Kultur

Gammalt nytt

Gamle idear i ny innpakning pregar utvalet av julehefte også i år. Men høgdepunkta finst.

Julehefte er ein seig og god tradisjon her i Noreg. Fleire av oss kan tydelegvis aldri få nok av desse tynne blekkene som blir pumpa ut på den julehungrige marknaden ved inngangen til advent. Eg har tidlegare kritisert Egmont for å resirkulere historiene sine altfor hyppig. Julehefte er «big business», og det er grunn til å rette kritiske blikk mot ein del av publikasjonane som skal timast alt folket.

Samtidig er det heller ikkje så fruktbart å resirkulere sine eigne innvendingar mot julehefteindustrien frå år til år. I staden for alltid å sable ned det dårlege, går det også an å leite etter høgdepunkta. Og det finst trass alt ein god del positivt å seie om hefta som mange nordmenn hygger seg med no før jul.

LES OGSÅ: Bladde i julehefta med andakt og nyvaska hender

Nostalgi

Den største nyhenda på juleheftemarknaden i år må nok vere Herborg Kråkeviks revitalisering av ultraklassikaren Juleroser, som kom ut mellom 1881 og 1944. Her snakkar vi nostalgi av den gode, gamle sorten. Kråkevik har laga eit litterært hefte med tekstar frå forfattarar som Ruth Lillegraven, Herbjørg Wassmo, Vigdis Hjorth og Maria Parr. Karl Ove Knausgård og Jon Fosse er også representerte, rett nok med tekstar dei har gitt ut tidlegare.

Konseptet er glitrande, så her er det berre snakk om å halde kvaliteten på dei litterære bidraga ved like – og helst auke han, frå år til år.

LES OGSÅ: Herborg Kråkeviks Juleroser rives bort

Fint for eldre

Eit anna julehefte som kjem i tilnærma same kategori, som ultraklassikar, er Nils og Blåmann. Dette heftet kom først på marknaden i 1929, og gjekk inn i 1961. Seriane som står på trykk i det nye Nils og Blåmann, er henta frå Illustrert Familieblad på 1920-talet og har ikkje tidlegare stått på trykk som juleheftemat. Eg lurer på i kva slags grad heftet appellerer til nye og yngre lesarar, men at dette kan vekke gode minne hjå den eldre generasjonen, er det liten tvil om.

Sjølv vil eg likevel løfte fram eit anna hefte, som eg synest lukkast svært godt med kombinasjonen gammalt og nytt. Då Truls og Trine kom ut første gongen i 1983, var dette eit pionérprodukt – i den forstand at det var eit nyteikna norsk julehefte. Levetida blei dessverre kort, berre tre år, sjølv om heftet moglegvis var starten på ei kommande bølgje av nye norske juleheftetitlar. I år kan til dømes nemnast både Pondus, Nemi, Lunch og Rutetid.

LES OGSÅ: I sine stormaktsdager var juleheftene en langstrakt, godviljens hånd inn i de tusen julehjem

Spennande

Truls og Trine – Dragehornet står seg svært godt blant dei meir kjente titlane. Med Donald-teiknaren Arild Midthun ved det visuelle roret, og med Terje Nordberg og Dag E. Kolstad som tekstforfattarar, er historia om Truls og Trine som skal finne dragehornet både spennande, sjarmerande og referanserik. Her kan du risikere å få friska opp ein del gamle segner og eventyr, i tillegg til å bli tatt med på ein snartur innom den norske kunsthistoria.

Midthun har også teikna det norske Donald-heftet De truende luene, der historiene er skrivne av Knut Nærum og Tormod Løkling. Heftet i år er blant det beste eg har lese av dei, med superskurken Ørnulf Ørn i ei herleg comebackrolle. (Og nei då, skurkane vinn aldri til slutt!)

Følg oss på Facebook og Twitter!

Miljøhund

Stomperud kan du i år lese om i to ulike hefter, både det klassiske Nr. 91 Stomperud og tilleggsheftet Stomperud på eventyr. Håkon Aasnes teiknar også Smørbukk og Tuss og Troll – der sistnemnte i år fyller 70.

I denne kommentaren hoppar eg glatt over kjente travarar som Blondie, Fiinbeck og Fia, Billy, Skipper'n, Hårek og Snøfte Smith, i tillegg til ei rekke Donald-variantar og det populære Knoll og Tott. Men i rekka av «gammalt blir som nytt»-ideane til Egmont, gir eg gjerne kred til eit eige julehefte for hunden Idefix frå teikneserien Asterix. Idefix er 50 år i år, og fortener hyllest som miljøforkjempar. Idefix tek naturen på alvor, slik synet av eit rotlaust tre alltid gjer den vesle hundekroppen opprørt. Så får heller heftekonseptet vere ein smule springande. Idefix er uansett ein ekte juleheftehelt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur