Leder

Alderen løfter

Det er ikkje berre slik at alderen tynger.

Alle vil leve lenge, men ingen vil bli gamle. Slik lyder tittelen på ei ny bok, skriven av sjukepleiar og dosent ved Høgskolen i Sørøst-Norge, Runar Bakken. (Sjå intervju med Bakken til høgre på desse sidene.) Tittelen er eit sitat frå den antikke tenkaren Cicero, som levde frå år 106 til år 43 f. Kr.

Alder er noko mennesket har vore opptatt av til alle tider. Også i Bibelen er alderdom eit tema, som i forteljinga om patriarken Abraham, som blei far til Isak først då han var 100 år. Om Jesus står det også at han gjekk fram i alder og visdom.

Alder og visdom har mykje med kvarandre å gjere. Sjølve ordet «alderdom» står i den nye nynorske bibelomsettinga berre på ein stad, i Jobs bok: «Med alderdom kjem visdom, eit langt liv gjev innsikt.» Dette er uttrykk for ei innsikt som menneska har hatt i tusenvis av år: Dei eldre har erfaringar som avlar klokskap. Difor gjer samfunnet også klokt i å lytte til sine eldre.

Å vere gammal, er i dag ikkje ein bås for menneske det er lett å kategorisere. Eldre kjem i alle valørar. Nokre er spretne som ungkalvar, mens andre er stive og støle. Nokre har eit aktiv liv og eit stor sosialt nettverk, mens andre har mista omgangskrinsen sin, sit heime og kjenner seg einsame.

I dette bilaget har vi samla nokre av sakene vi har skrive om alderdom det seinaste året. Det gjer vi fordi sakene er gode, og fordi vi ønskjer å presentere dei i samanheng. Alder går ikkje så fort ut på dato.

Dessverre finst det ein del eldre som kjenner det nettopp slik, at dei har gått ut på dato. Frykta for alderdommen har fått godt rotfeste i ein norsk kultur der mange av oss jaktar på evig ungdom. Eldre risikerer å bli oppfatta som ein utgiftspost snarare enn som ein ressurs. Det er ei samfunnsutvikling som er høgst skadeleg.

Astrid Nøklebye Heiberg (82) er blant dei som viser oss kor mykje dei eldre har å komme med. Ho møter fast på Stortinget og syklar til jobben kvar dag.

Andre er ikkje like aktive. Men samfunnet gjer lurt i å ta kvar enkelt stemme på alvor. Det er ikkje berre slik at alderen tynger. Alderdom kan også løfte oss.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder