Til jul fekk eg boka til tidlegare visepresident Joe Biden, Promise Me Dad, som han gav ut i 2017. I motsetning til mange andre sjølvbiografiar er den korkje lang eller proppfull av namn på personar og stadar eg mest sannsynleg aldri vil høyre om igjen. Tvert i mot er det ei velskriven bok, ei bok som vekslar mellom det personlege og politiske på ein saumlaus måte. Viktigast er det likevel at boka har overtydd meg meir enn noko anna om at Joe Biden ikkje burde bli den 46. presidenten i USA.

Familietragedie

Kanskje er det ein rar konklusjon å kome med etter å ha lese ei bok som aller mest handlar om ein familietragedie. Bortsett frå hovudpersonen sjølv er det sonen, Beau Biden, som står i sentrum. I 2015 fekk han og resten av familien beskjeden om at han var sjuk med uhelbredeleg kreft. Svulsten på hjernen var av det mest alvorlege slaget. Medan Beau Biden gjennomgjekk behandling og operasjonar, reiste Joe Biden verda rundt som visepresident.

Gjennom tragediane som blir skildra, og gjennom sitat frå møte med verdsleiarar, president Barack Obama og amerikanske innbyggjarar er det lett å sjå at Joe Biden ikkje berre ser på seg sjølv som ein vanleg politikar som vil bli president. Skal ein tru på nokre av dei mest svulstige skildringane er han tvert i mot ein reddande engel. Ein person som kjem inn og betrar situasjonen, om det er ved å trøyste eigen familie, støtte etterlatne familiar etter politidrap i New York eller bøte opp for den «mislukka» framferda til Angela Merkel i Ukraina-konflikten. Biden reddar dagen, og no skal han gjere det igjen.

Ultimat ufordring

Donald Trump er den ultimate utfordringa for den tidlegare visepresidenten. Biden fortel i annonseringsvideoen sin at den augeblinken Donald Trump gjekk ut og likestilte partane etter tragedien i Charlottsville i august 2017, i den augeblinken forstod han at trugselen USA stod overfor var den største han hadde sett. Han kallar det «ein kamp om nasjonens sjeler». I følge Biden er det berre han som kan redde USA. Han er den demokratiske presidentkandidaten som har størst sjanse til å slå populismen og nasjonalismen tilbake og reise opp att den amerikanske draumen.

Leiar klart

Skal ein tru meiningsmålingane er den demokratiske veljargruppa i USA samde. Biden leiar klart framfor Bernie Sandners og Elizabeth Warren, til og med etter to mildt sagt svake debattar. Det store problemet ser ut til å vere at Biden i langt mindre grad enn dei andre ser at USA har endra seg sidan Donald Trump vart president. I følge han blir dei fire åra med Trump bakgrunnsstøy. Om berre Biden får makta i 2020 kan han i følge seg sjølv viske ut effektane av ein president som har legitimert rasistiske utsegn og ikkje ser ut til å forstå korleis demokratiske system fungerer.

Medan demokratane og republikanarane før var like opptekne av at presidenten måtte vere truverdig, har talet no gått ned med tjue prosentpoeng blant republikanarar, i følge Washington Post-journalist Glenn Kessler. Om Biden handsamar slike slåande endringar som eit lite avvik i historia, klarer han ikkje å redde USA. Han må forstå kva krefter som har blitt vekka under Trump, og han må forstå at sjølv ikkje tidelgare visepresident Joe Biden kan fikse framveksten av slike haldningar med berre eit fingerknips.

Noko nytt

I tillegg representerer Biden for mange fortida og ikkje framtida. Alexandria Ocasio-Cortez, Bernie Sanders og andre på venstresida i det demokratiske partiet har truleg for radikale løysingar for mange demokratiske veljarar, men ein ting har dei rett i: USA vil ha noko nytt. Kampen mot Donald Trump kan ikkje vinnast med å gå tilbake til det same gamle. Biden kan ikkje vinne valet ved å ta æra for Obama sine sigrar. Han må vise vilje til å skape noko nytt. For mange veljarar var valet av Trump som president eit rop om noko nytt. Det same ropet kom fleire demokratiske kandidatar til gode i mellomvalet i 2018. Joe Biden var senator i nesten førti år og er ein del av systemet veljarane ønsker å røske opp i.

Optimismen til Biden er prisverdig. Dei fleste skulle vel ønske at dei kunne tru på at USA under Trump blir ein parentes i den politiske historia. Dessverre fungerer ikkje ønsketenking. Biden kan ikkje redde USA frå krefter han sjølv ikkje ser ut til å forstå. Amerikansk politikk har forandra seg sidan Biden vart visepresident, og innser han ikkje dette kan det fort bli åtte år med Trump som må demmast opp for seinare.