Nyheter

Milde ­reaksjonar

Norske legar har tilstått at dei har ­utført aktiv dødshjelp. Lova er broten, men reaksjonane har vore milde.

Lege Stein Husebø fortalde i TV- og avis-intervju i 1992 at han hadde gitt aktiv dødshjelp til ein svært alvorleg sjuk kreftpasient. Saka kom aldri til retten fordi riksadvokaten gav påtaleunnlating, eit strafferettsleg gult kort.

Husebø har seinare sagt at han ikkje angrar, men at han ikkje ville gjort det same i dag. I 1992 kalla han det han hadde gjort for «eit ekstremt unntak». Eit av spørsmåla var kven som i så fall kunne definere slike unntak. Husebø blei sterk motstandar av å legalisere aktiv dødshjelp og har brukt kreftene på å byggje opp lindrande behandling.

LES OGSÅ: Han drap kona med sovetablettar. Ho ba han gjere det. Likevel slepp Mogens Arlund å sone i fengsel.

Sandsdalen

Lege Christian Sandsdalen hadde ein annan strategi. Sandsdalen gav i 1996 aktiv dødshjelp til Bodil Bjerkman som leid av multippel sklerose: ein dødeleg dose morfin og ketogan etter at ho hadde bede han om det. Sandsdalen melde sjølv saka til riksadvokaten – for å få saka til retten og få dødshjelp legalisert. Dette er den einaste norske dødshjelp-saka som er rettsleg handsama.

I Oslo byrett blei Sandsdalen i 1997 dømt for overlagt drap, men fekk utsett straff, den mildaste reaksjonen som finst. Sandsdalen anka. Påtalemakta anka fordi straffa var for mild – han burde fått straff på vilkår, meinte aktoratet.

I Borgarting lagmannsrett fann juryen han året etter ikkje skuldig, men fagdommarane sette dommen til sides. I meddomsrett vart Sandsdalen dømt for overlagt drap. Han fekk også no domsutsetjing. Ankene frå Sandsdalen og riksadvokaten til Høgsterett blei avviste.

LES OGSÅ: «Arrogant å tro at våre verdier alltid er bedre enn våre forgjengeres»

Lovstridig

Høgsterett sa at det viktigaste er å halde fast at dødshjelp er lovstridig og at det ikkje var grunnlag for å idømme straff. Sandsdalen som døydde i år 2000, fekk aldri oppleve at Frp i 2009 gjekk inn for legalisering.

I åra etter Sandsdalen-saka har ingen nye legar ope utfordra lovgrensa, trass i at reaksjonane var milde. Utfordringane har derimot kome gjennom kjenslefylte TV-reportasjar frå sveitsiske dødsklinikkar som tilbyr hjelp til sjølvmord. Lindrande medisin og aktiv debatt er viktig for å halde grensa.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter