Med open skjorte, kordfløyelsdress og orden på talepunkta, viste Dag Inge Ulstein ei anna side av seg sjølv enn den kjensleklumpen vi har blitt kjend med dei siste åra. Han osa av sjølvtillit med smil og humor i eit selskap han aldri før har vore i. Han verka også meir avslappa enn fleire av motdebattantane. Dessutan snappa han til seg ordet fleire gonger, som om han allereie var ein røynd partileiar.
Kjensle-Ulstein bytta ut med fakta-Ulstein
Etter ei veke der søkelyset har vore på intern uro i KrF, har Ulstein likevel fått brukt tida til å førebu seg til debatt. Berre det er imponerande. Der Ulstein tidlegare har marinert seg i kjensler og patos, var han i kveld presis, faktaorientert og solid.
Tidleg i debatten var det faktisk KrF-aren som kom med det mest kraftfulle åtaket på regjeringas handtering av den økonomiske krisa. Høgres Erna Solberg og Frps Sylvi Listhaug verka både meir puslete og føreseielege i sine åtak.
Debatten forandrar ikkje på krisa i KrF, sjølv om Dag Inge Ulstein stilte med ein sveis som kunne minne om søndagsskulebilete av Jesus
Etter ein del debatt om skatt og økonomi, måtte Fredrik Solvang adressere elefanten i rommet: At det var Ulstein som stod på KrFs plass, og ikkje Olaug Bollestad. KrF-vikaren fekk direkte spørsmål om den krevjande situasjonen i partiet, men lét ikkje programleiar Solvang få vippe han av pinnen. Smilande klarte Ulstein til og med å få fram at «KrF er partiet med politikk for dei som treng det».
Alt det Ulstein ikkje sa
På spørsmål om leiarsituasjonen var det meir verdt å merke seg kva Ulstein ikkje sa, enn kva han faktisk sa. Til dømes sa han ingenting om at han håpa Olaug Bollestad skulle komme tilbake frå sjukmeldinga. Han kunne enkelt sagt at han håpa ho stod i partileiardebatten neste år, slik Fredrik Solvang la opp til med spørsmålet sitt. Vikaren gav dermed ingen støtte til den sjukmelde partileiaren. Akkurat denne scena manglar sidestykke i moderne, norsk politisk historie.
Ulstein viste også berre til tidlegare konklusjonar om å gje seg som nestleiar og stortingsrepresentant, utan å seie at han har lukka døra fullstendig for å ombestemme seg. Han var tilstrekkeleg utydeleg til at han held liv i spekulasjonane om eige kandidatur.
Ulstein var også heldig med tema i duell mot Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen, der dei skulle debattere kongehuset. Ulsteins argumentasjon for den samlande krafta i våre kongelege, hadde appell langt utanfor KrFs grunnfjell. Sjølv i underdebatten om norsk kronepolitikk, var Ulstein substansiell, klok og klar. Svakast var han då han surra litt med ein innvikla familiebodskap i debatten om sjukefråvær.
Kirsti Bergstø imponerte også i debatten, som då ho omtala dei tre borgarlege partileiarane Erna Solberg, Sylvi Listhaug og Guri Melby som «forskjellsfruan». Bergstø er autentisk, truverdig og tydeleg på at SV ikkje berre er eit parti for akademikarar og folk som drikk coldbrew på Grünerløkka, men fører an eit breiare prosjekt med kamp for utjamning, distrikt og folk med skit på nevane. Bergstø klarte å markere SV godt i rommet mellom Raudt-leiaren og Ap-leiaren. Ho var også god til å utfordre MDG-Hermstad på hans partis manglande evne til å velje side. «Det raude og det grøne heng i hop», sa ho.
Trygve Slagsvold Vedum var også solid i kveld, der han var ein tydeleg forsvarar av venstresidas skattepolitikk, der han til dømes prioriterte fellesskap framfor skattelette.
Støre offensiv, Solberg meir sliten
Jonas Gahr Støre og Erna Solberg var som vanleg dei to med mest breidde og oversikt i kva dei engasjerte seg i under debatten. Solberg kom inn i debatten med sjølvtillit etter ei ny måling som gav sterk støtte til henne som statsminister, sjølv om meiningsmålingane for partiet ikkje har vore like sterke i det siste.
Solberg verka likevel mindre offensiv enn Støre, som til dømes hadde ei meir overtydande argumentasjonsrekke i spørsmålet om å anerkjenne Palestina som sjølvstendig stat enn Solbergs kritikk av anerkjenninga. Støre var også god på kriminalitet og skule, der han openbert har lært eit og anna av regjeringskollega og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Dag Inge Ulstein gjorde seg kostbar i spørsmålet om han er den neste KrF-leiaren. Kanskje vil han ha det som eit kall frå partiet. Spørsmålet er om det er denne versjonen av Ulstein som er den messiasen KrF har venta på.
Solberg var best og mest engasjert då ho snakka om å forbetre sjukelønsordninga, og alle dei som hamnar utanfor arbeidslivet. «Du blir ikkje nødvendigvis meir frisk av å sitte heime og vente på ein psykologtime i veka, men du blir meir frisk av å delta i eit arbeidsfellesskap», sa ho. Det er eit Høgre-bodskap det er vanskeleg å ikkje nikke til.
Helsing heim
Arild Hermstad frå MDG hadde meir overskot enn tidlegare, men blir framleis for usynleg samanlikna med dei andre. Guri Melby hadde definitivt ikkje sin beste kveld som debattant, der ho vart altfor usynleg til å sette preg på debatten. Marie Sneve Martinussen var frisk, artig og overskotsprega utan å vere like stor stjerne som under tidlegare debattar.
Mot slutten klarte Sylvi Listhaug å sette fyr på Kirsti Bergstø i debatten om kriminalitet og innvandring. Listhaug meinte kulturforskjellar var ein del av forklaringa på kriminaliteten og at det ikkje nyttar med «ungdomsklubbar, bollar og brus», medan Bergstø fekk kveldens største applaus for sitt svar om å satse på sosial utjamning for å gje ungdommane eit alternativ til kriminaliteten.
Duellen dugde nok til å helse heim for begge.
Kveldens debatt forandrar ikkje på krisa i KrF, sjølv om Dag Inge Ulstein stilte med ein sveis som kunne minne litt om den vi har sett på søndagsskulen at Jesus hadde.
Han formulerte eit klassisk KrF-prosjekt for kamp mot fattigdom, for tradisjonar og for fellesskap, men han gjorde seg også kostbar i spørsmålet om han er den neste KrF-leiaren. Kanskje vil han ha det som eit kall frå partiet. Spørsmålet er om det er denne versjonen av Ulstein som er den messiasen KrF har venta på.