Meninger

Litteraturpris med politisk snert

Nobelprisen i litteratur til den kviterussiske forfattaren Svetlana Aleksijevitsj er ein siger for den poetiske dokumentarlitteraturen og for alle stemmelause «sovjetmenneske» i gamle Sovjetunionen. Han kan øve politisk press.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For ein gongs skuld gjekk Nobelprisen i litteratur til ein førehandsfavoritt. Det var mange som istemte eit «äntligen» – utan snev av ironi – då Svenska Akademiens ferske sekretær Sara Danius utopte Svetlana Aleksijevitsj til vinnar av verdas mest prestisjefylte litterære pris.

Det er fleire faktorar som peiker på at De aderton denne gongen har gjort eit ualminneleg godt val. Den første, som det eigentleg burde vere unødvendig å kommentere, er at Aleksijevitsj er kvinne. Likevel er det grunn til å minne om at Nobelprisens historie tel 14 kvinner og 98 menn.

Kvinneleg ansikt

Då eg skreiv kommentar i forkant av utdelinga i fjor, nemnte eg nettopp Aleksijevitsj som ein god kandidat til nobelprisen i litteratur, men prisen gjekk endå ein gong til ein middelaldrande mann på det europeiske kontinentet, Patrick Modiano. All ære til Modiano, men til og med den norske omsettaren hans, Tom Lotherington, uttalte at Nobelprisen hadde vore viktigare om han hadde gått til den kviterussiske forfattaren.

LES OGSÅ: Gjør prosaen skjønn

I går delte den første kvinnelege sekretæren i Svenska Akademiens historie ut prisen til den største kvinnelege førehandsfavoritten. Kvinneperspektivet i Aleksijevitsj' forfattarskap er særleg framtredande i boka Krigen har intet menneskelig ansikt, som handlar om dei mange kvinnene som tente i den raude armeen. Desse var både pilotar, stridsvognførarar, snikskytarar og sjukepleiarar, men blei møtt med forakt, ikkje heltestatus, etter andre verdskrigen. Aleksijevitsj, som er utdanna journalist, intervjua mange hundre av desse kvinnene og brukte historiene deira i eit fleirstemmig – såkalla polyfonisk – verk. Det blei starten på livsverket Utopiens stemmer – fem bøker om «sovjetmennesket» sine erfaringar frå det vesle mennesket sitt perspektiv. Krigen har intet menneskelig ansikt blei lenge halden tilbake av det sovjetiske sensurapparatet og først publisert i sensurert versjon i 1984.

Diktatur

For like viktig som kvinneperspektivet, er det politiske perspektivet ved Nobelprisen til Aleksijevitsj. Forfattaren budde i mange år i eksil i ulike europeiske land, som fribyforfattar, mellom anna i Göteborg frå 2006 til 2008. No har ho flytta attende til den kviterussiske hovudstaden Minsk, for ikkje å miste kontakten med heimlandet, og bur dermed i det som må kunne kallast for eit diktatur. Den kviterussiske presidenten Aleksandr Lukasjenko styrer landet ved å undertrykke politisk opposisjon, fengsle motkandidatar til presidentembetet han har halde på i 21 år og bryte menneskerettane om det tener hans eiga makt. Konfrontert med diktator-stempelet, skal han ha svart at «det er betre å vere diktator enn homo».

Politisk press

Ingen av bøkene til nobelprisvinnaren er tilgjengelege i heimlandet hennar, ifølgje eit intervju som den svenske forfattaren Peter Fröberg Idling gjorde med henne for nokre månader sidan, trykt på norsk i Dagsavisen. Kvifor anerkjenner ikkje Kviterussland sitt største internasjonale forfattarnamn? Idling forklarer på glimrande vis kvifor: «Det enkleste svaret er at bøkene til Svetlana Aleksijevitsj avkler mytene som utgjør selve eksistensgrunnlaget for en autoritær stat. Og hun viser hvordan historiebøkenes forenklede forklaringer skjuler enkeltmennesker mennesker som har levd og kjent på samme følelser, tvil og lengsler som leseren. Dermed står bare den nakne makten igjen, dens egoistiske representanter, dens meningsløse vold og menneskeforakt.»

LES OGSÅ: En stor stemme for de små

Nobelprisen til Aleksijevitsj er dermed eit døme på ein litteraturpris som kan øve politisk press. Slik sett er prisen i år viktigare enn på lenge.

Det er også grunn til å peike på at prisen i år går til ein sakprosaforfattar, for første gong sidan Winston Churchill fekk prisen i 1953. Aleksijevitsj skriv ein grenseoverskridande sakprosa, inspirert av landsmannen Ales Adamovitsj, som nærmar seg skjønnlitteraturen. Vi kan kanskje kalle bøkene for «vitnesbyrdromanar». Basert på hundrevis av intervju, som ho alltid bygger bøkene sine på, også den nye Slutten for det røde mennesket. Tiden second hand, skriv ho fortetta vitnesbyrd med stor politisk og poetisk kraft.

Eg trur Svenska Akademien trefte innertiaren i år.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger