Film

Blikk på religiøs ekstremisme

Trugselen frå IS fører til ei rekke nedslag om religiøs ekstremisme i kunsten. Kristenfundamentalismen går heller ikkje fri.

Kunstnarar av alle slag har for alvor oppdaga at religiøse ekstremistar trugar den frie verda. Dette er ikkje akkurat ein ny trend i kunsten, som alltid har interessert seg for religionens mørke sider. Likevel ser vi ein tydeleg vilje blant dramatikarar, filmskaparar og forfattarar til å trenge djupare ned i tankegangen til menneske som let seg øydelegge av eit forkvakla religiøst brennhug. Det er god grunn til å tru at frykta for den militante islamismen, representert terroraksjonane til IS, dannar ein viktig del av bakteppet for denne kunstnariske undersøkinga. Samtidig går kunstnarane også laus på fundamentalistisk kristendom.

Manipulering

Det er berre to år sidan den tyske filmen Korsveien fekk den økumeniske Andreasprisen på Filmfestivalen i Haugesund – ein vond og provoserande film om korleis religiøs manipulering kan knekke eit ungt menneske. I år står den russiske filmen The Student på hovudprogrammet. Regissør Kirill Serebrennikovs film tek utgangspunkt i den tyske dramatikaren Marius von Mayenburgs teaterstykke Martyrer, som hadde noregspremiere på Nationaltheatret i vår.

Religiøs fantast

The Student handlar om ein ungdom som går frå å vere relativt «normal» til å bli ein religiøs fantast som slenger rundt seg med hardtslåande bibelsitat. Han tvingar skulen til å nekte jentene å bruke bikini i symjeundervisinga. Han saboterer timane til den darwinistiske biologilæraren. Og han lyser Guds fordømming over si eiga fråskilte mor.

Veniamin, som skuleeleven heiter (spelt av Pjotr Skvortsov), blir gradvis meir og meir ekstrem, heilt til han praktisk tala opphøgjer seg sjølv til herre over liv og død. Resultatet er grufullt.

TRO24: Tolv undervurderte «kristne» filmer

Heng i lufta

Dessverre mislukkast The Student å formulere ein interessant religionskritikk eller kaste nytt lys over psyken til ein religiøs ekstremist – til det blir dei dominerande bibelsitata hengande for mykje i lause lufta. Men fenomenet er interessant.

Religiøs ekstremisme er no blant kunstens mest brennbare stoff.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film