Bøker

Eit nytt blikk på vår eiga jord

Er dei populære, naturvitskaplege ­bøkene vår nye kallslitteratur?

For 55 millionar år sidan begynte maur i regn­skogen i Colombia å dyrke sopp.

Kva for eit mysterium ligg skjult for oss her?

«Bladskjærermaurenes samfunn er det nest mest komplekse samfunnet på jorda, etter menneskenes samfunn», skriv Hanna Nyborg Støstad i boka Eventyrlig evolusjon.

Håkjerring og sopp

Boka kom ut denne veka, og i ho kan du lese om korleis det store mangfaldet i naturen på kloden vår har blitt forma av evolusjon. Boka er full av historier som ho om bladskjærermauren. Samtidig kom òg boka Laks – en biografi, skrive av Lars Kvamme. Og veka før der kom Sjøfuglens skrik av Adam Nicolson, og her i avisa hadde vi eit intervju med Patrik Svensson om hans bok om ålar, Åleevangeliet.

I mykje av sakprosaen ser vi no ei større merksemd mot det konkrete, det handfaste. Helst noko vi alltid har visst er der, men som vi aldri har undra oss særleg over. Morten Strøksnes fekk i 2015 suksess med Havboka, som handla om håkjerringa. Da eg fortalte til barna mine at i havet utanfor Noreg sym ein hai som kan bli over sju meter lang og vege over eitt tonn, vart augo deira store som tinntallerkenar.

På same måte vart eg bergtatt da min eldste son kom heim frå skolen og fortalte meg at soppar kan ha røter som er kilometerlange.

Kvar enkel art

Det dukkar stadig opp bøker som tek utgangspunkt i den nære naturen vår. Gjennom å vise oss alt vi ikkje veit om livet som finst omkring oss, gir desse bøkene oss eit nytt blikk på vår eigen planet. Dette virvaret av mysterium og av kunnskap rører oss ekstra sterkt i dag, når så mykje av det står i fare for å bli borte.

For den eventyrlege evolusjonen som Nyborg Støstad skriv om, peiker òg fram mot den utviklinga vi sjølv står for. Dei menneskeskapte klimaendringane er i ferd med å feie bort dei store mysteria vi har kring oss. Biene i hagen, fuglane i trea, sommarfuglane i blomsterenga, fiskane i vatnet, og blomane i vegkanten, blir færre. Kanskje viser den auka populariteten til bøker som er så konkrete at dei handlar om ein art, at vi ønskjer å bry oss. Når vi forstår kor unik ein maur eller ein ål er, så forstår vi òg kor innfløkt og einskild kvar enkel art er.

Da tek vi inn over oss trusselen når artar blir raudlista.

Ei trøyst og eit kall

«Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til, verda og dei som bur der, er hans.», står det i Salmane 24,1. Det ligg ei stor sorg i å kjenne på at delar av skaparverket blir utrydda av vår modernitet, av vårt levesett. På same vis er det ein trøyst og eit kall i å lese om mysteria som er kring oss. Kanskje er bøker som handlar om dette vår nye kallslitteratur?

LES MER: Anmeldelse av teateroppsetninga av Havboka: Profetisk rop fra havets bunn

LEST DENNE? Verdas mest gåtefulle fisk døyr ut. ­Patrik Svensson skriv om kva ålen kan fortelje oss

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker