Nyheter

Eg må byte 
identitet

Storkoalisjonen er samd. Mange ­nordmenn må 
skifte identitet.

Først høyrdes det ut som om Arbeidarpartiet ikkje var for det dei har vedteke: Norge må få færre kommunar – og ein må bruke makt om ikkje folket vel det sjølve.

Så blei det klart; Ap er for samanslåing, akkurat som Høgre – med sentralmakt om det er naudsynt.

Utfordringa er å få folk til å gje slepp på identitet som er bygd opp gjennom generasjonar. La meg ta eit døme:

LES MER: «Den gangen var det få som ropte 'Erne er stjerna!'»

Døl

Eg er setesdøl (sjølv om eg har budd over halve livet i hovudstaden).

Men mest av alt er eg bjåar; ein frå fjellbygda Bjåen, øvst i Setesdal, som ligg i Aust-­Agder, altså er eg også egde.

Mange politiske kommunearkitektar vil lage ein storkommune i Setesdal; ein 16 mil lang kommune frå Bjåen i nord til Evje og Hornnes i sør.

Men vil alle berre bli setesdølar? Skal ingen vere byklarar, valldølar eller byglendingar?

Her ligg kimen til ein av dei store stridane i oppryddinga på kommunekartet. Kva identitet skal folk få i dei nye storkommunane?

Følg oss på Facebook og Twitter!

Verdiskaparar

I Europa utanfor EFTA er og har ein vore opptatt av regionar. Spør ein herre frå Piemonte om han er italienar, og du får til svar at ja, han heiar på dei blåkledde når det stundar til VM og EM i fotball, elles er han piemontar.

Men unntak av vestlendingen som stolt forkynner at ho bur i den delen av Norge som skaper dei største verdiane – og nordlendingen som like stolt forkynner at han bur i landsdelen der bannskapen rår – er det lite regionidentitet i Norge.

Vi bind oss til bygda eller byen vi bur i – eller kjem frå. Og når mange små kommunesentra skal sanerast til fordel for eit nytt stort, opplever mange at det går på identiteten laus.

Osloensar

Sjå berre på Oslo. Innfødde frå hovudstaden manglar den etniske identiteten. Ingen kallar seg osloensar. Sjølv ikkje Jonas Gahr Støre. Men makt vil han bruke.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter