Nyheter

Bak døra 
til moskeen

Når leiande dansk imam snakkar om at islam «erobrar Europa», er det all grunn til å spørje kva han meiner.

Ein dansk fjernsynsdokumentar frå åtte moskear har opprørt danske politikarar. Lengst går ikkje uventa Dansk Folkeparti som vil stengje ein moské etter det dei har sett og høyrt i TV2-serien Moskeerne bag sløret.

Med løynt kamera og to «moldvarpar» har TV2 vist imamar som meiner at utruskap skal straffast med steining og pisking, og at muslimar som vender islam ryggen, skal steinast. Andre utsegner er at kvinner ikkje skal arbeide der det er menn, at kvinner må tåle fleirkoneri, at kvinner ikkje skal gå til politiet dersom mannen slår og at ein som muslim ikkje skal gå i bursdagsselskap til ein som er dansk. Og TV2 har vist at det finst eit shariaråd for ekteskapskonfliktar.

Løynt kamera er ein omdiskutert metode i journalistikken – og skal berre nyttast i svært alvorlege saker der det er uråd å få faktum på annan måte. Dansk TV2 har gjort greie for kvifor dei meiner metoden var naudsynt etter tips frå unge muslimar ­underlagt sterk religiøs og sosial kontroll.

LES MER: Oslo-moské innvilget sharia-skilsmisser

Faresignal

Faresignal om unge innvandrarar som opplever ekstrem sosial kontroll, har vi fått varsel om her i landet, som i rapport frå Integreringsdirektoratet i fjor. Ingen journalistar har gått norske moskear etter i saumane.

31 danske moskear og islamske organisasjonar har fordømt TV2-dokumentaren og måten den har framstilt livet i moskeane. Dei hevdar at danske muslimar spelar ei god rolle. Opprørte politikarar og islamske representantar i forsvarsposisjon er altså resultatet.

Like fullt er det grunn til å tru at vi etter dokumenterserien veit meir om kva som stundom blir sagt, gjerne på eit anna språk enn dansk, når somme imamar talar for sine eigne. Utsegnene treng ikkje vere representantive­ for danske muslimar. Men at TV2 skal ha øydelagt 30 år med integrering, slik dei 31 hevda, er eit billeg argument i ein trengt posisjon.

LES MER OM SHARIA-LOVENE HER: – Uten sharia vokser ekstremismen

Rising av barn

Ein del mindre kristne forsamlingar også her i landet kan nok vere glade for at det ikkje har dukka opp moldvarpar med løynt kamera, anten temaet var rising av barn, kvinnesyn eller demonar. Mangt har kome ut ­likevel – og mange kristne har endra syn i fleire saker. Men noko er ikkje parallellt. Importerte imamar som talar sitt morsmål, styrkjer kløfta, svekkjer integreringa og forsterkar opplevinga av islam som ein trussel utanfrå. Vi finn gode forsøk på å skape islam på norsk og dansk jord. Men dei kreftene som held att, kan vere sterke når det er pakistansk ­islam som vert forkynt. Muslimske leiarar må tole søkjelys.

Her heime er det Hege Storhaug som har teke rolla med å ­åtvare mot det som skjer i moskeane, til dels på nokså tynt grunnlag, ser det ut til, når folk som kjenner moskeliv ikkje kjenner seg att i framstellinga hennar av livet i Rabita-moskeen. Forstandar Basim Ghozlan i den moskeen har på verdidebatt.no invitert folk flest, journalistar og forskarar til å oppsøkje moskeen. Han understrekar at moskeen åtvarar unge mot å dra til Syria for å krige. Han fortel kva moskeen driv med. Her er det berre å ta imot invitasjonen.

LES MER: Han gir norske skilsmisser islamsk godkjentstempel

Fordømme

Ein ting er opplagt: Oppmoding til lovbrot – som vald mot barn, kvinner og folk som forlet islam – må vi fordømme på det sterkaste. Vi kan ikkje tolerere imamar som skal «erobre» oss med slik gru. Eit konservativt syn, derimot, på eitt og hint kan mange mislike – det finst eit rom for religionsfridom, med tema for debatt og dialog. Så kjem religionspolitikken og diskusjonen om kva staten skal støtte. Gunnar Skirbekk åtvara nyss mot at kristne friskular går ærende for «mørke krefter».

Ein dansk imam sa i TV2-­serien at islam er i ferd med å «erobre» Europa. Men kva sa han? Ordet han nytta, ­tyder «opne». Det kan også tyde ­«erobre». Men ordet vert ikkje nytta i Koranen som «erobre». I litteratur frå tida ­etter Muhammeds død vert ordet ­nytta om kalifane som spreidde islam og erobra store landområde, med makt. Om ordet er krigersk ­eller ikkje, veit ikkje eg. Men i ein spent ­situasjon ropar ordbruken på innsyn og klar-gjering. Vi treng også å få vite om «erobre» er det same som – eller noko anna enn – det kollega Erling Rimehaug skreiv om her om dagen om den kristne sangen «Innta landet».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter