Nyheter

Frykt i spagat

Hadia Tajik snakkar også til sine eigne når ho snakkar om innvandringsfrykt.

Hadia Tajik, nestleiar i Arbeidarpartiet, åtvara i går politikarar som speler på frykt i møte med straumen av flyktningar. «Det verste vi kan gjere som politikarar er å spele på frykta for ekstremisme for på den måten å få gjennomslag for ein usosial politikk», sa Tajik då ho innleia på Arbeiderpartiets Bratteli-seminar i går.

Dette kan ikkje berre lesast som ei åtvaring mot Frp og Sylvi Listhaug. Dette er også eit signal til sitt eige parti.

LES MER: PR-ekspert tviler på Aps asylspagat kan vare lenge uten å skade partiet

Ikkje vakkert

Ap strevar no, slik dei har gjort mange gonger før, med asyl- og innvandringspolitikken. Dei skal både unngå at Frp stikk av garde med alle veljarane som er urolege, og så skal dei framstå med eit heilt anna andlet enn Frp. Det er ein spagat som ikkje alltid er like elegant eller vakker.

Det fekk vi ein god peikepinn på då Ap-leiar 
Jonas Gahr Støre sist veke vart intervjua av NRK og spurt om kvifor han no snakkar om «streng og rettferdig» innvandringsolitikk, medan han tidlegare sa «human og rettferdig». Svaret var: «Jeg kan godt si human til deg, men vi mener politikken må være streng og rettferdig».

LES MER: «Hadia Tajik er ikke et ikon for ateister», skriver Berit Aalborg

Klarar Tajik det?

Tajik sette ord på den uroa som er blant folk. Mange er urolege for at politikarane ikkje forstår eller ikkje evnar å løyse problem. Det er uro for at «endringane blir så store at det Norge vi er så glade i, forsvinn», som Tajik sa.

Ho sa at Noreg treng politikarar som «tek frykta på alvor». Det skal altså vere lov å kjenne på frykt og uro. Men politikarane skal ikkje spele på frykta, ifølgje Tajik.

Debatten om overgrepsskandalen i Tyskland illustrerer knipa. Somme i den norske debatten gjer det dei kan for å vise kor rabiat kvinnesyn arabiske menn har. Andre meiner arabiske menn er som andre menn kva kvinnesyn gjeld. Somme speler på frykta, andre tek ikkje frykta på alvor. Tajik­ må gjerne vise veg for å ta ei frykt på alvor utan å spele på den.

Diskutér saken i vårt debattforum – verdidebatt.no

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter