Meninger

Hjerne 
for religion

Det er ei kortslutning å redusere religiøs tru ­
til elektrisk aktivitet i hjernen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kjenn deg sjølv, stod det over porten til orakelet i Delfi. Dette har mennesket vore opptatt av til alle tider. Vi har stadig utvida grensene for vår eiga erkjenning. Ikkje minst har legevitskapen gjort enorme framsteg sidan tida då medisinarane leita rundt i mørke bakgater etter nye lik å dissekere.

I dag har vi kartlagt store ­delar av det indre i mennesket. Genvitskapen nådde eit klimaks med Human Genom Project, som gjekk det menneskelege arvematerialet etter i saumane. Den folkelege forklaringa på dette gjennombrotet innan DNA-forskinga var at «livsens bok» no var kartlagt.

LES MER: – Hjernesjukdom gav Muhammed og Paulus syner

Populær forsking

No er det hjerneforsking som er i vinden, slik genomforsking og partikkel-fysikk var det tidlegare. Fleire snakkar om nevrovitskapen som «den femte revolusjon».

Kopernikus stod for den første, då han påpeika at jorda ikkje var sentrum i universet, men gjekk i bane rundt sola.

Charles Darwin stod for den andre, med sin evolusjonsteori.

Sigmund Freud får æra for den tredje, med oppdaginga av det underbevisste.

Mens den nemnte DNA-revolusjonen var den fjerde.

LES MER: Kristne og muslimske teologar ristar på hovudet over sjukdomspåstandar

Ikkje på defensiven

Felles for alle desse revolusjonane er at dei har utfordra dei religiøse institusjonane. Det blir likevel for enkelt å seie at den religiøse trua har kome på defensiven av naturvitskapleg framgang. Dette latar til å vere ein sentral tanke hjå mange av dei nye ateistane, som Richard Dawkins, Sam Harris og Daniel Dennett. Også ein kjent forskingsjournalist som danske Lone Frank har problem med å forstå at trua på ein Gud er fullt ut kompatibel med eit rasjonelt sinnelag og trua på vitskaplege nyvinningar.

Frank lagar eit kunstig skilje mellom det ho kallar for ein religiøs og ein naturvitskapleg tilnærmingsmåte til verda og livet. I boka Den femte revolusjon, som nyleg kom ut norsk, forklarer ho den religiøse tilnæringsmåten som «en aksept uten spørsmål og lydighet overfor overleverte dogmer», mens den naturvitskapelege tilnærmingsmåten «bygger på kronisk nysgjerrighet og et behov for å teste ut og føre beviser for påstander og regler».

Følg oss på Facebook og Twitter!

Nysgjerrig tru

Det skurrar iallfall i mine øyrer. «Aksept utan spørsmål» kjenneteiknar ikkje eit levande, intellektuelt og truande vesen. Slik opererte ikkje eingong dei sentrale personane i Bibelen. Tvert om har motstand, spørsmål og kamp med både Gud og trua vore ein gjengangar frå patriarken Jakobs dagar og til vårt eige moderne liv.

Kva er vel den religiøse anna enn ein kronisk nysgjerrig?

LES MER: – Var Jesus en fluesopp?

Kortslutning

Lone Frank framstiller seg sjølv som nysgjerrig på hjerneforskinga sine vegne. Det trur eg henne på. Men det er ei kortslutning å redusere religiøs tru til elektrisk aktivitet i hjernen – det verkar nettopp som det motsette av nysgjerrig. I kapittelet «Gud i synapsene» er Frank i overkant ivrig til å følgje opp den omstridde forskinga til Michael Persinger. Han har 
utvikla ein «gudshjelm» som ved hjelp av svake magnetfelt framprovoserer opplevingar ein kan tolke som religiøse opplevingar. Persingers gudshjelm er morosam nok, men ikkje av stor vitskapleg interesse innan den ­seriøse nevrovitskapen.

Farlege spørsmål

Det må vere legitimt å stille dei aller farlegaste spørsmåla: Er trua på Gud berre eit resultat av at hjernen vår er disponert for det, eller som eit symptom på temporallapp-epilepsi? Den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij er ikkje den einaste som har hatt erfaringar med epilepsi og åndelege innsikter, noko han nyttar seg av i bøker som Idioten og Brødrene Karamasov. Det blir likevel finurleg å etterdiagnostisere bibelske personar som Paulus, som blei slått i bakken av eit stort lys då han var på veg til Damaskus. Paulus, ein epileptikar? Då har vi gått frå vitskap til spekulasjon.

Ein må ikkje vere naiv for å forstå at hjerneforskinga har ei utfordring når ho skal trenge til botns i spørsmålet om hjernen. Vi vil nok aldri forstå oss sjølve fullt ut, verken gjennom forsking eller orakelsvar.

Det bør ikkje hindre oss i å prøve. Men når forskarar og formidlarar nærmar seg spørsmålet om religiøs tru, vil eg nok føretrekke endå meir nysgjerrigheit. Spar meg iallfall for kortslutningar.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger