Kommentar

Grunnlov, pølser og is

17. mai er vi så gla' i. Men må eg like den?

Bilde 1 av 2
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Straks er dagen her, igjen. Med korps­musikk og jublande, festkledde barn i tog. Dei vaksne­ som vinkar frå sidelinja. For foreldre er dagen eit slags oppdrag: avlevering og henting av barn på ulike stader i folkehavet, alt etter lokale pliktar og tradisjonar.

For meg er 17. mai ein dag eg gler meg til er over. Ikkje fordi programmet er så uoverkommeleg ­eller at eg er i mot feiring av nasjonaldagen. Det er berre noko med alle dei strokne flagga, det nyklipte graset, det forventningsfulle Gratulerer med dagen frå folk eg ikkje kjenner. Det blir blinka og tuta og blåst og vinka i alle retningar. Tusen små flagg vaiar i lufta. Kvilelaus vandring i ukomfortable bunad­sko. Etterkvart driv ein med ei slags meiningslaus is-eting for å sleppe halde liv i samtalar som begynner å likne litt for mykje på kvarandre. Ein skal ikkje vere så veldig høg-sensitiv for å kjenne at det buttar.

For nokre dagar sidan dukka eit bilete frå fange­leiren Grini opp på sosiale mediar. Bilete skal vere tatt om morgonen 8. mai 1945. Dei 5.000 fangane skal ha sunge «Ja, vi elsker» då dei fekk fredsbodskapen.

Det er dette det handlar om, seier eg til meg sjølv og kjenner meg rørt. For kvifor er det personlege så viktig når det er nasjonaldagen som skal feirast? Det er dette eg må få inn i hovudet slik at eg kan motivere meg sjølv til vidare engasjement og stryking av flagg. Ikkje minst må eg ha ei positiv haldning til feiringa, slik at eg kan bringe desse verdiane som grunnlova er tufta på, fridom, likskap og brorskap, vidare til mine barn. Desse verdiane er alltid under press, ikkje berre der ute ein stad, men også her hos oss.

Likevel har eg vanskar med å kopla dei med sekkeløp og pølser.

Gratulerer med dagen, kvitrar det frå aust og vest. He he, seier eg, og mumlar eit gratulerer tilbake.

Eg ser jo at det er folk som likar 17. mai. Så vidt eg kan sjå er smila både store og ekte. 17-mai-sløyfa blafrar på brystet. Eg anar ikkje om dei har studert bilete av dei 5.000 Grini-fangane eller aktivt minna seg sjølv på kva vi eigentleg feirar. Dei rører seg fritt blant andre feirande og ser ut til å like både kakene og praten. Frigjeringa er både personleg og nasjonal.

Ifølgje mi urgamle bestemor, som døde lenge før eg vart fødd, skal det ha vore slappe tilstandar på den lokale 17. mai-feiringa i mellomkrigstida, dei unge gadd mest ikkje. Dei var for lite interesserte, dei hadde blitt for storsnuta. Kanskje har også eg fått for stor snute? Blitt meg sjølv nok? Eller berre fått nok?

Under skuggen av det nasjonale finst der, i bygder og lag, eit slags ønskje om ein felles identitet. Det handlar ikkje berre om å vere norsk (kva no det er for noko), men å tilhøyre ein liten krok i dette landet, med skulen, idrottslaget og ulike foreiningar. Det er kanskje dette fellesskap vi feirar. Slik sett passar det med pølser og is.

Er det ikkje følelsen av å høyre til i eit miljø, kjenne tillit til dei rundt oss, la barna få vere venner, det vi hegner mest om denne dagen? Kor vidt vi også vil vere oss sjølve nok, avheng av ei rekke andre ting.

Reint fysisk blir det å få av bunaden om kvelden den verkeleg frigjerande augneblinken. Då ligg eg med beina høgt og gler meg over at det no er eitt år til neste gong. Kanskje syng eg også, på den fine «Vi ere en nasjon vi med»:

Jeg vil det elske til min død, ei bytte det hvor jeg er fødd, om man et paradis meg bød av palmer oversvevet.

– Laura Djupvik er forlagsredaktør og forfattar

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar