Meninger

Bach, Gud og ateismen

Bach trudde på Gud fordi kyrkja betalte han, meiner ateist. Er det så enkelt?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Johann Sebastian Bachs musikk høyrer julehøgtida til. Juleoratoriet, til dømes. Sterkare enn mange talte ord kan dei store verka til Bach opne for mysteriet, mirakelet og eit nærvær av Gud. Julebodskapen kan formidlast mykje betre gjennom tonar enn gjennom dei mest forenkla preikene.

«Sjefsateist» Richard Dawkins har gitt ut bind to av sjølvbiografien sin. I det høvet var han for nokre veker sidan invitert til Skavlan. Eg oppfatta ikkje ut frå intervjuet og dei manglande kritiske spørsmåla at han hadde noko vesentleg nytt å komme med. Men prate kan han – og Skavlan er som kjent eit show for dei som kan prate.

Musikken

Den som fekk meg til å hugse dette innslaget no inn under jul, var forfattar Linn Ullmann. Ho var invitert til å snakke om romanen som ho har gitt ut etter samtalar med faren, Ingmar Bergman, før han døydde. Den sterkaste augneblinken for meg var då Ullmann utfordra den militante ateismen til Dawkins med å dra fram musikken til Bach.

Dawkins svarte henne med to poeng: Bach levde, i motsetnad til Bach, før Darwin. Hadde Bach levd etter Darwin, ville han ikkje ha snakka om Gud, dersom eg forstod Dawkins rett. Dessutan var det kyrkja som betalte Bach, og han følgde, forstod eg, pengane.

Fundamentalistisk

No er jula her, og Bachs musikk lyder i mang ei kyrkje. Dei som anar Gud i musikken hans, treng i grunnen ikkje la seg distrahere av Dawkins. Rett nok er det ein god regel å følgje pengane. Men er i så fall Dawkins sin ateisme bestemt av at han tener godt med pengane på bøkene han skriv?

Dawkins les på eit vis Darwin slik ein viss annan les Bibelen. Dawkins blir minst like fundamentalistisk som dei som trur jorda vart til på seks arbeidsdagar. Biologen Nils Christian Stenseth, sjølv ateist, har parkert Dawkins, slik Stenseth formulerte seg på forskning.no for mange år sidan: «Det blir helt feil når evolusjonsbiologer bruker Darwins evolusjonslære som bevis på Guds ikke-eksistens.»

Tida er her for å ønskje god jul. Og då må vi gjerne la Bach vise veg til mysteriet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger