Bøker

Når kritikarane gjer ­jobben for deg

Ein ny trend i USA peiker på kva som manglar i Noreg.

Plagiat eller slurv? Eller berre dårleg praksis? Marius Wulfsberg kritiserte i sin bokmelding i Dagbladet 19. mars korleis Hugo Lauritz Jenssen i En samisk verdenshistorie har tatt i bruk sitt kjeldemateriell. 22. mars peikte Bernhard Ellefsen på det same i Morgenbladet.

Det er ein kritikk som sender ekko til nylege debattar i Noreg om siteringspraksis. Frå Karsten Alnæs' avskrift i serien ­Historien om Norge, via Henrik H. Langelands verk om Aker, til ­poesiplagiatsaken no i vinter. Her finnes det nyansar, men ­likevel: Kvifor skjer dette igjen og igjen?

Den sensitive lesaren

Det er interessant å sjå til ei sak som har rulla og gått i USA: Debatten omkring «Sensitivity Reader». Ein slik sensitiv lesar er ein slags konsulent for forlaga, men ikkje slik manuskonsulentar jobbar i norske forlag i dag. I staden for å vurdere om verk er gode litterært, har dei som jobb å sjå om verka på ein eller annan måte kan støyte minoritetar i samfunnet. Debatten i USA omkring sensitive lesarar verkar å stå mellom dei som meiner ei slik ordning grip inn i kva forfattarar kan skrive om, og dei som meiner ordninga hjelp forfattar og forlag med å trå rett og å ha sitt på det tørre.

Når sakar om plagiat og sviktande kjeldebruk til stadig dukkar opp her til lands, kan ein spørje seg: Trengs det ei eiga stilling i forlaga som går kjeldekritikken etter i sømmane?

Nei. For forlaga har allereie dette. Dei har redaktørar, konsulentar, eit heilt ­apparat. Vi snakkar og skriv lite om ­redigeringsprosessen mellom redaktør­ og forfattar, med innspel av diverse konsulentar. Prosessen med å skape ei bok har mange fasettar og involverte. Og sjølv om ein sensitiv lesar skulle vere involvert, så er det forfattar og forlag som vil ta avgjersla.

Ingen «ver varsam–plakat»

Likevel finn grundige og skarpe kritikarar problematisk bruk av andre forfattarars og forskarars verk i bøkene. Kritikk som avdekker slikt viser potensialet og sprengkrafta i gode bokmeldingar. Og kritikken peiker mot forlag og forfattar. No håper vi at vi får sjå eit svar frå Hugo Lauritz Jensen, slik at vi kan høyre fleire stemmer i denne saka.

Det er forfattarens fridom å ta sjansar og risiko, å tørre drøyme ei bok større enn nokon annan bok. Det skal ikkje vere nokon «ver varsam–plakat» for forfattarar. Men dei har nokre formelle reglar å stelle seg til. Å sitere rett og vise i teksten kva som er ens eige og kva som andres arbeid, er nokre av dei. Og enda meir skal forlaga ha nært kjennskap til, og god kunnskap om, bøkene dei gir ut. Dei må kunne etiske problemstillingar knytt til tematikk, innhald, og metode. Det er ikkje når boka kjem ut at forlaget skal konfrontere forfattaren sin – det er undervegs i arbeidet med boka.

Så får vi heller nyte det dei gongane kritikarar må gjere ­arbeidet i staden for.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker