I amerikansk valgkamp vert det snakka mykje om momentum: Kven av kandidatane har medvinden i ryggen? Ofte kan det virke som om ordet blir brukt i si eigentlege tyding frå fysikk-verda, som om støtta til den eine eller andre kandidaten rett og slett er i narturlovanes vald. Slik er det nok ikkje, sjølv om det er kjent nok for alle som har drive valkamp at dersom pilene først peiker i rett retning, er det lettare å halde dei slik.
På veg inn i valdagen er det Kamala Harris som har momentum med seg. Etter ein litt treg oktober for henne, der målingane kraup litt etter litt i favør Donald Trump, skjedde det noko i førre veka.
På veg inn i valdagen er det Kamala Harris som har momentum med seg
Søppeløy og søppelfolk
Sist sundag samla Trump-kampanjen om lag 20.000 menneske i Madison Square Garden-arenaen i New York. Ei rekkje talarar framførte Trump sin bodskap, og brukte sterke ord om Kamala Harris, Joe Biden og Det demokratiske partiet. Det som braut lydmuren og har blitt delt tallause gonger i sosiale medier etterpå, er imidlertid ein vits frå komikaren Tony Hinchcliffe, som varma opp publikum. Han omtala den karibiske øya Puerto Rico, eit amerikansk territorium, som ei «søppeløy».
Puertoricanarar er den nest største gruppa latinamerikanarar i USA, og utgjer nesten to prosent av innbyggjarane i landet. Endå meir kritisk: Det bur over 450.000 av dei i Pennsylvania, den viktigaste av vippestatane. Det er nok også difor Trump-kampanjen tok avstand frå vitsen til Hinchcliffe i etterkant av møtet.
Sidan valte Joe Biden, på sitt vis, å valse inn i den oppheta debatten, og kanskje hadde Kamala Harris føretrekt at han lot vere: Biden presterte nemleg å formulere seg på ein måte som kunne gje inntrykk av at han meinte alle Trump sine tilhengarar er, nettopp, søppel. Ein kunne lett høyre ekko frå Hillary Clinton si «basket of deplorables» i 2016.
Enn så lenge ser det likevel ut til at hendinga skader Trump meir enn demokratane.
November-overraskinga
Vi fekk aldri ei skikkeleg oktober-overrasking i denne valkampen, men i starten av november kom det ei bombe: Den anerkjente meiningsmålaren Ann Selzer slapp si siste måling for Iowa, og den viste Harris i leiinga med tre prosentpoeng i delstaten.
Mange hugsar kanskje Iowa som ein vippestat, men det begynner å bli mange år sidan. Dei siste to vala har Donald Trump vunne her med høvesvis ni og åtte prosentpoeng. Er det då nokon grunn til å handsame denne målinga som noko meir enn ein såkalla utliggar, som er heilt på styr?
Grunnen er at Ann Selzer har ein svært imponerande historie med å treffe på sine siste målingar før valdagen. Både i 2016 og 2020 viste målingane daudt løp i Iowa, heilt til Selzer båe år kom med målingar som viste Trump i leiinga med 7 prosentpoeng.
Det kan godt vere at ho ikkje treff denne gongen – det skal svært godt gjerast om Harris skulle vinne Iowa, men kanskje viser målinga ein tendens som er i favør Harris.
Den lange valnatta
Når målingane i forkant er så tette som no, kan det vere vanskeleg å vite korleis ein skal gripe an valkvelden. Når veit vi noko, og når veit vi alt? Kva skal vi etter sjå etter i mellomtida?
1. Når veit vi noko?
Her kjem alle sitt favorittsvar: Det kjem litt an på.
Vi kan få gode peikepinnar på korleis valet ser ut jamført med meiningsmålingane rundt klokka 03. Då vil vi truleg ha fått inn ein del resultat frå Florida og vippestaten North Carolina. Florida skal vere ein trygg delstat for Donald Trump, og North Carolina ser førebels ut til å vippe i Trump sin favør. Dersom det er tett i Florida, og Harris leverer sterkt i North Carolina, kan det tyde på at målingane har overvurdert Donald Trump.
2. Når veit vi alt?
Det kjem til å ta tid. Det kan hende at vi får nok resultat inn på sjølve valnatta til at ein vinner kan bli kåra allereie før Norge vaknar onsdag morgon – men det kan nesten like gjerne hende at det tek like lang tid som i 2020, då vi måtte vente til laurdag etter valet før vi visste sikkert at Joe Biden var val-vinnaren.
Kor lang tid det kjem til å ta, avheng av kor lang tid ein bruker i kritiske delstater der det tek lenger tid å telje røyster, som Arizona, Pennsylvania og Wisconsin. Dersom målingane stemmer så nokolunde, er det Pennsylvania som kjem til å avgjere valet – det kan tale for at det tek tid å finne ut korleis dette går.
Dersom målingane stemmer så nokolunde, er det Pennsylvania som kjem til å avgjere valet
3. Kva skal vi sjå etter i mellomtida?
I tillegg til resultata i Florida, som kan seie mykje om styrkeforholdet mellom kandidatane, sjølv om delstaten ikkje er avgjerande, blir nemnte North Carolina, der vi får resultat av førehandsrøystene relativt tidleg på natta, viktig å sjå på. I tillegg kan ein sjå på andre av dei tidlige delstatane, og enkelte fylke i enkelte delstatar. Slike enkeltresultat er ikkje bombesikre, men kan gje peikepinn.
I mange av delstatane der val-lokala stenger tidleg er det stemmene frå landlege distrikt som vert ferdigtelte først. Det vil seie at mange delstatar vil sjå meir republikanske ut tidleg i teljinga, til ein får talt opp bynære strøk som vanlegvis er meir demokratiske.
Ein delstat som Virginia, som stenger vallokala klokka 01, kan også gje ein viss indikasjon på korleis det går. Dersom dei første tala som kjem inn derfrå, frå dei mest republikanske områda, er jamne, eller til og med blå, kjem Kamala Harris til å få ei riktig så god natt.
Eit enkeltfylke som er eksempel på ein stad som kan komme til å gje oss interessante tal, er Hamilton county, Indiana. Det ligg heilt aust i delstaten og blir truleg talt opp rimeleg tidleg på natta. Det er ein forstads-fylke som blir stadig meir demokrat-venleg, men som Donald Trump vann med om lag 7 prosentpoeng i 2020. Dersom han får i nærleiken av den same marginen, eller meir, der i år, er det sannsynleg at han ligg svært godt an også nasjonalt.
Tilsvarande kan ein sjå på fylkene Baldwin og Washington i Georgia, som også stenger klokka 01. Dersom Harris vinn begge desse fylka er det sannsynleg at ho får den valdeltakinga ho treng frå svarte veljarar utanfor byane, og har marginane på si side for å vinne delstaten.
Kan eg sove gjennom natta?
Ja, det kan du. Viss det er viktig for deg å vere med når det skjer, ville eg kanskje heller satsa på å stå opp litt ekstra tidleg på onsdag.
Det er likevel truleg at vi må vente på resultatet i relativt sakte-teljande Pennsylvania, og at du trygt kan leggje deg til å sove tysdag, og likevel ikkje vere den siste som får vite om vinnaren onsdag morgon.
Sigrid Rege Gårdsvoll er å sjå i valsendingane på TV2 frå klokka 20 tysdag kveld og gjennom heile natta.