For nokre helger sidan kasta eg bort fleire timar på å lese ei totalt unyttig bok.
Det kjentes frigjerande. For vi høyrer stadig vekk om kor viktig lesing er.
Men denne insisteringa på at lesing ikkje berre er viktig, men at lesinga også skal gjere oss til smartare, klokare og betre menneske, kan vere med på å øydelegge gleda av å sitte i ro med ei bok.
Kanskje er det heller på tide å dyrke det personlege møtet med boka.
Alle les mindre
2024 har vore enda eit år der vi har snakka om at norske skoleelevar i internasjonal samanheng gjer det dårlegare og dårlegare når det kjem til lesing. Men tala er tydelege også for oss som ikkje sit på skolebenken: Leseundersøkelsen 2024 viser at vi alle les mindre, og at vaksne les mindre for barna sine.
Da eg prøvde å diskutere dette med son min, at både han og eg burde lese meir, slo han ut med hendene.
– Pappa, det er ingen som les bøker lenger, sa han til meg, før han forklarte at det ga mykje meir meining å bruke telefonen.
No kan det hende at han gjekk ekstra hardt ut mot forfattarfar sin i eit treffande forsøk på opprør. Men han har eit poeng.
For mange les også på skjerm. Men måten vi les der, er heilt annleis enn korleis vi tradisjonelt har lest.
Tvungne til å lese raskt
Da vi traff den svenske forfattaren Joel Halldorf sist vinter, snakka han om korleis vi les meir overfladisk når vi les digitalt. Vi blir rett og slett tvungne til å lese raskt. Det gjer noko med oss.
– Forenklingar og emosjonelt ladde tekstar får større gjennomslag enn resonnerande tekstar. Da blir samtalen også meir polemisk og kjenslestyrt, meiner Halldorf.
Sjølvsagt, eg veit at ikkje alt var bra før skjermen kom, eller at det å lese bøker eine og aleine er oppskriften på gode samtalar og gode samfunn.
Men der boklesing tradisjonelt har hengt saman med kontemplasjon og tilbaketrekning, er lesing på skjerm noko heilt anna.
Åndeleg dimensjon
– Djuplesing er viktig for å forstå komplekse tekstar som hjelper oss å forstå verda betre, seier Halldorf, før han peiker mot ein åndeleg dimensjon.
– I kristen tru har boka vore ein måte å nærme seg Gud på. Då er det ein føresetnad at vi klarer å stoppe opp og bli nærverande i teksten. Den evna risikerer vi å miste når vi les berre kjappare og kjappare. Vi mister moglegheita til å vere nærverande i vårt eige liv, seier Halldorf.
Det er gode poeng Halldorf løftar fram her, ikkje minst når han snakkar om at den fysiske boka oppmuntrar til konsentrasjon, djuplesing, nærvær og avgrensing.
Det er dette eg sjølv saknar i kvardagen: Å trekke meg tilbake, heilt aleine
Og det er dette eg sjølv saknar i kvardagen: Å trekke meg tilbake, heilt aleine, i ro og fred, og bli borte i boka eg held mellom hendene mine.
Berre å skrive dette høyres jo rart ut. Når er det kult eller innafor å seie at du ønskjer å vere aleine med ei bok?
Lesing skaper fellesskap
I Vårt Land i haust skreiv bibliotekar David Kvamme Høvik om korleis lesing også handlar om å skape fellesskap. Han trakk fram kritikar Live Lundh i Morgenbladet som meiner at lesinga er grunnleggjande relasjonell. Slike inngangar til lesing er både overraskande og nyskapande. For er ikkje lesing privat likevel?
Både Kvamme Høvik og Lundh koplar nok lesing til samtalen om lesing, og korleis vi snakkar om det vi les. Og det er ei god kopling, for vi tek ofte med oss det vi har lest ut i kvardagen.
Men eg er blitt skeptisk til denne tanken. For da er vi tilbake til ideen om lesing som noko nyttig.
Og eg kjenner at eg oftare og oftare vil at det å lese skal vere mitt eige, private rom.
Den unyttige lesinga
Kanskje heng det saman med kvar eg er i livet. Da eg var barn, brukte eg å krype opp i ein stol for å forsvinne inn i bokverda. Som student fjerna eg meg frå lesinga, trass i at eg las meir enn nokon gong. Men da las eg pensum, bøker eg måtte lese. Og bøker du må lese, er tunge å komme gjennom.
Derfor skal eg i adventstida vie meg til den totalt unyttige lesinga. Når mørket senker seg og lysa blir tende, og barna har trekt seg tilbake til kvar sin skjerm, skal eg sette meg ned med ei bok ingen har bedd meg om å lese.