Eg veit dette er litt trist for mange prestar, men i dramaturgien til gudstenesta er preika der spenningskurven flatar ut. Om gudstenesta var ein tv-episode, er det under preika du reiser deg og fyller på chipsbollen og sjekker telefonen.
Men slik treng det jo ikkje vere. Gjennom historia til den lutherske kyrkja har det vore annleis: Preika har tvert imot vore det dramatiske høgdepunktet. No er ho ofte det mest keisamme i heile gudstenesta.
Truleg har det ikkje så mykje med kompetansen til prestane våre, for dei er jo utdanna til dette og får etter kvart temmeleg god mengdetrening. Kan det heller ha å gjere med at dei tenkjer for lite litterært om preika?
For har du berre eitt poeng til preika di, er det høgst truleg meir enn nok
Kanskje kjenner prestar på at preika skal handle om søndagens bibeltekst. Men slik er sjangeren, og det gjeld for dei aller fleste som skal skrive ein tekst. Slik var det i skolen («I denne oppgåva skal du drøfte.....»), slik er det i arbeidslivet («I denne presentasjonen skal eg vise korleis vi kan auke effektiviteten vår...»), og slik er det også for forfattarar («Denne boka vil fortelle deg kvifor du ikkje treng vere redd for å tale i forsamlinger...»).
Likevel er det nokre openbare svakheiter som går igjen i preikene i kyrkjene våre.
Derfor gir eg her fem råd for korleis ei preike kan bli betre:
1. Ikkje ver redd for at preika er for kort
Dette er ein klassikar, for det er ekstremt sjeldan vi sit i kyrkja og tenkjer: Å nei, vi skulle gjerne høyrt litt meir! Og om du som prest kjenner deg urettferdig behandla no, så skal du vite at du ikkje er aleine. Samtlege forfattarar av bøker og manus har på eit eller anna tidspunkt fått beskjeden om å kutte. Heilt konkret bør du først skrive preika og berre la ho bli så lang som du vil, men når du har gjort det, kjem ein vel så viktig jobb: å kutte alt du likevel ikkje treng.
Å kutte i tekst betyr å gi betre plass og meir tyngde til det som er bra i teksten. Og om det skulle bli eit praktisk problem med at gudstenesta blir for kort, er det muleg å slenge inn ein salme ekstra.
2. Ikkje tenk på preika som ei tekst
Ein av mine fordommar er at norske prestar skriv preika som ei tekst. Men det er ho ikkje. Preika er munnleg. Ho skal bli framført for ein kyrkjelyd som ikkje ser nokon tekst, men berre høyrer orda. Da er det bakvendt å fokusere på preika som eit tekststykke. Når vi les, har vi andre forventningar til komposisjon, setningsoppbygging og språkføring, enn når vi lyttar. Og på same måte som ein munnleg tekst ofte blir svakare når vi les den inni oss, blir ein skriftleg tekst svakare når vi skal lytte til den.
Om du er Jon Fosse eller poet, kan du sjå bort frå dette punktet. Men om du ikkje er like trygg på rytme og språkføring som nobelsprisvinnaren i litteratur, bør du slutte å tenkje på preika som noko skriftleg. Altfor ofte sit eg med kjensla av at presten les for meg, heller enn at ho eller han talar til meg.
3. Stol på ekspertisen din
Preikene på julegudstenestene er ofte ekstremt verdslege. Den norske kyrkja er stort sett fullstappa kvart år den 24. desember, og kanskje ønskjer presten å snakke om noko som angår alle som kjem inn døra. Men å gi noko til alle, betyr stort sett at ingen får. Sjølvsagt kan ei preike ta opp aktuelle tema som finst i nyheitsbildet, og denne jula ville det vore heilt naturleg om krigen i Ukraina vart nemnd.
Men ein prest er ein teolog som skal snakke utifrå sin faglege ståstad. Ein som er tilsett i eit departement har NOUar å ytre seg i. Ein prest har preikene. Det er heilt naturleg at ei preike på julegudstenesta handlar om juleevangeliet, heller enn om regjeringas arbeid mot fattigdom. Sjølvsagt kan vegen vere kort til å snakke om regjeringas arbeid mot fattigdom, men om den tråden blir trekt, bruk minimalt med tid på dette. Vi er i kyrkja, ikkje på Stortinget eller i ein avisredaksjon.
Og så er det verdt å hugse på at aktualitet ikkje alltid må inn i preika. Han kan også bli plassert i forbøna.
4. Sjeldan nødvendig å argumentere
Dei beste litterære tekstane lar lesaren trekke konklusjonen sjølv. Det skjer sjeldan i ei preike. Noko av grunnen er nok at prestar av og til bruker preiker til å argumentere heller enn å undre seg.
Alle som har høyrt ei god preike, veit krafta som finst der. Det er på tide å løfte ho fram igjen
Det verste eksemplet eg sjølv har erfart, var da ein prest brukte preika på å prøve å overbevise oss som sat der om at det som står i Bibelen verkeleg er sant. Slikt er ikkje nødvendig. Vi er i kyrkja fordi vi trur, og så lar vi forskninga slå fast kva som er vitskapeleg sant. Ei preike er eit unikt høve til å gi oss eit annleis blikk på trua vår, på livet og på verda. Sjølv set eg også pris på om ei preike kan trøyste eller peike på ein liten detalj i teksta eg ikkje har lagt merke til.
5. Eitt poeng er nok
Noko som også gjekk igjen i preikene denne jula, og som eg ofte sit og stussar over, er kor mykje presten ønskjer å ha med i preika. Dette handlar ikkje om lengde, men om innhald. For har du berre eitt poeng til preika di, er det høgst truleg meir enn nok. Bruk preika til å få fram dette eine poenget. Alt det andre kan du skrelle bort.
Eg hadde reist meg og applaudert om ein prest gjekk opp på talarstolen og sa: «I dag, på veg til kyrkja, falt eg ned på kne. Gud kom til meg, eg fant trua mi igjen. Eg ville berre dele dette med dykk. Velkommen til nattverd.»
Krafta i ei god preike
Kva skal preika vere i kyrkja i dag?
Eg er høgst usikker.
Men ein stad å starte, er å tenkje på preika som ein litterær form som prestar i Den norske kyrkje burde meistre. Alle som har høyrt ei god preike, veit krafta som finst der. Det er på tide å løfte ho fram igjen.