Nyheter

Politisk korrekt bekjennelsesplikt

Shoaib Sultan er ueigna som ordførar i Oslo dersom han meiner at homofili er synd, meiner Aftenposten. Avisa har innført statleg, politisk korrekt, bekjennelsesplikt.

Sultans uttalelse til Fri tanke i 2007 om at «homofili er synd siden Koranen forbyr det». Dette sa han som leiar i Islamsk Råd. Han har seinare mange gonger teke avstand frå det han sa i Fri Tanke. Men dette var ikkje nok for Aftenpostens Thomas Boe Hornburg. I ein kommentar skriv han: «Det er opplagt at Oslo ikke kan ha en ordfører som mener homofili er synd.»

Og han valsa over Sultan som til NRK sa: «Det dreier seg om teologi, og jeg har ikke tenkt å stå her og diskutere teologi».

«Skal Sultan ha en sjanse til bli ordfører for hele byen kan det ikke hefte noe tvil ved hans syn på homofili. Det gjør det fortsatt», skreiv Hornbug.

Hadde Hornbug teke seg tid til å lese Sultans kronikk her i avisa 28. august – og som er lett å finne på verdidebatt.no – hadde han kanskje droppa kommentaren. Der erkjente Sultan at han i fortida i hadde vore litt uklar i spørsmål han no sere trengde avklaring med store bokstavar.

Så leksa Sultan opp det han står for, med STORE bokstavar. Dei som etter å ha lese dette meiner Sultan har ein skjult, koraninspirert agenda mot homofile – eller andre utsette grupper, for den saks skuld – høyrer heime i ein leir vi ikkje trudde Aftenpostens politiske kommentariat var ein del av.

LES OGSÅ: Muslimsk ordførerkandidat: Tro er privat

«Var det noe mer da? Er det noe jeg har glemt? Vel, trollene får ha meg unnskyldt», skreiv Sultan - og hadde altså gløymt Aftenposten og LLH.

Sultan heldt, heilt til Hornbug-kommentaren kom, fast ved at han svarar på politiske spørsmål, utan å diskutere teologi. Men då presset vart stort i går ettermiddag, sa han til Aftenposten at han meiner homofili ikkje er synd.

Spørsmålet her er ikkje om homofil er synd eller ikkje. Spørsmålet er kva politikarar skal avkrevjast svar på. Sultan har i fortida uttalt seg uklart om spørsmål som ikkje har med teologien å gjere – og rydda opp så det held, seinast i kronikken i Vårt Land.

Spørsmålet er: Kva slags teologisk skulerett skal andre politikarar stillast for? Knut Arild Hareide valde å ikkje svare på kva han meiner om kyrkjeleg vigsel av homofile. Dei einaste som hamra laus på han for det, var Partiet De Kristne. No tok Aftenposten nett den same jobb andsynes muslimen Shoaib Sultan.

LES OGSÅ: Min tro-intervju med Shoaib Sultan

Islamfryktande nettroll har i årevis hamra laus på Shoaib Sultan fordi dei mistrur han - at han talar med to tunger. Men dei var altså ikkje åleine om å stille han til ansvar.

I det sekulære samfunn er det altså ikkje berre slik at tru skal skiljast frå politikken. Ein ordførarkandidat er etter Aftenpostens kommentar plikta til å ha ein teologi som det sekulære samfunn kan godta – og gjere greie for kva han meiner er synd eller ikkje.

Aftenposten krev på si side politisk korrekt bekjennelsesplikt. Det liberale kan fort blir det mest snevre av alt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter