Nyheter

Folket er ikkje 
herskaren

Fleire tusen demonstrerte mot gjerdet 
i Ungarn. Andre ga mat til flyktningar.

Turen gjekk frå Brno i Tsjekkia til Austerrike via Budapest. Det var drepande varmt. Togstasjonen Keleti i den ungarske hovudstaden var stappfull av folk. Av ryggsekkturistar.

Av alle landa vi var innom på vår Europa-tur, var eg mest skeptisk til Ungarn. Omtrent det einaste eg visste om landet, var kven som styrte det. Og Victor Orban var ikkje ein godlyd i mine øyrer. Siste nytt hadde vore at han ville bygge ein mur mot Serbia, for å stoppe flyktningar som ville inn i landet.

Rett utanfor togstasjonen, ved inngangen til metroen, satt mange unge gutar, tilsynelatande ventande. Vi hadde lese mykje om flyktningane som flykta over Middelhavet. Men dette var før den såkalla Balkan-ruta vart kjend. Eg hugsa vi snakka om gutane som sat der. Kvar skulle dei, tru? Hadde dei det bra?

LES OGSÅ: Åtte flyktninger fra åtte land forteller sin historie

Seinare den kvelden gjekk vi bort til parlamentsbygninga i Budapest. Vi la merke til fire-fem unge, kanskje studentar, som held på å sette opp ein ­installasjon framfor det enorme bygget. Dei hadde to trestokkar, og noko som likna på netting. Ungarsk politi dukka plutseleg opp fleire stadar. Dei sto i grupper og såg mot studentane. Patruljerte rundt plassen. Vi spurde kva som skjedde, og studentane fortalde om ein demonstrasjon som skulle vere litt seinare. Dei skulle møtast ein annan plass i byen og gå mot parlamentet. Der skulle dei gå gjennom «gjerdet» som dei no bygde, bryte det ned. Ei symbolsk handling.

Litt seinare var fleire tusen samla på plassen. Det gjekk roleg føre seg. Appellar, song, plakatar. Vi skjønte ikkje eit ord av det som vart sagt, men det var ikkje så farleg. Vi skjønte nok.

Ikkje alle i Ungarn er imot gjerdet. Men når flyktningane venta i hopetal ved Keleti-stasjonen, fekk dei mat. Då dei byrja gå mot grensa til Austerrike, fekk dei vatn og tilbod om skyss. Og då gjerdet var ferdig og stengde vegen gjennom landet, sette frivillige opp ein prosjektor og viste «Tom&Jerry» til flyktningborna som venta på utsida.

Sjeldan har eg betre fått augene opp for at eit land og folket i det kan vere noko ganske anna enn dei som sit med makta.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter