Bøker

Ein munn full av blod

Toni Morrison viser korleis slaveriet og rasismen er ein del av språket og blikket vårt.

Ei av dei store, amerikanske forfattarane, Toni Morrison (1931-2019), gjekk denne veka bort. Forfattaren frå Ohio i USA var den første svarte kvinna som fekk Nobelprisen i litteratur, og er framleis den einaste. Da ho fekk prisen i 1993, sa ho i eit intervju: «I felt representative, I felt American, I felt Ohioan, I felt blacker than ever. I felt more woman than ever.»

Moderne klassikar

Morrison debuterte i 1970 med De blåeste øyne (på norsk i 1994), og følgde opp med romanen Sula i 1973 (på norsk i 1995). Gjennombrotet hennar som forfattar kom med Sangen om Salomon i 1977 (på norsk i 1979), ei bok som følgjer livet til Macon Dead III, ein svart mann i ein by i Michigan i USA, og familien hans.

Det er ein underleg og mystisk roman, som verken har mista sin litterære kraft eller aktualitet. Sjølv om Sangen om Salomon var prisvinnande da den kom ut, og blir sett på ein moderne klassikar, er den framleis omdiskutert. Så seint som i 2010 vart boka forboden, og igjen tillaten, på ein skole i USA.

LES MER: Toni Morrison er død

Ringverknadane av slaveriet

Av alle bøkene som skulle følgje, er det særleg Elskede (1987, på norsk i 1988) Morrison er kjend for. Det er ei av dei sterkaste, og beste, bøkene eg har lese, og er skremmande og mektig i skildringa av det amerikanske slaveriet. Men det er òg ei bok om hjarteskjerande kjærleik. Romanen følgjer den tidlegare slaven Sethe, som bur i eit hus heimsøkt av den døde dottera hennar. Kva skjedde da Sethe flykta frå farmen Sweet Home, og kva skjedde med dottera hennar?

Elskede viser, som Sangen om Salomon, at Morrison var ein forfattar som saumlaust sydde saman det realistiske med det fantastiske og mystiske. Men det er òg ein roman som til fulle viser korleis slaveriet, og ringverknadane det framleis har, er ein del av språket og blikket vårt, ein del av vår kollektive historie.

Ein munn full av blod

Med det kan ein seie at Morrison aldri har vore meir aktuell og nødvendig enn akkurat no. I eit USA og eit Vesten der framandfrykt er på frammarsj, og der president Trump er sparsam med å fordømme rasisme, er bøkene til Morrison som plaster på verkande sår.

Den siste boka hennar, Mouth Full of Blood, kom ut i vår, og vår kritikar skreiv her i Vårt Land at denne samlinga av talar og essays viser korleis kunsten gjer det mogleg å førestille seg ei annan framtid. Men også dette er vanskeleg, for som Morrison skriv i ein tekst adressert til dei som mista livet i terroråtaket den 11. september 2001: «Å snakke til dei knuste og dei døde er for vanskeleg for ein munn full av blod.»

Det einaste Morrison kan, er å innsjå at det ikkje er noko ho kan seie eller gjere, anna enn å kaste ei line mellom det menneskelege i dei og det menneskelege i henne.

LEST DENNE? En ny samling fra Toni Morrison viser hvordan kunst gjør det mulig å forestille seg en annen framtid

Erobring av språket

I minneordet for Toni Morrison i The Guardian, skriv den nigerianske forfattaren Chigozie Obioma at han er djupt inspirert av Morrison. Obioma nemner at han som forfattar frå ein tidlegare koloni no sjølv skriv på engelsk, det har blitt språket hans. Derfor har han òg måtte finne måtar å undertrykke og erobre språket på. «Ein del av denne erobringa er å ikkje berre skrive på engelsk slik vi ønskjer, men også kva vi ønskjer. Dette var akkurat det Toni Morrison gjorde gjennom heile livet sitt.»

Obioma skriv korleis Morrison skapte eit rom for historier og erfaringar som elles ikkje blir fortalde, lesne eller høyrde i verda.

Det viser kva for ein stor arv Morrison har lagt igjen til oss.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker