Nyheter

Felles front mot jødehat

Åtte partileiarar er samde om at kampen mot jødehat er viktig. Det neste steget er å bli samde om konkrete tiltak.

Laurdag offentleggjorde 100 profilerte personar frå finans-, kultur- og samfunnsliv eit opprop: «Har vi et hjerte for våre jødiske landsmenn?» Spørsmålet er viktig.

Partileiarane fekk tre spørsmål: • Trur de at jødiske nordmenn kjenner seg verdsette og velkomne i eige land? • På kva måte kan antisemittiske holdningar i Norge bli kartlagt, forstått og nedkjempa? • Korleis kan vi på ein effektiv måte hindre at jødiske nordmenn blir stilte til ansvar for politikken til eit anna land?

LES OGSÅ: Støre samlet partilederne til opprop mot jødehets

Ap-leiar Jonas Gahr Støre fekk søndag føremiddag dei andre partileiarane med på eit felles svar i Aftenposten i går. Det var symbolsk svært viktig etter drap på jødar i Frankrike og Danmark. Dei åtte skreiv at dei saman tek ansvar for å handle.

Men dei svarte berre delvis på spørsmåla. Spørsmålet om korleis norske jødar skal sleppe å bli stilte til ansvar for politikken til eit anna land – les: Israel – gjekk dei like godt utanom. Dei som stod bak oppropet laurdag, understreka at dei er innbyrdes usamde om synet på israelsk politikk. Det er parti­leiarane også, men på ein travel søndag våga dei kanskje ikkje gje seg i kast med dette vepsebolet?

Følg oss på Facebook og Twitter!

Spørsmål 2 handla om å kartleggje og nedkjempe antisemittismen. Vi har rikeleg kunnskap, ikkje minst gjennom undersøkelsen til HL-senteret frå 2012. Vi manglar handfast kunnskap om utbreiing av antisemittismen i minoritetsgrupper, som den muslimske. Vi får håpe at HL-senteret klarar å skaffe fram slik kunnskap i ein planlagt oppfølgjar.

Men dei åtte partileiarane har i grunnen inga ­orsaking for ikkje å ha vore meir offensive i tiltaka. Dei viser til ein handlingsplan som er til handsaming i Stortinget. Dette er eit forslag KrF har komme med i fleire rundar, utan gjennomslag. KrF vil mellom anna ha markering av den internasjonale Holocaust-dagen 27. januar i alle skular og sterkare vektlegging av kampen mot jødehat i lærarutdanninga. Med utspelet søndag er dei åtte partileiarane no plikta til å vedta konkrete tiltak.

Diskuter på Verdidebatt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter