Ingen julemirakel i sikte for Støre
Arbeidarpartiet kan ikkje leve med å vere halvparten av Framstegspartiet. Målingane påverkar slaget i Aps valkomité, som ser ut til å bli Jonas Gahr Støres mest skjebnesvangre.
STÅR OPPREIST: Det er vanskeleg å hevde at Vårt Lands siste måling er Støres feil åleine. Han har den siste veka imponert mange ved å stå oppreist i ein storm som ville knekt vanlege folk.(Foto: Gorm Kallestad)
Tala i Norstats siste meiningsmåling for Vårt Land var nesten ikkje til å tru. Fleire av utslaga var så store at dei var langt utanfor feilmarginen. Ofte finn vi ikkje slike utslag for eit einaste parti i ei heil måling. Denne gongen er fem av partia målt utanfor feilmarginen.
Målinga er tatt opp i heile tidsperioden frå Ap-opprøret mot Jonas Gahr Støre førre måndag vart gjort kjend av TV2. Målinga er ei av partiets dårlegaste i moderne historie, og den dårlegaste av alle målingane Norstat har gjort sidan dei byrja å levere målingar til Vårt Land i 2002. Presset mot Støre har dermed hatt ein klar effekt: Ein allereie krevjande situasjon for Arbeidarpartiet har dermed blitt endå meir krevjande.
Meir eksistensielt enn Støre
Bestill abonnement her
KJØP