Kirke

Kampen mot kyrkje-keisemda

Kvifor er det ikkje meir action i Jon Fosses litteratur? Kvifor er nekrologar så humørlause? Kvifor brukar ikkje standup-komikarar systematiske PowerPoint så vi kan ta notatar? Og kvifor er kyrkja kjedeleg?

«Kirka er for kjedelig» slo kommentator i Adresseavisen, Kari Hovde, nyleg fast. Bakgrunnen for denne knus-ande kommentaren er Hovdes traurige time på konfirmasjonsgudsteneste i «en kirke i trondheimsområdet».

Etter den keisame konfirmasjonen var det tid for å ta eit oppgjer, og på kommentarplass i Adressa trona påfølgjande måndag tittelen «Må kirka være så dørgende kjedelig?»

LES OGSÅ: Kommentator Kari Hovde gikk på konfirmasjonsgudstjeneste, og slaktet den i Adresseavisen. Så fikk hun en utfordring fra presten.

Trøyst og hjelp

Hovdes obser­vasjonsevne hadde heldigvis ikkje blitt fullstendig krøpla av keisemda, og ho såg korleis dei rundt henne også var lamma av same stilleståande sinnsstemning som ho sjølv.

I dag veit folk å finna trøyst og hjelp i mobilen når omstenda råkar såpass brutalt, og Hovde meiner det er ein rimeleg reaksjon å dra fram sosiale media når verken prest eller liturgi leverer: «Når halve kirkelyden fikler med mobiltelefonene sine underveis, sjekker Snap og glor på Youtube, handler det ikke kun om dårlig oppdragelse i uroens tid der konsentrasjonen er på bunn», konstaterer ho forståingsfullt.

Konsulenttilbod

Det fine for Hovde er kanskje at kritikken hennar råkar ein organisasjon nærast fri for sjølvtillit, slik at ho straks får tilbod om å figurera som erfaringskonsulent for å oppgradera neste gudsteneste.

Typisk nok tek kyrkja all slik kritikk innover seg, endå dei fleste vel veit at Dnk er så fleksibel at det grensar mot formløyse. Alle veit at ein kantor-protest på dansband i ei gravferd, kan bli til snerpeskap i lokalpressa dagen etter, med påfølgjande anger og oppvask og så har ein liksom fått nok ei ripe i … ja, kva er det ein riper opp eigentleg? Tilpassingsdyktigheita? Jovialiteten?

LES OGSÅ: «Vil du ha ungdommen tilbake til kirkebenkene? Slutt å prøve å gjøre kirken kul»

Folk dett av

Den usjarmerande forsvarsposisjonen skal ein likevel prøva å unngå i møte med kritikk av eit visst format. Det kan vera lurt og strategisk å vera raus, inviterande og lyttande når kritikarar langar ut.

Nokre av poenga til Adressa-kommentatoren er jo glimrande, til dømes dei som handlar om at presten nærast unnskylder eigen tale. Huff. Dette er jo slett retorikk, sett både frå bibliotek og bedehus.

Og vi må gjerne også drøfta omgrepet «kjedeleg» litt nærare ved høve. Når kyrkja ofte i­nsisterer på ullen universalisme, der kristendom meir vert «kakepynt» enn kraft som stiller oss på val og forvandlar livet, dett folk fort av.

Dette er underliggande perspektiv som Kari Hovdes kritikk fortenestefullt opnar opp.

Feil spørsmål

Men alt handlar ikkje om strategi. Av og til må kyrkja berre bli ståande og våga å kjempa. Det handlar primært om å stola på at Heilaganden faktisk maktar meir enn einkvan som vert hyra inn for å fiffa opp fasaden.

Vidare er det lov å påpeika at eit spørsmål av og til er feil stilt. På same måte som vi ikkje kan døma Jon Fosse etter same kriterium som Jo Nesbø, er det lov å seia at keisamt – festleg ikkje er ein akse som fangar inn ei gudsteneste.

Vi som arbeider i skulen veit at til dømes ein historisk prosess, eit Excel-ark og ein Kafka-­roman alle kan verta kalla kjedeleg av elevane, og det er til dels vår jobb å sprita opp lærestoffet.

Men det er òg jobben vår å påpeika at mykje av det viktige aldri­ var aldri meint for å underhalda, og at vi må arbeida med å møta mangt med eit anna mottak enn berre kva som fengjer oss.

Ånd og sanning?

Noko er nødvendig, sant og formativt. Noko lærer oss tålmod og empati. Noko treffer meg ikkje her og no, men vert viktig seinare.

Kari Hovde presiserer at ho «forventer verken multimedieshow, klubbmusikk eller prester som rapper Lukasevangeliet». Men å halda keisemda i sjakk er kompliserte saker, særleg om alle er litt usikre på kvifor dei er der.

For kva forventar vi frå ei gudsteneste? Ånd og sanning? Eller eit kulturtilpassa avbrekk med åndeleg tilsnitt, kult nok for kritikaren og fengjande nok til å feia Facebook av banen?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke