Kultur

Fornuftig melding om NRKs framtid

Kulturminister Thorhild Widvey la fram ei god stortingsmelding om allmennkringkasting og mediemangfald.

Thorhild Widvey har fått mykje kritikk sidan ho byrja som kulturminister. Seinast fekk ho gjennomgå for å mangle visjonar i filmpolitikken og for forslaget om at staten ikkje lenger skal drive Cinemateket i Oslo.

Stortingsmeldinga om allmennkringkasting og mediemangfald, som Widvey la fram fredag, verkar mykje betre tenkt og gjennomarbeidd. Kanskje kan ein seie at regjeringa gjer det enkelt for seg sjølv ved å utsetje spørsmålet om NRK-lisens og alternative finansieringsmodellar. Regjeringa set ned eit ekspertutval som skal sjå nærmare på dette spørsmålet.

Eit anna hovudpunkt er at NRK i endå større grad skal ha eit «sjølvstendig ansvar» for å sikre det norske mediemangfaldet. Kan det bli bukken som passar havresekken her? I det store og heile er likevel meldinga prega av fornuftige forslag og endringar.

LES MER: Eget utvalg skal vurdere mediemangfoldet

Forenkling

NRK-plakaten, som i fjor var ute på høyring, er forenkla, slik det passar seg for ein kulturminister frå Høgre. Plakaten er redusert frå 38 til tolv punkt som seier kva NRK skal vere på eit overordna plan. NRKs tilbod skal framleis spegle Noregs religiøse arv og mangfald av livssyn og religion i det norske samfunnet. Kravet om 25 prosent innhald på nynorsk står også fast.

Blant dei viktigaste endringane er at nye NRK-tenester i framtida skal ha ein hovudsakleg redaksjonell karakter. Det vil seie at NRK ikkje skal utvikle kommersielle ikkje-redaksjonelle tenester som kan finansiere samfunnsoppdraget. Nye tenester skal førehandsgodkjennast av Medietilsynet. NRK får derimot formidle den same typen innhald som kommersielle aktørar gjer, men skal «streve etter» å tilføre eit element av auka samfunnsverdi.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Reklamefri

Omfanget av sponsing blir avgrensa. Kulturministeren poengterte at NRK skal framstå som ein reklamefri stad. For min eigen del er dette ein av grunnane til at eg nesten berre ser på NRK når eg skrur på TV-en. Widvey vil også ha forbod mot reklame på nrk.no. Sjølv om NRK slutta med dette allereie i 2010, er det greitt å konkretisere det.

I ei tid der norsk språk er trua av engelsk, er det positivt at regjeringa aukar prosentkravet om norsk musikk på P1, P2 og P3 til 40 prosent. Mengda av norsk og norskspråkleg musikk i andre kanalar skal også aukast.

Regjeringa set ned eit mediemangfaldsutval som skal meisle ut staten sitt mål med mediemangfald. Mellom anna skal utvalet sjå korleis regjeringa best kan stimulere til dette. Der bør også pressestøtta vere eit sentralt moment. Eg tolkar Widveys lovprising av mediemangfald som eit godt signal.

NRK-meldinga er kanskje Widveys beste politiske handverk så langt. Så er ho då også NRKs generalforsamling. Her er ho på høgda.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur