Bøker

Bøkene, ­dummen!

Endeleg skal biblioteka legge vekt på å låne ut bøker, og ikkje berre få folk inn dørene.

Måndag denne veka lanserte kultur- og like­stillingsminister Trine Skei Grande og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner den nasjonale­ bibliotekstrategien for 2020–2023. Og sjølv om eg nesten sovna da eg skreiv den setninga der, så er ein slik strategi akkurat kva vi treng no.

Kvifor, spør du kanskje?

Utlånstala dalar

Her kjem det korte svaret: Trass i at fleire besøker og bruker biblioteka enn før, dalar utlånstala. Det blir lånt ut for få bøker på biblioteka. Og om bøkene ikkje blir lånt ut, så hjelp det ikkje at det er mange som sit og surfar på internett, les aviser, gjer lekser, speler spel, eller låner ein drill. Eit bibliotek der folk ikkje låner bøker, er ikkje eit bibliotek.

LES DENNE? Kvifor skal biblioteka låne ut ein vinkelslipar?

Bøker, bøker, bøker

Og her kjem det lange svaret: Frå og med 2014 vart biblioteklova revidert. Folkebiblioteka skulle no vere ein uavhengig møtestad og arena for offentleg samtale og debatt. Den førre nasjonale bibliotekstrategien la til rette for at dette skulle bli gjennomført.

I tillegg auka dei økonomiske løyvingane frå staten til folkebiblioteka. Biblioteka snudde seg rundt i rekordfart, og motbeviste myten om at bibliotekarar er ein gjeng gamle treigingar. Arrangement etter arrangement poppa opp i det langstrakte land.

Men samtidig som biblioteka stod bak fleire og fleire ­arrangement, sank altså utlånet. Det tok seg dårleg ut, sjølv om leiande stemmer i biblioteka prøvde seg med merkelege utsegn som at det ikkje er utlånstal, men besøkstal som no var det viktige. Da ein av Bill Clintons rådgjevarar vart spurt kva som var bakgrunnen for Clintons vellukka valkamp i 1992, svarte han: «The economy, stupid.» På spørsmålet om kva som er bakgrunnen til at biblioteka er ein suksess i samfunnet­ vårt, kan ein svare på same måten: «Bøkene, dummen.»

Fake news

Og bøkene må bli lånt ut. Så enkelt er det. Kanskje er det for enkelt. Det kan forklare Skei Grandes forsøk på aktualisering da ho lanserte bibliotekstrategien denne veka: «Å styrke tilgang til og formidling av kunnskapskildene blir en motkraft til spredning av falske nyheter.» Biblioteka skal vere dit du går om du ønskjer å skilje mellom ekte og falske nyhende, vart det meldt.

Det er unødvendig innpakning.

Sjølvsagt skal biblioteka hjelpe til mot falske nyhende, men det er ikkje det bibliotekarane og folkebiblioteka skal jobbe med no. Dei skal få bli enda betre på aktiv formidling. Dei skal bli enda betre på å få oss til å låne bøkene som står i hyllene. Og det er akkurat det den nye bibliotekstrategien legg opp til.

LES MER: Du har kanskje ikkje visst det, men biblioteket er ein hjelpemiddelsentral, ein spegel og ei bok.

Vårt demokrati

Dette er viktig. For der bokhandlarane kan gi plass til bestseljarar og pocketbøker, er det oppgåva til biblioteka å få oss til å ville lese alle bøkene vi har på vårt norske språk, gamle som nye, stygge som pene. Dette er grunnsteinen i biblioteket, og grunnen til kvifor biblioteket er sentralt i vårt demokratiske samfunn. Store ord, men biblioteka vart til for at allmugen skulle få tilgang til det skrivne ord.

Eit godt bibliotek har ikkje ei stor støvete samling. Eit godt bibliotek har ei stor samling som stadig er lånt ut. Derfor ­jublar vi for den nye nasjonale bibliotekstrategien.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker