsstraumen. Sjølv Angela Merkel – som blei kjent for sitt «Wir schaffen das!» under flyktningkrisa i 2015, «Vi klarer det!» – er hardt pressa på innvandringspolitikken i si eiga koalisjonsregjering. I sommar uttalte ho at innvandring kan bli eit skjebnespørsmål for EU.

Men 10.000 mann langs grensa? Er det slik at EUs – og Noregs – velferd berre kan sikrast gjennom barrikaderingar, piggtråd og eit tett fellesskap av grensevakter?

Den politiske situasjonen i Europa er i dag så spent at han sprenger seg inn att i litteraturen, etter nokre tiårs avstand til den politiske litteraturen på 1970-talet. I Danmark har Kaspar Colling Nielsen fått mykje merksemd for romanen Den danske borgerkrig 2018-24. I Noreg har mellom andre Birger Emanuelsen, som er aktuell med Jeg skal beskytte deg, og Eline Lund Fjæren, som denne veka kom ut med romanen Forbruk i september, tatt til orde for at det politiske ligg i litteraturen også der det ikkje ligg like opp i dagen.

Ein tydeleg politisk agenda ligg bak den ferske diktantologien Alt skal bli forandra. Snart, redigert av Anne Marit Godal og Leif Høghaug. Dette er dikt om fellesskap samla under fellesnemnaren arbeidardikt – sjølv om ikkje alle forfattarane kan karakteriserast som arbeidarforfattarar.

Den som ikkje lar seg tirre av målretta lyriske spark mot Framstegspartiet, vil finne mykje å glede seg over her – i motsett fall er boka ei djup kjelde til fortviling. På tvers av politiske standpunkt kan ein likevel merke seg korleis dikt skrivne for mange tiår sidan står fram som bråaktuelle i dag, slik til dømes både Arnulf Øverland og Jan Erik Vold skriv om eit Europa i brann.

«100 dikt om fellesskap og kamp» er undertittelen på diktantologien. Og slik er det jo, samhald og fellesskap er ofte knytt til ei aller anna form for stillingstaking. Den beste litteraturen evnar begge deler, både å opne opp for nye perspektiv og å hegne om ein fellesskap. Bibelen er sjølvsagt det fremste dømet, ei tekstsamling som både er ekstremt open mot verda og som samtidig held fram ei sanning for samfunnet av dei truande.

Samhald er sjeldan eintydig, og det er opp til oss å tolke og utvikle våre fellesskap på nytt og på nytt. Vi er sjølve med på å bestemme kva verdiar som skal stå sentralt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker