Kultur

Den første teksten

Alle forfattarar har ein gong vore debutantar.

Grunntydinga av ordet debutere er å foreta ein innleiande støyt, eller eit første kast i kastespel. Dei som ein gong har prøvd seg på handballbanen, veit at det første kastet sjeldan går i mål. Men utan det innleiande kastet blir det verken scoring eller siger.

Den første publiserte teksten, den første boka – det kviler ei særeiga kraft over desse utgivingane. Så mykje håp, så mykje vilje. Så mykje hardt arbeid, og – i mange tilfelle – så mykje talent.

Difor er det ekstra kjekt med debutantantologiar. Eg har i diverse bortgøymde utgivingar funne debuttekstane til fleire profilerte namn i Kultur-Noreg. Og så er det gøy å bla tilbake i etablerte seriar, for å sjå kva slags debutantar som seinare har slått igjennom for fullt.

Ein debutantantologi eg nyleg fann på loppemarknad, er særleg interessant. Det er Gyldendals debutantantologi frå 1975, utgitt i samband med 50-årsjubileet til forlaget. Blant dei 16 prosaforfattarane og 17 lyrikarane som hadde sin første tekst på trykk i denne publikasjonen, finn vi opptil fleire av dei mest profilerte namna i den norske samtidslitteraturen.

Lars Saabye Christensen er blant dei som debuterer her, med diktet «Rapport fra en familiefar». Diktar-eget fotograferer familien sin, og då familien seinare oppdagar at alle bileta er uskarpe, spør dei seg, på gråten: «Hvem vil huske oss?» Det er kanskje ikkje så mange som hugsar dette diktet av Lars Saabye Christensen i dag. Men det var den første støyten hans, det første kastet inn i norsk litteratur. Han skulle seinare sette så sterkt preg på denne litteraturen at ein heil generasjon nemner Beatles som ei favorittbok frå tidleg ungdomstid.

I debutantantologien frå 1975 står også Ragnar Hovlands debutdikt – på bokmål. Her snakkar vi fire år før Hovlands debutroman Alltid fleire dagar kom ut på Samlaget.

Nemnast må også Oddmund Hagen, som debuterte med dikt i denne antologien – også desse på bokmål. Og både Terje Johanssen og Atle Næss er med her – Johanssen bokdebuterte same året med diktsamlinga Vegen å gå, Næss med romanen Gun.

Det er over førti år sidan 1975. Det er komme mange gode debutantar sidan det. Antologiar også. Eg vil særleg nemne Cappelen Damms Signaler, som er blitt gitt ut kvart år sidan 1986. Kolons Gruppe-antologiar har også presentert fleire ferske stemmer.

Det finst mange der ute som jobbar hardt for ein gong å stå på vår- eller haustlista til eit forlag. Debutantane har klart det og det er grunn til å gratulere dei. I denne utgåva av Bøker melder vi eit utval interessante titlar. Fleire kunne vore nemnt – og kan også bli det i seinare utgåver.

Ei av debutantbøkene i haust er litt annleis enn dei andre. For meg er ho særleg spesiell, for ho er skriven av ei ung kvinne som ikkje lenger lever. Anna Kristin Gillebo Backlund blei drepen på jobb, på ein barnevernsinstitusjon i Asker. Eg kjente henne frå ungdommen av.

Fire dagar før ho mista livet, ferdigstilte ho diktmanuset Tomhetens stråler som no er gitt ut på forlaget Koke Bok. Diktsamlinga er eit verdig, litterært minnesmerke over eit vitalt og omsorgsfullt menneske som var opptatt av dei eksistensielle spørsmåla. I dikta dirrar det indre sjelelivet i møte med universet rundt oss. Det er stor uro, men det er også stor kjærleik. Ho kan skrive: «jeg vender blikket bort fra / flammehavet i mitt indre / og legger meg i din favn».

For Anna Kristin Gillebo Backlund skulle den første boka hennar bli den siste. Andre debutantar står ved starten av eit langt litterært virke. Uansett er debutbøkene skrivne, og kan gjere sin verknad på oss som får lese dei.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur