Nyheter

Hurra for ungdomen

Når vaksne rotar det til, tek 17–18-åringane affære.

Bilde 1 av 2

18 år gamle Oda Aase reagerte då ein mann la ut eit bilete av ei bleie på Facebook med denne teksten: «Muslimer i Kristiansand har reagert sterkt på at Coop OBS på sørlandssenteret selger bleier med bilde av en gris på. De prøver nå å få denne bleien fjerna fra markedet... Når skal Norge innføre straffetiltak mot slik islamisering?».

Under innlegget kokar det i kommentarfeltet. Nå får Norge setje ned foten, seiast det. Vi legg oss langflate gang på gang, hevdast det. Men 18-åringen skriv at ho blir flau over at mange er så fordomsfulle, at påstandane har verken kjelder eller truverde. Det viste seg at saka var falsk.

Dei unge tek grep

Odas tekst er ein av tre saker som har gjort meg varm i det kalde haustvêret denne veka. Dagen etter las eg om den katolske skulen St. Sunniva i Oslo, der skulens styre hadde avgjort at pengane frå Operasjon Dagsverk (OD) ikkje skulle gå til Amnesty. Grunnen? Fordi pengane skulle gå til eit prosjekt som handla om seksualundervisning, abort, og prevensjon i Latin-Amerika.

Torsdag morgon vart det klart at nokre av elevane trossa skuleleiinga. «At vi har blitt så totalt overkjørt, ikkje fekk vere med å bestemme, og at avgjersla vart tatt utan at nokon visste om det, har gjort mange elevar opprørde», seier elev Gina Gylver til NRK.

Og til slutt ei sak frå Trondheim. Førre fredag, om kvelden, gjekk ein mann til angrep på ein ung tiggar som sat på gata, skriv NRK. Då tok 17 år gamle Edel Saedi og Laura Figenschou Skjønberg grep. Dei stilte seg mellom dei to, sjølv om dei opplevde situasjonen som svært truande. Dei ringde politiet, som brukte over ein time på å kome fram. Då var mannen som angreip, vekk.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Bruk kreftene

Engasjementet for andre som ungdomen har, som vi mellom anna ser på Operasjon Dagsverk-dagen, er noko vi alle kan ta lærdom av. Det er som Arne Paasche Aasen skriv:

Du kan ikke spare på ungdommens krefter, og ha dem til senere år. Men bruker du dem, skal du kjenne de vokser, evinnelig, vår etter vår.»

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter