Nyheter

Øydelegg fordommar

Er ikkje vestkantungdom berre opptatt av pengar, dyre klede og alkohol?

Vi har fordommar mot folk vi ikkje kjenner så godt. Fordommane byggjer vi på dei verste historiene vi har høyrt. Om ungdom på vestkanten i hovudstaden, til dømes. Historier om dyre klede, pengejag og heime-åleine-festar gjev sikkert eit rett bilete av somme miljø. Men det er sjølvsagt ikkje heile sanninga.

Difor er det godt å sjå folk som knuser fordommane. Astrid Uhrenholdt Jacobsen på skilandslaget er ei skikkeleg vestkantjente. Vi kjenner henne etter strålande innsats i og utanfor sporet, og etter nokre ulukker i sporet – og grunna sørgebanda i Sotsji.

LES MER: Uhrenholdt Jacobsen finner ro i troen på Gud

Feil bilde

Uhrenholdt Jacobsen er ei vestkantjente som ikkje lever opp til fordommane om vestkanten. Med si kristentru har ho til dømes engasjert seg i Kirkens Bymisjon. Til Dagsavisen seier ho i eit intervju før renna i Holmenkollen denne helga: «Jeg tror mange har et feil bilde av Oslo Vest. At det bare er fjonge damer og folk som tenker på penger.»

Uhrenholdt Jacobsen sit til dømes i hovudstyret i idrettsklubben Heming. Ho snakkar varmt om engasjert frivillligkultur, stor dugnadsånd og grundig treningsarbeid i denne klubben som nettopp fylte 100 år. Langrennsjenta har også sagt frå offentleg om pengejaget i idretten: «Man trenger ikke reise utenlands og i høyden for å bli god. Man trenger ikke bruke masse penger på å bli god. Det er bare ekskluderende. Og husk: De beste blir ikke best uten de neste beste.»

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Heil ved

At vestkantungdom kan snakke slik! Ho er ikkje redd for å markere desse idrettspolitiske synspunkta, eller som ho seier til Dagsavisen: «Det er ikke farlig å mene noe. Så får andre mene noe annet.»

Astrid Uhrenholdt Jacobsen har kombinert landslaget med å komme seg halvveges i medisinstudiet. Det er godt gjort. Toppløparen håpar at universitetet seier ja til denne kombinasjonen vidare. I motsett fall ser vi ikkje Astrid Uhrenholdt Jacobsen på landslaget neste sesong. Det ville vore trist. I så fall mistar vi ei landslagsjente som landslagssjef Vidar Løfshus med rette kallar «heil ved». Vestkantungdom med slike verdiar gjer det heldigvis vondt i fordommane våre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter