Kommentar

Kven vi er, kva vi kan tåla

Må vi kunna gå under same parole for å overtyda andre om toleransen vår?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I januar var det fire år sidan den mørke merkedagen for angrepet på Charlie Hebdo. 7. januar 2015 storma terroristar redaksjonslokala til det franske satiremagasinet der dei drap 13 og såra endå fleire.

Europa og verda elles vart skaka av det brutale åtaket på ytringsfridomen og mange var dei som ville syna sympati og støtte i kjølvatnet. Uttrykket «Je suis Charlie»- Eg er Charlie, vart den vanlege måten å uttrykka at ein identifiserte seg med og støtta alle dei som var råka av terroren og brutaliteten i Paris desse dystre januardagane.

Eg merka likevel at dette uttrykket sette seg fast i halsen, dess meir overflatisk og lettvint eg såg det vart brukt. Eg støtta jo dei angripne, og meinte som dei fleste at slike angrep er ein styggedom som saksar eit samfunn i fillebitar av frykt og fordommar og forferda borgarar. Så kva var problemet med å stemma i eit heilhjarta «Je suis»?

«Vera den andre?»

Kort oppsummert er innvendinga mi eit enkelt spørsmål som er interessant i ein vidare samanheng: Må eg vera den andre for å støtta vedkomande? Er det bra at vi etablerer det å «bli den andre» som det ultimate uttrykket for djup toleranse? Det kan like gjerne forholda seg motsett: at eg viser større toleranse dersom eg tåler nokon eg på ingen måte er, eller vil vera.

Charlie Hebdo driv til dagleg med ein satire ofte meint for å råka religion og religiøse idear. Som kristen kjenner eg det til dømes både falskt og ukomfortabelt å seia at eg identifiserer meg med deira religionskritiske program. På mange måtar står eg jo langt frå dei i det aller meste. At eg støttar eg deira rett til å driva med sitt og formidla synspunkta sine i eit samfunn med fridom og grunnleggande rettar, er sjølvsagt. Men eg treng vel ikkje «vera dei» for å støtta dei?

Møtast på tvers

«Je suis»-tenkinga kan skapa ei kjensle av at vi bør finna kvarandre under same parolen for liksom verkeleg å overtyda alle om at vi støttar andre sin rett til å fremja si sak. På den eine sida er det sjølvsagt viktig å møtast på tvers av ulike overtydingar. Det er noko håpefullt over evna vår til å leva oss inn i andre sin situasjon.

Den danske teologen og filosofen K. E. Løgstrup skisserer i si vidgjetne bok «Den etiske fordring» (1956) ein nærleiksetikk som kan minna om «Je suis», nemleg at vi menneske «er hverandres liv og skjebne». Samstundes åtvarar han mot ein type velmeinande «ettergivenhet som tjener til å etablere et uoppriktig forhold». I Løgstrups resonnement er dermed sanninga mellom menneske heilt avgjerande – også om vi erkjenner at vi er heilt prisgjevne kvarandre.

«Det motsette resultat»

Ironisk nok kan gode intensjonar bak «Je suis» dessverre resultera i det motsette: nemleg mindre aksept for faktisk ulikskap. Dersom vi overalt møter det runde dialogbordets bodskap om at vi eigentleg ikkje er så usamde, får vi eit meir «uoppriktig» samfunn, for å låna Løgstrups ord. Dette året har vi sett fleire døme på at politikarar og andre i leiande stillingar vert mistenkeleggjorte fordi dei representerer ei viss tru og ein viss type moral, ikkje berre nedfelt som ein abstrakt tankegang, men som konkrete rammer for korleis dei vel å leva livet.

«Samvitsfridom»

Fleire nylege medieoppslag og kommentarfelt dokumenterer til dømes provokasjonen som kan ligga i at ein utviklingsminister har ein seksualmoral som blir oppfatta som «gamaldags». Dagens Næringslivs og NRKs forsøk på å laga sensasjon av seksualmoral synleggjer berre kor lite sjølvsagt trus- og samvitsfridom er for tida, og bør vera ei påminning til alle om at trusfridom ikkje er eit ord for FN-systemets skrivebordsskuff, men noko som skal praktiserast over dagleglivets disk og desk.

Ein god offentleg samtale har ikkje som suksessfaktor at vi må verta samde i vanskelege spørsmål eller toga ut under felles fane etter dialogmøtet. Vegrar vi oss for å vera i utakt, er det tid der for å øva opp tåleevna. Men eit ferniss av falsk forbrødring bør vi likevel sky: det demmer opp dialogen til eit daudvatn der mange idear og fine tilløp brått kan koma til å flyta med buken i veret.

Av: Sofie Braut

redaksjonen@vl.no

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar