Kommentar

Livslyst på to hjul

Eg forstår ikkje alle som kler seg i dødens farge – svart – når dei tek racersyklane ut i biltrafikken.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg hugsar den sterke meistringsgleda då eg lærte å sykla, på mors sykkel. Minst like godt hugsar eg den første sykkelen som var min, ein blå DBS. Sommaren 1969 var eg snart ti, på ein gard halvveges til fjells i Indre Sogn.

Slik risiko med sjetteklassingar på tur hadde ingen lærar teke i dag

Som avslutning på åra på barneskulen tok ein lærar i juni 1972 med seg klassen på tre dagars sykkeltur med telt. Vi sykla gjennom bekmørke tunellar mellom Årdalstangen og Øvre Årdal der tunge lastebilar gjekk i skytteltrafikk for aluminiumproduksjonen. Slik risiko med sjetteklassingar på tur hadde ingen lærar teke i dag. Ingen hadde hjelm den gongen. Læraren var nok sjeleglad for at han hadde elevar med seg då det ved den første tunellopninga viste seg at lykta hans ikkje verka.

Eg var langt frå den modigaste i smale og svingete bakkar ned frå Filefjell. Men eg tok ikkje skrekken, eg kjende heller gleda over det eg meistra betre: motbakkar. Det gjekk sport i å forsera den eine bygdevegen etter den andre på sykkelen utan gir. Målet var å klara også dei bratte kneikene utan å gå av sykkelen.

Sykling var transport, også til og frå fotballtrening, halvanna mil kvar veg. Dette var mange tiår før curlingforeldre dukka opp. Mine foreldre hadde verken tid eller bil, eg var heldig som fekk pausar frå gardsarbeidet.

Den første langturen, på ny sykkel med 18 gir, gjekk i 1977 til ein politisk sommarleir i Nordfjord. Ved botnen av Gaularfjellet drakk eg ein liter skumma kulturmjølk før eg starta på dei vel 700 høgdemetrane med hårnålssvingar. Det var aldri på tale med pause før eg nådde den storslagne utsikten.

Einstein sa det: Livet er som å sykle. For å balansera, må du røre deg.

Dette gjeld aller mest i motbakkar.

Det er fleire og meir samanhengande sykkelvegar vi treng, ikkje fleire firefelts motorvegar

Det grøne skiftet

Sykling er i dag både trening og transport. Det er godt for klima og slitne kne. Godt tøy gjer det enkelt å sykla til og frå jobb, også når det regnar.

Likevel: Det trengst politiske krafttak for å få fleire på sykkel, vi er langt unna ambisiøse politiske mål. Det er fleire og meir samanhengande sykkelvegar vi treng, ikkje fleire firefelts motorvegar.

Alle nye sykkelvegar må ikkje vera som den nye og dyre mellom Sandnes og Stavanger, som eg fekk prøvd i vår. Men alt no – og når den vert ferdig i 2026 – må folket der vest kjenna ansvaret sitt og bruka den. I motsett fall risikerer syklistar landet over å bli møtt med hån frå bilistar som nok meiner at rådyr asfalt er det berre dei som fortener.

At Stavanger og den gamle, stolte sykkelbyen Sandnes ligg bak dei best tilrettelagte sykkelbyane i landet, er forresten litt pinleg. Ein fersk statistikk viser at talet på syklistar i Stavanger faktisk har gått litt ned dei siste åra, trass i fleire el-syklar. Toler ikkje folket i olje-hovudstaden motvind på flatmark?

Det kviler ansvar også på oss som syklar. Sjølv kler eg meg i knall og synleg gult

Sårbare syklistar

Syklistar er sårbare når vi må ut i biltrafikken. Talet på sykkelulukker går opp. Dei mest skadeutsatte er menn på racersykkel – trening må ofte skje på bilvegar. Dei aller fleste bilistane er omsynsfulle. Men det finst eit mindretal som vi konstant må passa oss for, med augo i nakken. Sjølv blei eg i sommar skvisa ut av ein smal fylkesveg i Innlandet av ein lastebil med tilhengjar frå Posten Bring. Med små marginar pressa han seg mellom meg og ein møtande bil.

Dei bilistane som ser på syklistar omtrent som brunsniglar, er det ingen vits i å snakka med – det vil provosera endå meir enn nærværet.

Men det kviler ansvar også på oss som syklar. Sjølv kler eg meg i knall og synleg gult. Like etter at eg hadde kome heilskinna frå Bring-traileren, passerte eg to på racersykkel. Dei var, som mange andre syklistar i treningsfart, kledde i svart. «Dødens farge» burde vore bannlyst på sykkeltur.

Vi har sett havet frå Torekov etter å ha forsert Hallandsåsen på den svenske sørvestkysten og smakt ei sukkerroe i åkerkanten på danske Lolland

Sykkelferie undervurdert

Det er livsviktig med trafikksikker E18 frå Oslo mot Sørlandet. Men noko er gått tapt. På biltur har eg lært meg namna – i rett rekkefølgje – på eit dusin tunellar gjennom Vestfold. Men dersom det ikkje hastar så fælt å koma til Kristiansand: Ta heller eit gjensyn med landskapet som blir borte frå synsranda når asfalt, stål og betong sprengjer seg gjennom kornåkrar, skogar, myrer og fjell.

På sykkelvegar, mellom anna ein gamal togtrasé, bygdevegar og gamle riksvegtrasear søkte vi på to hjul både skogens, sjøens og Åsgårdstrands ro, kaffirast på hytte-terrassar og eit bad på stranda i Fevik. Slikt får du ikkje på E18.

Vi delte turen frå hovudstaden til Kristiansand på to somrar, og nådde difor ikkje opp til den familien som vi las om etter at vi hadde snudd i Stavern første året. Med to barn på tre og seks år hadde dei lagt bak seg 415 kilometer frå Oslo til Kristiansand. På éi veke. Med telt og primus. Vi litt eldre – to av fire brukar el-sykkel – meiner at det enkle ofte er det beste: førehandstinga hotell med lunsj og middag på restaurant undervegs.

Det same har vi gjort i Sverige og Danmark der det er lagt mykje meir til rette – med mange ruter med dagsetappar frå tre-fire mil. Lat motorvegane ha dei travle. Vi har sett havet frå Torekov etter å ha forsert Hallandsåsen på den svenske sørvestkysten og smakt ei sukkerroe i åkerkanten på danske Lolland.

Punktering – heft og glede

Skal vi ha livsglede på sykkelsetet, må vi sjekka utstyret. Lappesaker, reserveslangar og pumpe må alltid vera med. Det sette vi pris på då punkteringane det femte året kom på rekke og rad.

Men punktera kan vi gjera kvar som helst. Plunder og heft kan innimellom også gje ei god oppleving. Medan eg bytte slange etter siste punkteringa, heime i Lørenskog, rulla ein mann ned eit bilvindauga og spurde om eg trengde noko. Han budde like ved, det var berre å koma innom. Skal eg gjetta, så kom foreldra hans i si tid frå Pakistan. Dette blei årets «vakraste punktering», til styrke for livslyst på to hjul.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar