Kommentar

Støre-regjeringas livsfarlege hauk og due-leik

Det skapar konflikt i regjeringa at Trygve Slagsvold Vedum held igjen på pengesekken overfor Ukraina. Han bør lese dommedagsprofetiane til Hannah Arendt, for det kan bli dyrare og farlegare å ikkje hjelpe Ukraina.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er krig i Ukraina, men også strid internt i Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Kor mykje hastar det eigentleg å hjelpe Ukrainas forsvarskamp?

Tapre ukrainske soldatar har halde ut i tusen dagar, men dei siste rapportane frå fronten tyder framleis på vellukka, russiske framrykkingar. Det er ikkje garantert at ukrainarane vil halde forsvarsverket oppe.

Det er grunnen til at det murrar i Arbeidarpartiet og Senterpartiet – dei to partia som sit med ansvaret.

Einaste rette å gjere

Kjelder i dei to partia fortel om skilnadar i kriseforståing, situasjonsforståing og verkelegheitsbilete.

Dei er rett og slett usamde om kor mykje det hastar å hjelpe ukrainske soldatar i skyttargravene – målt opp mot kor mykje pengar som trengst til skular, barnehagar, sjukehus og eldreomsorg her heime. Det er jo valkamp neste år, må vite.

Dagens Næringsliv skildra denne konfliktfylte stemninga frå Aps gruppemøte førre veke, der Jonas Gahr Støre fekk kritikk for å halvere Ukraina-støtta i statsbudsjettet, frå årets 27 milliardar kroner til 15 milliardar i 2025.

Det står i sterk kontrast til Høgre som har ivra på for å tredoble støtta. Høgre-trioen Solberg, Eriksen Søreide og Bru argumenterte med at det var det einaste rette å gjere «historisk sett».

Det er særleg i Senterpartiet at prioriteringskonflikten i regjeringa er sterkast. Kjelder fortel at finansminister Trygve Slagsvold Vedum held att på pengesekken, medan forsvarsminister Bjørn Arild Gram ivrar for å auke støtta raskare og argumenterer for at det hastar. Også statsminister Jonas Gahr Støre skal stå på Grams linje mot Vedum.

Senterparti-leiaren skal ha argumentert for at regjeringa ikkje må miste hovudet i Ukraina-spørsmålet. Spesielt for Senterpartiet har det vore mange gode formål som sårt har sakna pengar dei siste åra – som til dømes i debatten om skulestruktur i fylker og kommunar.

Forsvarskampen i skyttargravene i det austlege Ukraina får eit kvardagsleg preg. Kanskje tenker nokon at dei berre vil halde det gåande, heilt utan at vi treng å ofre noko eller bidra. Det er ein livsfarleg illusjon

Det er grunn til å tru at partikjeldene sine beretningar er sannferdige. Konflikten er også attkjenneleg frå andre krisesituasjonar der ulike personar vil ha ulik forståing av alvoret. Etter tusen dagar med krig er det naturleg at skilnadane i kriseforståinga skapar konflikter som den i regjeringa.

Falske premiss

Høgres Peter Frølich, som dei siste åra har brukt nesten all fritid på å forsyne ukrainske soldatar med naudsynt utstyr gjennom organisasjonen Fritt Ukraina, er blant dei som har prøvd å realitetsorientere politikarkollegaene på Stortinget.

Mange av politikarane frå andre parti som Frølich har fått med på reiser inn i Ukraina, har kome heim att med ei oppdatert kjensle av at det hastar å auke støtta. Det var også bakgrunnen for Høgres drastiske forslag om å tredoble støtta.

Tusen dagar med krig har ein sløvande effekt på mange. Forsvarskampen i skyttargravene i det austlege Ukraina får eit kvardagsleg preg. Kanskje tenker nokon at dei berre vil halde det gåande, heilt utan at vi treng å ofre noko eller bidra. Det er ein livsfarleg illusjon.

Det er eit falskt premiss.

Det vil sannsynlegvis bety at norske ungdommar vil måtte tenestegjere ansikt til ansikt med russiske okkupantar i Ukraina

Dei siste månadane er det russarane som har vore på offensiven, medan ukrainske styrkar har slite stadig meir. Den seige stillingskrigen i skyttargravene kan på kort tid utvikle seg til ein kollaps. Då vil kampen om Ukraina vere tapt.

Dei som trur at konsekvensane av krigen då vil stanse opp, bør tenke seg om igjen. Det er det ingenting i Vladimir Putins krigs-CV som tyder på.

Tvert imot vil trugselen rette seg mot nye land, aust i Europa. Til dømes vil Moldova ligge utsett til.

Morgondagen ikkje betre enn gårsdagen

Dersom forsvaret av Ukraina kollapsar, vil det stå russiske soldatar på grensa til Polen, kort unna hovudstaden Warszawa. Medlemslanda på Natos austre flanke vil krevje større tryggleiksgarantiar frå oss andre medlemsland. Det vil sannsynlegvis bety at norske ungdommar vil måtte tenestegjere ansikt til ansikt med russiske okkupantar i Ukraina.

Det vil ikkje bli billeg eller ufarleg. Og ingen norsk regjering vil ha noko val. Det vil bli eit krav.

Sabelraslinga frå Putin vitnar om ei verd der politikarane ikkje kan late som om dei har noko anna val enn å gje Ukraina alt dei treng til å forsvare seg. Historia vil dømme oss hardt om vi lot det stå på pengane

Det er menneskeleg å tru at morgondagen blir betre enn i dag. Det er derfor forståeleg at finansminister Trygve Slagsvold Vedum opptrer som om vi har noko alternativ til å auke Ukraina-støtta.

Med den verda vi har rundt oss er det ingenting som tyder på at morgondagen blir betre enn gårsdagen.

Putins sabelrasling med atomvåpen

Kanskje Vedum burde ha lese boka «Eichmann i Jerusalem» av Hannah Arendt. Mot slutten av boka, etter å ha skildra det industrielle folkemordet i Nazi-Tyskland, reflekterer Arendt over moglegheita for at liknande brotsverk kan skje igjen.

I boka, skriven i Jerusalem i 1961, konkluderer Arendt at «muligheten lar seg dessverre ikke benekte». Ho argumenterer så for «den dystre mulighet»:

For det første vil ei handling som har skjedd i historia, leve vidare i lange tider seinare som ei moglegheit, eit handlingsalternativ.

Vi er ikkje vaksinert mot urett og overgrep. Det vi ser i Ukraina, til dømes, kan fort bli langt verre. Korleis vil til dømes tilhøva bli under ein russisk okkupasjon? Tenk konsentrasjonsleirar, massakrar og det som verre er.

For det andre har ingen straff nokon sinne vore avskrekkande nok til å hindre nye brotsverk. Berre sjå videoane av dei grusamme avrettingane frå russisk-okkuperte område, der skada ukrainske krigsfangar blir avretta i kaldt blod. Det er krigsbrotsverk i ein skala frå langt tilbake i historia.

Til slutt skriv Arendt at befolkningseksplosjonen og dei nye teknologiske oppfinningane tilseier at verre overgrep enn dei historiske, vil skje, og nemnde trugselen frå atomvåpen.

Desse trugslane ville få «Hitler og hans gassanlegg til å minne om en slem unge som lekte seg». Det er dyster lesnad, men også skremmande realistisk i ei tid der Vladimir Putin denne veka oppdaterte den russiske atomdoktrinen.

Arendts hovudpoeng er at det er menneskeleg å vere naiv, akkurat slik også vondskapen er banal.

Sabelraslinga frå Putin vitnar om ei verd der politikarane ikkje kan late som om dei har noko anna val enn å gje Ukraina alt dei treng til å forsvare seg. Historia vil dømme oss hardt om vi lot det stå på pengane.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar