Kultur

Etisk 
intelligens

Telenor, Sintef og NTN startar
forskingslab for kunstig intelligens. 
Der må etikken stå heilt sentralt.

Går det an å programmere ein robot til å gjere gode etiske val? Forskinga på kunstig intelligens kjem stadig lengre, og i pakt med dei teknologiske framstega står menneskeheita framfor store etiske utfordringar. Eit klassisk skrekkscenario er at forskarane utviklar ein kunstig intelligens som finn det for godt å urydde heile menneskeslekta – eit mykje brukt utgangspunkt for katastrofefilmar. Eit relativt ferskt døme har vi i den amerikanske ungdomsserien The 100, der ein flokk ungdommar kjempar febrilsk mot den kunstige intelligensen A.L.I.E.s gryande verdsherredøme.

Den faktiske forskinga på kunstig intelligens er framleis nokre kvantesprang unna Hollywoods kreative innovasjonar. Samtidig er det ingen grunn til å plassere etikken som ein nisse bakarst på lasset. Vi treng ikkje å gå lengre enn nokre månader
 attende for å illustrere eitt 
aspekt av problemet: Microsofts kunstige intelligens Tay var programmert til å lære av menneskeleg nettkommunikasjon. Berre 16 timar etter lanseringa i mars blei Tay trekt attende, eller å ha gått av hengslene på Twitter med konspirasjonsteoriar, hate-fulle utsegner om feministar («I fucking hate feminists and they should all die and burn in hell»), rosande ord om Hitler og omtale
 av Barack Obama som ein apekatt.

LES OGSÅ: Denne roboten er laget for å gjøre deg glad. Kan den erstatte mennesker?

Skal ein kunstig intelligens kunne elske eit 
menneske, eller tru på Gud? Har vi ikkje då kryssa grensa av overmot for lengst?

Alf Kjetil Walgermo

Risiko

Kunne vi programmert Tay til å forstå at slike utsegner er etisk klanderverdige? Kanskje. Men episoden minner oss om at det er ein risiko for at ting går gale når maskiner skal lære å oppføre seg som folk. Når både menneske og maskin kan gå rett inn i rolla som nettroll, kva blir då det neste maskinene fangar opp? Kan dei i framtida finne på å gjere ord til handling?

I dag finst det så vidt eg veit ingen gode algoritmar for innlæring av moral. Slik finst ikkje eingong for menneska, vil nokon hevde. Det finst dessutan mange måtar å handle etisk på. Kanskje vil ein variant av Immanuel
Kants pliktetikk vere mogleg å programmere inn i ei maskin. Men kva viss konsekvensane av maskina si pliktetiske handling risikerer å bli fatale? Er det mogleg å lære maskina sunn fornuft?

KOMMENTAR: Hvem holder roboten i ørene?

Ny forskingslab

Nyleg kunne Telenor, Sintef og NTN melde 
at dei skal samarbeide om ein ny forskingslab for kunstig 
intelligens. Der må etikken vere ein grunnleggande komponent. For det første må forskinga følgje etiske køyrereglar. Eit sett av generelle reglar finst nedfelt i dei forskingsetiske retnings-
linjene som er utarbeidd av NENT, Den nasjonale forskningsetiske 
komité for naturvitenskap og teknologi. Eg skulle likevel ønskje
 at leiinga for den nye laben kunne
opplyse offentlegheita om dei etiske prinsippa dei legg til grunn for forsking på kunstig intelligens.

LES OGSÅ: Lærevillig teknologi

Empati

For det andre bør 
utvikling av etisk intelligens stå høgt på agendaen. Ein av dei store
bøygane ved kunstig intelligens er innlæring av menneskelege eigenskapar som empati, for ikkje å seie evna til tru, håp og kjærleik. Forskinga vil nok neppe
nå så langt i vår levetid, men dess nærmare forskarane kjem, dess meir presserande spørsmål vil trenge seg på. I siste instans: Skal ein kunstig intelligens kunne
 elske eit menneske, eller tru på Gud? Har vi ikkje då kryssa grensa
av overmot for lengst?

VERDIDEBATT: La oss ta imot robotene med åpne armer

Ingen partykiller

Etikk må vere eit kjernepunkt i kunstig 
intelligens-forskinga både av konservative og progressive grunnar. Etikk er ikkje ein partykillar som dempar entusiasmen til forskarane, men tvert om ein nødvendig føresetnad for å kunne 
forsvare vidare forsking. Eg 
håper og reknar med at norske folkevalde i aukande grad vil 
følgje kunstig intelligens-forskinga tett. Vi må stille omfattande krav til etikken på eit så eksistensielt felt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur