Kultur

Ostehøvelen glapp på pressestøtte

Mange postar på kulturbudsjettet blir kutta i med ostehøvel for å komme flyktningkrisa til livs. Når pressestøtta får eit mykje større kutt, nærmar det seg ufint spel frå regjeringa.

Pressestøtta skal kuttast med 15 millionar kroner, heiter det tilleggproposisjonen til statsbudsjettet, som regjeringa la fram i dag. Regjeringa ønskjer altså å redusere pressestøtta frå 323 millionar til 308 millionar kroner neste år.

LES OGSÅ: Blir kunsten og journalistikken betre med mindre statleg støtte?

Jafset på over 4,6 prosent står ikkje i samsvar med ostehøvelbruken på resten av kulturbudsjettet. Postane for ålmenne kulturformål, visuell kunst, musikk, scenekunst, språk, litteratur- og bibliotek, museum, kulturvern og film er alle forsiktig høvla på promillenivå. Men pressestøtta skal altså livs, etter eit statsbudsjett der vi trudde at regjeringa ikkje ville prøve seg endå ein gong på manøveren frå i fjor og i forfjor.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Symbolpolitikk

Det føreslåtte kuttet på 50 millionar kronar i pressestøtte gav den gongen eit signal om at regjeringa ikkje tek vanskane i mediebransjen på alvor. Kuttforslaget var eit symbolpolitisk forhandlingsutspel som skapte mykje irritasjon både i mediebransjen og hjå opposisjonen. Regjeringa heldt fred på dette feltet i år. Trudde vi.

LES OGSÅ: Slik vil regjeringen finansiere flyktningkrisen

Ufint spel

No brukar den blåblå regjeringa flyktningkrisa til å kutte i pressestøtta likevel. Det nærmare seg ufint spel, for kven kan argumentere mot at det no er viktigast å finne dei nødvendige pengane til flyktningane? Pressestøtte sett opp mot flyktningar – reknestykket ser ikkje godt ut. Problemet er misforholdet, at regjeringa kuttar så mykje, for det er klart at også pressen skal ta sin del. No brukar regjeringa flyktningkrisa til å drive igjennom sin ukloke politikk om redusert pressestøtte.

Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at særleg Framstegspartiet godtar seg over dette grepet.

Her må både opposisjon og støtteparti på banen igjen, og spørje kvifor ostehøvelen glapp og skar så mykje djupare på eitt punkt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur