Nyheter

Foreldre må sleppe barna

Når barn har ein betalande foreldreklasse bak seg, tek det lang tid å bli vaksen.

Alle foreldre vil det beste for barna sine. Difor har vi curlingforeldre som kostar vekk alle humpar og hindringar på vegen opp frå barneår til vaksenliv. Fleire i denne gruppa hyrer inn advokat når skulen ikkje opptrer slik ein ønskjer.

Det er snakk om «feil» karakterar eller «feil» straffereaksjonar.

Advokatforeningen har sett at foreldre er eit forretningsområde. Difor kan du lese dette på heimesida deira: «Du finner advokater med kompetanse på rettigheter i skolen på 'Finn advokat'».

I Foreldreutvalet for grunnutdanninga (FUG) ristar dei på hovudet. Til magasinet Utdanning seier FUG-leiaren at maktbalansen blir endra når foreldre­ møter skulen med advokat – og, legg Elisabeth Strengen Gundersen til: Ein advokat vil ikkje utan vidare betre dialogen.

LES KOMMENTAREN OM TORGEIR STENSRUD: Han døde hundre kilo lettere

Ho åtvarar mot advokatar, og minner om at det er flott at foreldre står på for barna, men dei må innsjå at skulen har ansvar for alle barna, ikkje berre deira.

Alle foreldre ønskjer at barna skal finne seg vel til rette i vaksenlivet. Difor har vi foreldre som aldri sluttar å opptre som barnas advokatar når avkommet skal realisere dei store draumane om å bli noko her i livet.

Ein som møter desse foreldreadvokatane stadig oftare, er Leif Ottesen Kennair, professor ved Psykologisk institutt på NTNU. Han fortel til NRK P3 at unge menn og kvinner søkjer seg mot studium det er vanskeleg å kome inn på.

Det er status å vere ein av dei som klarar det, seier professoren.

Følg oss på Facebook og Twitter!

På vegen mot det rette prestisjeyrket er karakterane livsviktige. Men ei utvikling får også NTNU-psykologen til å riste på hovudet: Foreldre er vel sterkt involverte i barnas studieliv.

Fleire finn det naudsynt å klage på karakterane barna får.

Kennair har forklaringa: Karakterklager er ein del av pakka. Foreldre betaler jo mykje meir for barna sine no, langt opp i studietida.

Men, seier psykologen, når unge veit at ein har ein betalande foreldreklasse bak seg tek det lang tid å bli vaksen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter