Kultur

Prisen som lyg

Kven vil i grunnen ta imot prisen som Årets drittsekk?

I 1971 vart Einar Gerhardsen den første vinnaren av prisen Årets Peer Gynt. Den blir gitt til «en person eller institusjon som har markert seg på en positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Norges navn kjent i utlandet».

Mange kjende menn og kvinner og institusjonar er blitt æra. I morgon kjem ekteparet May-Britt og Edvard Moser til Gålåvatnet i Gudbrandsdalen. Då skal dei få overrekt prisen for 2015 av stortingsrepresentant Marit Arnstad.

Eg unner ekteparet Moser alle prisane dei har fått, ikkje minst Nobelprisen. Då dei i mars fekk vite om Årets Peer Gynt, kalla dei det ærefullt: «Og vi synest det passer godt siden vi har like store drømmer og visjoner som Peer Gynt hadde. Men vi håper det er tydelig at vi er hakket mer jordnære og realistiske».

Eg er spent på kva dei vil seie i takketalen klokka 16.30 i morgon. Eg håpar dei då har fått med seg Erik Ulfsby si oppsetjing av Peer Gynt med Mads Ousdal i den strålande hovudrolla – i den ­andre sesongen til han og Ulfsby.

LES MIN TRO MED EDVARD MOSER: Hjernen er alene

Kynikaren

Tidlegare oppsetjingar av Gynt har lagt vekt på den store drøymaren. Eg sat ved Gålåvatnet sist laurdag. Eg tenkte at her er det lov å drøyme – totalt utan bakkekontakt. Det slo meg: Kva ville eg sagt dersom eg så absurd hypotetisk hadde fått prisen Årets Peer Gynt?

Eg måtte vel rett og slett be ­juryen slutte å dele ut prisen, i alle fall med den gjeldande grunngjevinga. Skodespelet har markert landet internasjonalt –det går stadig vekk på scenar i fleire land. Men skikkelsen Peer Gynt handlar sanneleg om noko heilt anna enn strålande samfunnsinnsats og glitrande Norges­-reklame.

Lat meg låne ord til meldaren i Gudbrandsdølen Dagningen: «Der mange oppsetninger tidligere har dvelt ved drømmeren­ Peer, har Mads Ousdal klart å gi rasshølet et ansikt: Peer Gynt er en opportunist, en narsissist og en kyniker av internasjonalt format.» Kven vil i grunnen imot æresprisen Årets rasshol?

LES OGSÅ: Grande i strupen på Sandberg og co.

Kaste frå seg

Vi får, mellom mykje, sjå Peer gå til sengs med brura i bryllaupet på Hægstad, for så å kaste henne frå seg. Vi får sjå han dukke kokken under frå eit isflak som bergar Peer etter eit skipsforlis då han 30 år etter sitt svik og si flukt vender attende. Peer er kynisk og svarar at han treng livet meir enn den barnerike kokken, sidan han sjølv enno ikkje har fått barn.

Korleis vil vi forstå Peer Gynt? Det liknar Noreg på ein prikk å sjå på han som ein som gjer ­Noreg stort i utlandet. Ulfsby og Ousdal pirkar borti det norske sjølvbiletet med si sterke aktualisering like etter pause, når Peer sit ved Middelhavet og drøymer om ei keisarrolle med hjelp av bistand.

Kvifor ikkje ta inn over oss dei djupe verdikampane Peer Gynt reiser? Fylla, til dømes. Faren drakk seg frå det meste. Heime sat mor Åse og prøvde halda ­motet oppe med å drøyme for vesle Peer. Så gjorde han draumane til ei livsløgn som fritok han frå alt ansvar – også for kvinnene som kom i hans veg ­eller seng.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Mobbing

Vi kan også bruke Peer Gynt-oppsetjinga for å aktualisere mobbing. Bygda trengde Peer som mobbeoffer.

Eller vi kan bruke han til å snakke om døden – der Peer vik unna alt som er vanskeleg når Mor Åse vil snakke på dødsleiet.

Eller snakke om kva mennesket­ er i stand til, på godt og vondt.

Vel heime igjen etter 30 års fråvær møter Peer mellom ­andre Dovregubben på nytt. Ulfsby har på forvitneleg vis utstyrt Dovre­gubben med ein Rema 1000-pose. Det er lett å tenkje at Ole Robert Reitan kunne blitt ein passande Peer Gynt etter Las Vegas-tur i Brennpunkt i vår – om makt over ­maten vår.

Men, for å halde oss med ­Ibsen, sjølv om blodet er aldri så tynt, er vi alle i slekt med Peer Gynt. For vi andre, vi som ikkje har anna enn forbrukarmakt, har som ­første trusartikkel at vi skal ha billeg mat, koste kva det koste vil. Så kven er vi?

Som eit troll

Spørsmålet i Peer Gynt er nettopp dette: Kven er eg? Peer ville vere seg sjølv, men Dovregubben meinte Peer heile livet hadde levd som eit troll: Han var seg sjølv nok.

På motsett kant Solveig. Ho braut med familien og blei kasta­ ut, fordi ho satsa på Peer og venta i 30 år. Var ho den mest naive kvinna vi kan tenkje oss? Eller var ho ein stor evangelist – ho som tok imot Peer: – Kvar du har vore? Du har vore i mi tru, i mitt håp og i min kjærleik.

Difor ei oppmoding til juryen: Olemic Thommessen, Astrid Sæther, Hanne Krogh, Knut Vollebæk og Olav Røssum: Neste år må de gjere opprør mot statuttane. Og til dei som får prisen: Bruk takketalen til å snakke om eksistensielle spørsmål.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur