Kommentar

Kristendommen er eit bokprosjekt

Trass bekymring om bokas død, sel ho framleis. Ho låg under dei mange juletre denne jula også. Men kva med den såkalla kristne boka?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Like før jul kunne vi lesa at Bibelselskapet har kjøpt opp IKO-Forlaget. Det er godt nytt at gode krefter slår seg saman. Samtidig vitnar det om nedgangstider. Og her er eit dobbelt problem: Ikkje berre les folk generelt mindre, samstundes blir færre døypt, og kristenheita minskar. Når i tillegg kyrkja sin økonomi skrantar, så skrumpar marknaden til dei kristne forlaga inn. Her er tale om store underskot som krev nedbemanning.

Ein ting er sikkert: Ikkje alt som er Bibel er bra

Ein kjem ikkje unna boka

Kristenfolket er eit bokfolk. Ein ting er at kyrkja sine ritual treng bøker, slik som Bibel og salmebok, bøne- og andaktsbok. Ein annan er at kristendommen også er eit slags bokprosjekt. Sjølvsagt er kristenfelleskapet også knytt til aktivitetar, slik som gudstenester, kor og middag, men den kristne trua som ligg i botn tar form som nettopp forteljing og dei forteljingane står i ei bok.

Når barn og unge skal dannast og finna sin plass i kristenfellesskapet, kjem ein ikkje unna boka, barnebiblar, pekebøker om sauen som blei borte, konfirmantboka. Av alle gode formål, så må vel det å halda liv i kristne kompetansesenter knytt til barn og bøker vere eit av dei?

Det kostar å laga gode produkt. Ein ting er ein god tekst. Ein annan ting er det visuelle uttrykket. Dei få bestselgjarane og dei billige produksjonane finansierer det meir kostbare. Ei kvalitetsbok er IKO si Kyrkjeboka mi frå 2020, der Sindre Skeie sin tekst er sett saman med nydelege bilete av Henning Trollbäck. Forståeleg nok er det ikkje ofte kristne bokforlag kan satsa på originale bilete og tekstar.

Og mang ei bokhylle fyllest av omsette bibelbøker av vekslande kvalitet. Ein ting er sikkert: Ikkje alt som er Bibel er bra. Sjølv har eg ikkje orka å lese kva som helst for mine born. Så fekk det heller vera.

Heile teologistudiet venta eg på den boka som skulle forklara meg korleis Det gamle testamentet hang saman

Bok og makt

Sjølv om folk les mindre, er ikkje interessa for innhald borte. Og bibelinnhald får stadig merksemd. I år vart nok ein bibelpodkast lansert. Are Sende Osen skal ta lyttarar gjennom Bibelen. Kanskje har den synkande bibelkunnskapen skapt ein slags ny aktualitet?

Berre siste året har internasjonale namn, slike som Marilynne Robinson og Jordan Peterson, ingen av dei teologar, gitt ut bøker som handlar om Bibelen. Og bøkene sel godt. For samtidig som Bibelen utgjer eit eige fagfelt, så er Bibelen også allemannseige. Det er til stor glede, men og frustrasjon for ein bibelvitar. For ein treng i og for seg berre å kunna lesa for å gle seg over Bibelen. Og eg må medgi at den teologiske kompetansen ikkje berre kan kjennast overflødig, men står i fare for å bli både festbrems og kjip portvaktar.

Sjølv om det finst ein lang tradisjon for å erklære at litteraturen og boka er nær døden, så vil folk stadig skriva bøker og gi ut bøker. Og det er flust av bøker som tilsynelatande vil noko. Influensar-litteraturen er ein eigen kategori. Innhald bevegar seg altså frå det digitale og inn i bøkene også – ikkje berre motsett. Det er noko med bokformatet som gir autoritet. Ja, ein tjukk perm kan autorisera mang slags innhald. Og truleg er det difor boka stadig er ei viktig inntektskjelde.

Eg medgir at eg ikkje er norma når det gjeld kjærleik til bøker. Ja, det er få ting eg set mi lit og mitt håp til som boka. Heile teologistudiet leita og venta eg på den boka som skulle forklara meg korleis Det gamle testamentet hang saman. Eg fann vel aldri den boka, og måtte langsamt erkjenna at Det gamle testamente først og fremst heng saman i den kristne boka Bibelen. Det er likevel noko med ei ulest bok som representerer ein moglegheit.

Og lengten etter den gode boka er der framleis. Rett som det er støyter eg på ei verkeleg god bok.

Akkurat som kristendommen er litteraturen og eit danningsprosjekt

Kristne forlag og kristenlitteraturen

Eg har brukt mykje tid på å tenkje på den såkalla kristne barnelitteraturen. For kva skal kristen barnelitteratur vera til skilnad frå annan barnelitteratur? Dei skjønnlitterære bøkene med halvskjult agenda appellerer ikkje særleg. Ja, kristenmoralisme i bokform er først og fremst berre interessant for ettertidas bokforskarar.

Men like ille er, etter mitt skjøn, tanken om at visuelt uttrykk ikkje inngår i det teologiske prosjektet.

Akkurat som kristendommen er litteraturen og eit danningsprosjekt. Og den kristne barneboka står overfor dei same problemstillingane som andre barnebøker. For kunsten skal skapa danning, og gjenkjenning for mange ulike lesarar. Då må både tekst og bilete gjennom den redaksjonelle prosessen.

Og her kjem ein ode til den redaktøren (og korrekturlesaren) som leitar etter den gode boka. Som har syn for det visuelle, for språket og for det maktkritiske. For boka har framleis makt til å reformulera, gjenoppdaga, og begeistra.

Eg gler meg stadig over utdelingsbøker i kyrkja og gleda i born sitt ansikt når dei spring ned til mor eller far med ei bok i handa. For bokas tid er ikkje forbi. Lesestunder med barn er stadig den beste inngangen til leseverda.

Det tar tid å skriva gode bøker. Det kostar å laga dei gode bøkene. Nokon må skriva dei. Nokon må gje dei ut. Og aller helst skal nokon ikkje berre kjøpa, men også lesa dei.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar