Bøker

Etterlatne skrifter

Det er viktig å snakke vidare om Pål Norheim og Jon Michelet.

I går kveld blei det sjette og siste bandet i Jon Michelet En sjøens helt-serie, Krigerens hjemkomst, lansert på Vippetangen i hovudstaden. På programmet stod både shantys og sjømannsgryte, som det høver seg under feiringa av eit maritimt storverk.

Mannen bak verket var derimot ikkje til stades. Jon Michelet døydde tidlegare i år. Han rakk så vidt å skrive den store romanserien om krigssiglarane ferdig. Dei siste handskrivne sidene leverte han berre ei veke før han døydde – ein kraftprestasjon.

Den avsluttande boka følgjer «skogsmatrosen» Halvor Skramstad heilt fram mot sine siste levedagar. Her finst mellom anna innslag av kjærleikens økumenikk – eit tverrkyrkjeleg ekteskap som kan komme til å bli redninga for ein desillusjonert krigssiglar i den vanskelege tida etter heimkomsten. Skramstad blir ikkje blir møtt med den same kjærleiken av det norske statsreieriet Nortraship.

Det er alltid spesielt å lese eit verk som kjem ut etter at opphavsmannen er død. Posthume, eller etterlatne, skrifter har ein viss aura over seg, samtidig som lesaren gjerne leitar litt ekstra etter symbolikk som peiker tilbake til forfattaren som gjekk bort. Såleis er det særleg sterkt å lese avslutningsscena i Jon Michelets posthume roman. Eg skal ikkje gjengi scena her, men to ord skal få klinge med når vi les Michelets litterære finale og minnest den heidersmannen han var: Bon voyage!

Ein annan forfattar det er grunn til både å lese og å minnast, er Pål Norheim, som døydde i fjor. Norheim, som i stiltone ligg langt frå Jon Michelet, hadde den same openheita og nyfikna overfor verda. Og han var bereist – både i litteraturen og geografien. Ein typisk Pål Norheim-tekst kan springe mellom Hammerfest og Addis Abeba på uanstrengt og slentrande, men samtidig også pregnant og innlysande vis.

Pål Norheim vaks opp som misjonærbarn i Etiopia, ei erfaring han også kunne lage god litteratur av. I den posthuma Pål Norheim-boka som nyleg kom ut, Gutterommet og verden, finst det ein tekst med utgangspunkt i misjonærbarntida. I staden for å gjere erfaringsbakgrunnen til noko særskilt uvanleg eller ekstraordinært, går Norheim inn i teksten med ein tanke om at oppvekståra hans var heilt normale. Dei færraste av oss opplever vår eigen oppvekst som spesiell, eksotisk eller spennande – anten ein veks opp i ein norsk småby, eit palass, eit telt i ørkenen eller i storbyslummen.

Med relativt få setningar teiknar han opp eit misjonshistorisk paradoks, slik han antyder at den etiopiske keisaren Haile Selassie brukte norske misjonærar som instrument i sin eigen politiske strategi. Misjonærane fekk fritt leide sør i landet, der Selassie ikkje ønskte auka påverknad frå islam, mot at dei bygde ein skule og eit sjukehus kvar stad dei bygde ein misjonsstasjon – og såleis bidrog til modernisering av landet.

Dette er misjonshistorie med eit annleis innanfråblikk – både ertelystent, elegant og interessant.

Norheims tekstar er i dette tilfellet ikkje henta frå dei diskusjonsdrivande oppdateringane hans på Facebook, men er ei samling tekstar som først var skrivne for ulike publikasjonar, aviser og tidsskrift. Fleire av dei har tematikk relatert til tragedien den 22. juli 2011, som det sterke essayet «Hvem stakk av med arvesølvet?» frå Vagant 4/2011.

Gutterommet og verden er den andre posthume utgivinga etter Pål Norheims død, den første var Oppdateringer 2. Både Norheims og Michelets bøker lever vidare. Litteraturen har nedfelt stemmene deira, og vi kan samtale vidare gjennom dei.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker