Bøker

Etikk i litteraturen

Nobelprisen i litteratur går til den som har skrive det mest utmerkte i «idealisk riktning». Kunne Vigdis Hjorth fått prisen?

Det er sjeldan det blir like stor temperatur i den norske litteraturdebatten som i førre veke. Rett før årets kåring av nobelprisvinnaren i litteratur, noko som truleg skjer på torsdag, har vi gått så mange rundar i bokseringen at geipen heng svakt nedover på dei fleste av oss. For har vi ikkje høyrt det før, det evinnelege maset om verkelegheit i skjønnlitteraturen? Agnar Mykle og Karl Ove Knausgård utgjer toppen av ei liste mørkare enn dei inste krokane i ei dårleg opplyst bokhylle. No skal også Vigdis Hjorth få svare for seg. Forfattarane burde vel snart ha lært at bruk av levande modellar er problematisk? For ikkje å snakke om døde modellar, som ikkje kan ta til motmæle?

Vepsebol

Aftenpostens ­Ingunn Økland stakk handa i eit vepsebol då ho i ein kommentar peikte på kunsten som storforbrukar av levande menneske. Under tittelen «Litteraturen er på villspor» langa ho ut mot ein ­«pikant» bruk av ­levande ­modellar hjå forfattarar som fråtsar i sjølvbiografiske familiekonflikter og leverer ut psykiske lidingar hjå andre menneske. Økland konkluderte med at verken juss eller etiske regelverk er eigna til å sette ein stoppar for det ho oppfattar som ein snart utrangert tendens; derimot ventar ho på at forfattarstanden sjølv skal skifte retning.

LES OGSÅ: Romanen Arv og miljø er både nådeløs og lysende

Motbør

Innlegget blei heftig delt på Aftenpostens kjære Facebook – der det også fekk mykje motbør. Og debatten skrudde seg til endå nokre hakk då Aftenpostens kulturredaksjon smelte til med ein slags gravande journalistikk som skulle dokumentere at bokaktuelle Vigdis Hjorth kastar eit lys av mistanke over sin eigen avdøde far. Romanen Arv og miljø handlar om ei kvinne som er blitt utsett for incest som barn. Aftenposten kunne fortelje­ at hovudpersonen i ­romanen deler mange kjenneteikn med Vigdis Hjorth sjølv, i tillegg til at farsportrettet i romanen har henta detaljar frå gravferda til Hjorths verkelege far.

Fleire kritikarar har peikt på det klanderverdige ved denne journalistiske metoden, som truleg var meint å skulle avsløre­ det klanderverdige ved Vigdis Hjorths litterære metode. Som kulturredaktør i Dagsavisen, Mode Steinkjer, sa det: Her grev Aftenposten berre si eiga grav.

Spørsmålet er i neste omgang om Aftenposten står igjen utan ei kvar ære i denne saka, eller om dei makta å reise ein prinsipiell debatt. Bruken av levande modellar i skjønnlitteraturen er slett ikkje uproblematisk. Du kan gjere testen på deg sjølv: Ville du likt å bli framstilt som ein komplett idiot i ein roman av ein av Norges beste forfattarar, anten med fullt namn eller lettare fiksjonalisert? Neppe. Og dersom du i utgangspunktet skulle ha sjelefred med denne typen litterær eksponering, er det ikkje like sikkert at du framleis smiler om forfattaren tillegg romanfiguren «din» eit moralsk klanderverdig val, for ikkje å seie eit lovbrot.

LES OGSÅ: Kultureliten har fått etisk og politisk pondus

Stor makt

Forfattarar skriv med fridom under ansvar og har faktisk stor makt, noko det ikkje alltid er like lett å ta innover seg. Dei har makt på same måte som journalistar og kommentatorar har makt, til å forme ein opinion, til å bygge opp og rive ned. Ein vanheilag allianse mellom desse dukkar i særleg grad opp når fiksjonsforfattaren sel inn sjølvbiografiske element til journalisten for å skaffe blest om verket. Det treng i utgangspunktet ikkje vere forfattaren sin feil, og kanskje heller ikkje journalisten. Men det finst etiske fordringar for alle partar, i eit strukturelt system som har dyrka fram ein temmeleg rå verkelegheits-
hunger i norsk offentlegheit.

Symptom

Det er ikkje lenger nok å skrive ein låt eller ein r­oman. Eit merkeleg krav om ­autentisitet synest å følgje den offentlege mottakinga av verket: Kor mykje av dette har du sjølv opplevd, eigentleg?

Kanskje er biografikravet eit symptom på vår tids offentlegheit på sosiale medier. Vi er blitt meistrar på sjølviscenesetting, samtidig som vi er blitt eit samfunn av kikkarar. Gi meg noko personleg/privat, elles gidd eg ikkje å bruke tid på deg! Litteraturen er verkeleg på villspor dersom vi innrettar han etter slike krav.

LES OGSÅ: Krimfortellinger fra virkeligheten utfordrer både rettssystemet og seernes kritiske sans

Etisk kritikk

Ein tekst har alltid ei etisk side. For tre år sidan peika eg i ein kommentar her i avisa på ein tendens til at etiske problemstillingar blir skuven i bakgrunnen dersom den estetiske kvaliteten i verket er høg. Motsett blir den etiske kritikken skarpare når kritikarane meiner at det estetiske ikkje held mål.

Det same har forfattaren og ­litteraturkritikaren Kristian Wikborg Wiese nyleg vist i ei masteroppgåve i litteraturformidling ved Universitetet i Oslo; han såg på mottakinga av ­Leonard Ibsens Jar, Merethe Lindstrøms Fra vinterarkivene og Linn Ullmanns De urolige. Litteraturprofessor Erik Bjerck ­ Hagen ved Universitetet i Bergen tok ein normativ inngang i den omtalte Aftenposten-artikkelen i førre veke – høg litterær kvalitet unnskylder mykje: «Faller det igjennom kvalitetsmessig, er forfatteren mer ute å kjøre.»

LES OGSÅ: Den etiske kritikken blir skarpare når kritikarane meiner det estetiske ikkje held mål.

Hjorths favør

I Knausgårds Min kamp balanserte det estetiske nivået mellom det høge og det låge, og skapte såleis eit ope rom for etisk debatt. Kvifor blir det endå ein gong hjorthejakt? Sist var det plagiering ho var skulda for, denne gongen for å blande inn røynda i ein roman. Debatten har vippa nokså raskt i Hjorths favør, uansett kor uklår ho var om det sjølvbiografiske aspektet i Aftenpostens lanseringsintervju.

Samtidig ventar verda på neste­ nobelprisvinnar. Kriteriet om «idealisk riktning» blir tolka så vidt at det i praksis er estetiske meir enn etiske krav som ligg til grunn for prisen.

Kunne Vigdis Hjorth fått ­prisen? Definitivt. Men den norske favoritten heiter Jon Fosse. Han seier som filosofen Wittgenstein: Etikk og estetikk er det same.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker