Nyheter

Rettedølane bygde Norge

Då arbeidsløysa steig på byrjinga av 80-talet, sette Høgre inn rettedølane. Dei var med å byggje landet.

«Er du ein slik rettedøl?», blei mannen spurt. «Ja», svara han. Og var stolt.

Etterlyser krisepolitikk

Arbeidsløysa stig. No er nesten 130.000 nordmenn utan arbeid.

Til samanlikning var berre 66.000 arbeidsledige då finanskrisa fillerista norsk økonomi i 2008-2009.

LES OGSÅ: Biskopane vil ikkje bruke privatprestar

Samfunnsøkonomar etterlyser ein krisepolitikk som er meir «sysselsetjingsorientert», som økonomiprofessor Knut Røed ved Universitetet i Oslo seier det.

Oljefylket Rogaland er hardast råka. I januar var 12.621 personar registrerte som heilt arbeidsledige.

Det er 79 prosent fleire enn i januar i fjor.

Henta Rettedal til kongens bord

Rogaland var heimfylket til ein av dei store politiske entreprenørane i Høgre.

Då Kåre Willoch skipa regjering i 1981, henta han bygningsingeniøren Arne Rettedal til kongens bord. Høgrepolitikaren hadde allereie då ein CV som viste handlekraft – og like viktig; resultat.

LES OGSÅ: Uenighet om presteansvar i Åpen folkekirke

Rettedal kravde, som ordførar i Stavanger, at både hovudkvarteret til statens nye oljeselskap, Statoil, og Oljedirektoratet måtte byggjast i vestlandsbyen.

Og slik blei det.

Bygde landet

I 1983 unnfanga kommunalminister Arne Rettedal ein heilt ny type dølar i Norge; «rettedølane».

For å få arbeidsledige i arbeid sytte Rettedal for at regjeringa sprøyta pengar inn i lokale oppgåver som før eller sidan måtte bli løyste. Rettedal meinte at før var betre enn sidan.

Arbeid for trygd-programmet bygde landet. Atlanterhavsvegen på Nordmøre trekkjer turistar til Vestlandet. Mange vil kjøre den spektakulære strekninga i havgapet.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Tidlegare Venstre-ordførar i Averøy kommune har sagt at Atlanterhavsvegen truleg ikkje hadde blitt ein røyndom om ikkje rettedølane hadde kome marsjerande til regionen.

Willoch gav Rettedal denne attesten: «En særlig nyttig mann».

«De spurte først»

Gjennom åra som statsråd blei politisk nevenyttige Rettedal så omtykt i fagrørsla at fleire i den borgarlege leiren lurte på kvar han eigentleg høyrde heime.

Ein gong blei han spurt rett ut; «kvifor valde du Høgre»? Svaret var av den rettedalske sorten: «De spurte først.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter