Nyheter

Hugs på Khadija

Aserbajdsjans president Alham Alijev likar ikkje plagsame kritikarar. Difor blir journalistar bura inne.

I kveld må Norge slå Aserbajdsjan dersom draumen om Fotball-EM i Frankrike neste sommar skal leve. Kampen er ein edel kappestrid mellom 22 menn i kortbukse. All politisk usemje blir lagt vekk i kampen om å skåre flest mål. Denne bodskapen blir understreka av kapteinhandtrykket før kampstart; «handtrykk for fred» – som det heiter på fotballnorsk.

Men ser vi forbi mennene som spring ut på Ullevål med det aserbajdsjanske flagget på brystet, ser vi ein stat med diktatoriske trekk – som Norge gjerne vil vere på lag med. For Aserbajdsjans rikdom er som den norske; olje.

Så når du ser kampen om ballen på matta, tenk over at i heimlandet til Norges motstandar er ein av landets fremste undersøkjande journalistar, Khadija Ismajilova, som ble tildelt Fritt Ords pressepris i 2012, fengsla fordi ho berre gjorde jobben sin.

Facebook og Twitter!

Påtalemakta har sikta den uredde journalisten for fleire forhold, men siktinga er hemmeleg. Ismajilova har lenge vore ein torn i auga for regimet, mellom anna som følgje av avsløringar om korrupsjon i det offentlige – og avsløringar om forretningsverksemda til Alijev-familien, som har styrt Aserbajdsjan sidan Sovjetunionen blei demontert og Aserbajdsjan blei sjølvstendig.

Ismajilova har også kritisert Norges rolle. Ho har tidlegare hevda at Norge til tider har vore mindre tydelege i kritikken av menneskerettssituasjonen i landet. Statoil har vore i landet sidan 1993.

Human Rights Watch meiner at arrestasjonen av henne føyer seg inn i rekkja av forsøk frå den aserbajdsjanske regjeringa på å få kritiske røyster til å teie. Då Ismajilova blei bura inne i desember var ho på sporet at ei sak som dokumenterer korleis presidentfamilien hadde blitt styrtrik gjennom korrupsjon. No har internasjonale journalistkollegaer spadd fram resten:

«Aserbajdsjans presidentfamilie har angivelig plyndret staten for svimlende 6 milliardar svenske kroner, ved hjelp av det svenske teleselskapet Telia Sonera», melde NTB nyleg.

Fotball kan vere stor underhaldning. Kanskje vinn Norge i kveld. Men gløym ikkje ho som sit ei celle i Aserbajdsjan i sigersrusen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter