Bøker

Gøymd kunnskap

Den 90 år gamle litteraturhistorikaren Jostein Fet er i desse dagar ferdig med eit makelaust forskingsverk.

Bønder og fiskarar har ikkje vore kjente for å vere dei best orienterte om europeisk åndsliv. Dette var «kunnskapen» før, at lese- og skrivekunsten primært var ein syssel for embetsstanden.

Gjennom eit langt forskarliv har Jostein Fet vist at så ikkje var tilfelle. Folk flest var ikkje analfabetar før konfirmasjon blei påbode ved lov på 1730-talet. Tvert om var lesing og skriving ein nokså utbreidd kunnskap blant allmogen i Noreg. Folk visste kva som gjekk føre seg ute i verda.

Det europeiske åndslivet var ikkje ei hildring i det fjerne, men eit jordsmonn som kunne fostre storleikar som Hans Nielsen Hauge og Ivar Aasen.

Gamle bøker

Mange vil nok hugse Jostein Fet som undervisingsleiar og dosent ved Høgskulen i Volda. Litteraturhistorikaren og -sosiologen var lektor ved Volda lærarskule allereie i 1958, og blei ei viktig brikke i utviklinga av distriktshøgskulemiljøet i sunnmørsbygda.

Dette var basen for Fets årelange forsking på gamle og gløymte bøker. Han studerte mikrofilm, registrerte boksamlingar og nærlas enkeltskrifter. Etter kvart såg han eit større mønster i funna han gjorde på Sunnmøre. Lesande bønder heitte boka der Fet la fram hovudfunna frå arbeidet sitt, ein litteratursosiologisk analyse av rundt 14.200 bøker frå tusenvis av arveskifte i Møre og Romsdal og Øvre Telemark i perioden 1690-1839.

Klassekamp

Hovudpoenget er som sagt at eliten ikkje hadde monopol på bøker, dei var i høgste grad til stades også i lågare samfunnslag. Ottar Grepstad brukar orda «openberring» og «paradigmeskifte» om Fets forsking.

Eg synest det er god grunn til å trekke fram slike ord, ikkje berre fordi Jostein Fets arbeid kastar nytt lys over mitt eige opphav. Også vanlege slitarar på Nordvestlandet var ein del av ein europeisk skriftkultur. Bonde- og fiskarallmugen hadde eit litterært liv.

Storverk

Dei seinaste 20 åra har Jostein Fet publisert fem store bøker på til saman 2300 sider om allmugens skriftkultur frå 1500- til 1800-talet. Prestasjonen overgår Karl Ove Knausgårds Min kamp. Bøkene til den no 90 år gamle litteraturhistorikaren er viktige referanseverk i norsk og skandinavisk litteraturforsking. Dei fortel ei historie ikkje berre om eitt menneske i verda, men om eit heilt samfunn og ein mangslungen samfunnsstand.

Følg oss på Facebook og Twitter!

For to år sidan kom boka Stemmer frå ei fjern tid, der Fet blant anna gav oss eit gløtt inn gamle viser (som det sunnmørske Draumkvedet), magiske formlar og ei katekismebok på 8900 sider (Postilla Catechetica av Christen Staphensøn Bang). Eitt av kapitla handla om kong Christian IIIs kyrkjebibel som kom på vidvanke.

Bibel og katekisme

Dei religiøse bøkene står sentralt i Fets nye bok, Den gløymde litteraturen. Gamle bøker i privat eige på Sunnmøre. Her tek litteratursosiologen for seg bøker og skrifter som av ulike grunnar ikkje vart registrerte i skifteprotokollane han tidlegare har forska på. Biblar, huspostillar og katekismar blei ofte haldne utanfor arveskifta.

Blant dei 609 bøkene og skriftene Fet skriv om, er rundt 70 prosent religiøs litteratur av typen salmar, åndelege viser, biblar, oppbyggingslitteratur, bøner, huspostillar og preiker. I tillegg kjem blant anna skjønnlitteratur, biografiar, samfunnsbøker, historie- og geografibøker. Fet set viktige bøker innanfor dei einskilde gruppene i åndshistorisk samanheng ved å gi att hovudtankane i innhaldet.

Jostein Fet har vist oss kunnskapen som låg gøymd og gløymd på bygdene i gamle dagar. Forskinga hans kjem ikkje til å bli gløymd. 90 år gamle Fet fortener ein stor takk frå oss alle.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker