Bøker

Den vonde litteraturen

Med åtaket på moskeen i Bærum har vi fått nok eit eksempel på terroristar som hentar inspirasjon frå litteratur.

Ytre høgre har fått enda eit ansikt for terror og vald. Igjen er det ein ung mann som står bak ei terrorhandling, og igjen er det eitt enkelt individ som er blitt heia fram og fått mot og støtte frå eit fellesskap. Men det verkar òg som terrorsikta Philip Manshaus er nok eit eksempel på valdsmenn som har lest sin litteratur.

Til tastaturet

På tysdag skreiv Vårt Land om korleis han henta inspirasjon frå diverse nettforum. Didrik Søderlind, rådgjevar i Human–Etisk Forbund, har trekt fram den nynazistiske boka Iron Gates som eitt eksempel på verk som blir lest i nettforuma. Søderlind seier boka er noko av det grovaste innhaldet som blir delt på forumet. Det har òg komme fram at Manshaus sat på biblioteket og leste Bibelen. I eit eldre intervju på Framtida.no, frå da han var 17 år og var med i eit bokprosjekt i skolen, seier Manshaus: – Elevane må få eit breiare utval av litteratur.

Ser vi til terroristen bak åtaket på moskeen i New Zealand i mars i år, og vår eigen Anders Behring Breivik, tok dei begge til tastaturet og skreiv manifest. I tillegg til terroren, prøvde dei å bruke eit litterært språk for å formidle sitt hat og sitt valdelege engasjement. Begge viste til mengder med litteratur. Det er ikkje tilfeldig.

LES MER: «Høyreekstreme terrorister springer ut av et høyst virksomt og reelt fellesskap»

Antikken som klubbe

Og det treng ikkje alltid vere ei vulgær, nynazistisk bok. Den amerikanske forfattaren og antikkforskaren Donna Zuckerberg fortalte til Vårt Land tidlegare i vinter korleis ytre høgre «bruker antikken som ei klubbe». Med boka Not All Dead White Men skriv ho om den store bruken av antikke referansar i høgreorienterte og sterkt kvinnekritiske nettsamfunn.

Den sterke tilknytinga til eit litterært fellesskap, einsidig bruk av boklege referansar og publisering av manifest, burde ikkje overraske oss. Sant nok er mykje av det gjort for skape eit ferniss av truverde og kredibilitet. Men litteraturen er skapt av menneske, den er våre tankar, våre draumar, våre mareritt. Ikkje noko menneskeleg burde vere oss framandt, heller ikkje dumskap, vondskap og hat.

Eit håp

Litteratur har kraft i seg til å gjere oss til betre menneske. Men den har òg kraft i seg til å føre oss ut i det svartaste mørket. Sjølvsagt kan ein spørje seg kva som kjem først - er det litteraturen som har gjort desse mennene til terroristar? Eller blir bøkene dei har lest berre ei stadfesting og styrking av alt dei allereie trur på?

Det bør smake litt bittert i munnen når vi seier at litteratur gjer oss til betre menneske. For det ligg eit håp i oss om at bøkene får oss til å bli heile, at dei får oss til å tenkje. Korleis kan eit slikt håp ende opp i valdshandlingar?

LES MER: Unge gutter søker seg inn på fascistforum

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker