Nyheter

Eit anna Israel

Det finst eit anna Israel enn det 
urovekkjande konfliktfylte. Landet 
er også eit økonomisk mirakel.

For nokre dagar sidan fekk eg epost frå ein ven av Israel. Han skreiv at det positive synet hans på landet bygde på eit opphald på kibbutz for fleire tiår sidan. Han la til at mykje sikkert har endra seg.

Det er sikkert. Sidsel Wold fekk også sitt sterke ungdomsinntrykk av Israel forma på kibbutz. Men den svært Israel-kritiske boka hennar – Landet som lovet alt – minner, utan samanlikning elles, om Levi Fragells harde oppgjer med kristendommen han sjølv ein gong stod for – i boka Vi som elsket Jesus.

Innsendaren har framleis «barnetrua» på Israel i orden. Wold dreg opp alt som uroar og sukkar over at det landet ho ein gong elska, er i ferd med å gå tapt.

Konflikt

Mediabiletet er sterkt prega av konfliktar internt og i møte med palestinarane. Her er det mykje å uroe seg over. Men når det massive mediatrykket er så strekt prega av konfliktar, blir også mange vesentlege historier om landet ikkje fortalde. Det finst mange som arbeider for for­soning i Israel og blant palestin­arane, som til dømes Musahala, som i årevis har bygt bruer mellom muslimske og kristne leiarar i Betlehem-området.

LES ANMELDELSEN AV ERLING RIMEHAUGS MIDTØSTEN-BOK: «En viktig bok om å være venner med begge sider»

I Minerva har Mats A. Kirkebirkeland prøvd å fortelje ei anna historie om landet Israel: om det økonomiske og multietniske 
mirakelet.

Israel er ikkje berre det religiøst dominerte og konfliktfylte Jerusalem og den ultraliberale­ byen Tel Aviv. Israel er også Haifa­ – industri- og teknologibyen med det Unesco-verna Karmelfjellet like over. Trass i små avstandar er det få journalistar som dreg dit for å fortelje om det etniske samlivet og dei gigantiske forskingsmiljøa. I biletet av Israel har det bygt seg opp også andre murar enn den fysiske.

LES MER: Overlevde krigen som jøde i Norge, men valgte Israel som fedreland

Kristne arabarar

Det bur ein million menneske i Haifa-området. Kvar fjerde er arabar, mot kvar femte i Israel under eitt. Medan kristne utgjer ni prosent av dei arabiske innbyggjarane i heile Israel, bur sju av ti kristne israelske arabarar i Nord-Israel. I Haifa bur det fleire kristne enn muslimske arabarar. Store delar av den drusiske minoriteten bur i Haifa og resten av Nord-Israel.

Det er «eit anna» land der nord. Også fordi det er fleire seku­lære jødar i Haifa enn i Israel­ elles og med det færre ultra­ortodokse. Konfliktfritt er det slett ikkje. Men Kirkebirkeland hentar fram trua på at det multietniske 
og multireligiøse Haifa er eit mogeleg framtidsbilete av landet der jødar og arabarar kan leve saman i relativ fred og harmoni. Om det er realistisk veit vi ikkje. Men å forfelje historier frå andre stader enn Jerusalem og Vestbreidda kan hjelpe oss til å forme andre framtidsbilete enn dei vi får når vi ser soldatar på sjekkpunkt, settlarar med våpen­ og ultraortodokse jødar i Mea Shearim i Jerusalem.

Haifa er viktig av ein heilt ­annan grunn. Av mange anerkjende universitet i Israel har Haifa det eldste og viktigaste: Technion har utdanna tre av fire ingeniørar i Israel. Svært mange nystarta teknologiverksemder har bakgrunn frå dette universitetet. Universitetet i Haifa er også viktig. Og like ved Technion finn vi Israels eldste og største teknologipark der globale gigantar har etablert forskingssenter.

LES MER: «Å gå med palestinaskjerf er mote - men verden er neppe klar for synagogemote», skriver Suzanne Aabel

Meir på forsking

Israel brukar langt meir på forsking enn Noreg – fire prosent av BNP. «Verdas­ ­rikaste land» brukar godt ­under to prosent. Googles styreleiar Eric Schmidt uttalte i 2012 at Israel er verdas viktigaste høgteknologiske senter utanfor USA. Landet har også ein høgare­ økonomisk vekst enn gjennomsnittet av alle OECD-land. Ein viktig grunn til den ­sivile fors­kingssuksessen er sjølvsagt krigsindustrien – ei positiv oppside av krigsmakta.

Det høge fødselstalet blant dei ultraortdokse kan også få negative følgjer for økonomien, sidan mange av dei ønskjer å vie livet sitt til religiøse studiar. Gjeldsgraden til Israel er veksande. Men like fullt er det meir å sjå enn depresjon. Landet har til dømes, trass i mange feilskjer, makta å integrere millionar av innvandrarar.

«Hadde Israel vært en helt annen nasjon – et helt annet sted i verden – hadde interessen for å lære mer av det israelske mirakelet vært større», skriv Kirkebirkeland.

Det er all grunn til å kjempe for fred, også for Israels eiga skuld. Men landet har kunnskap vi kunne trengt og varer som ikkje er produserte på Vestbreidda.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter