Kommentar

Er det grunn til panikk?

Med tre veker att til valet er det millimeter-tett på målingane. Her kjem en guide til å puste med magen dei neste tjue dagane.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Svaret på spørsmålet i overskrifta avheng sjølvsagt av kva utfall du håper på i november, og kor redd du er for det motsette utfallet.

Kanskje du som les dette, i likhet med 80 prosent av nordmenn, i følge ei fersk måling frå TV2, håper på siger til Det demokratiske partiet og Kamala Harris. Då kan det tenkast at du har sett på målingane dei siste vekene med ein viss nervøsitet. I sosiale medier kan vi sjå medlemmer og strateger i Det demokratiske partiet fortelje kvarandre at det ikkje er grunn til panikk.

Men har dei eigentleg grunn til å stresse? La meg forsøke å gje nokre grunnar til å ikkje gjere det.

1) Ingenting* endrar seg

Då Joe Biden trekte seg frå valkampen i juli, viste Nate Silver sin modell at det var drygt 70 prosent sjanse for at Donald Trump kom til å vinne valet. Etter at Kamala Harris tok over som demokratane sin presidentkandidat, etablerte det seg rimelig fort ein ny normal, der dei to kandidatane har bytta på å ligge litt i føringa over den andre. Nett no viser Silver sin modell 51 prosent sjanse for at Harris vinn, mot 48,7 prosent for Trump.

Det er viktig å hugse på at slike modellar handlar om sannsyn, og at det handlar om å berekne alle dei moglege utfalla av valet. 51-49 er omtrent akkurat det same som heilt like sjansar. Sjølv om tala i denne modellen har gått i Donald Trump sin favør dei siste dagane, er det ikkje så mykje som har endra seg, eigentleg.

Rørslene på målingane er såpass små at reaksjonane kanskje ikkje står heilt i stil.

Det er ikkje gode nyhende for Kamala Harris, men det er ikkje sikkert det er dårlege, heller

2) Fleire målingar er ikkje alltid betre

Sjølv om det no kjem målingar kvar dag, kan det likevel vere vanskeleg å skilje ut kva som er støy og kva som ikkje er det, spesielt når endringane er så små som dei er i desse dagar. Det er ikkje ofte vi ser målingar med endringar som er større enn feilmarginen, og dei som kjem, vert sjeldan fulgt opp av andre som viser det same.

Er det gode nyhende for Kamala Harris? Nei, absolutt ikkje. Men det er heller ikkje gjeve at det er dårlege nyhende. Det hadde sjølvsagt vore langt meir komfortabelt for begge kandidatane å ha ei tydeleg leiing, men begge parti var godt innforstått med at det var slik denne valkampen skulle sjå ut.

Truleg vert valet i november avgjort av kva parti som klarer å mobilisere veljarar i vippestatane. Kanskje kan vi lese dette av på målingane i forkant, kanskje kan vi det ikkje.

3) Det kan framleis skje uventa ting

Det er vanskeleg å seie kva som skulle kunne skje for å vippe røyster vekk frå Donald Trump, men det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at det kan skje ting som øydelegg valkampen for Kamala Harris.

Donald Trump har alltid vore unnateke vanlege politiske tyngdelovar, og korkje straffesaker, økonomisk rot eller sex-skandaler har påvirka støtta hans i nemneverdig grad. Det er nok ikkje mogleg for Donald Trump å sjokkere oss meir.

Kamala Harris, derimot, er i høg grad ein vanleg politikar. Ho er, til alt overmål, ikkje ein spesielt begava politiker. Dersom vi skulle sjå ein såkalla October surprise, altså ei hending på tampen av valkampen som kastar om på ting, vil det truleg vere til Donald Trump sin fordel.

Felles for alle oktober-overraskingane i amerikansk politikk er at ingen ser dei komme. Men jo lenger det er stille i ein valkamp, jo meir utålmodig blir pressa etter noko som kan riste laus stemninga. No er det frykteleg stille.

Dersom vi skulle sjå ein October surprise, vil det truleg vere til Donald Trump sin fordel.

4) Ingen kan spå

Dei siste vekene har eg lagt meg til å seie at om ein står på Vestkapp med ein god kikkert, har ein like gode føresetnader som meg for å seie noko fornuftig om resultatet i november. Det er ekstremt jamnt, og det vil truleg stå om svært få stemmer i nokre av dei sju vippestatane.

Mange vil fortelje deg kva dei trur, men hugs på at ingen veit. Vi kan sjå på målingane, og ut frå dei og historia og andre faktorar kan vi seie noko meir og mindre kvalifisert. Til sjuande og sist vil det for mange handle om magekjensla.

Fordi det er nesten heilt umogleg å seie kva som kjem til å skje i november – ut over at det nesten heilt sikkert vil ta like lang tid å telje røystene og få eit resultat som det gjorde i 2020 – er også det mest produktive vi kan gjere å vente. Det er sjølvsagt ikkje spesielt inspirerande, men eg trur det er eit godt råd, både for kommentatorar og alle andre.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar