Kommentar

Gudekåringa av Donald Trump

Under republikanarane sitt landsmøte denne veka vart Donald Trump lagt fram som ein del av Gud sin plan for Amerika.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

– President Trump hadde ei nær døden-oppleving sist laurdag, men Gud sparte livet hans, sa Franklin Graham. Han sto på scena under republikanarane sitt landsmøte i Milwaukee i helga.

Graham gjekk videre til å anerkjenne at ein annan hadde mist livet i den same hendinga, og beklage at han ikkje hadde svaret på kvifor Gud ville spare eitt liv og tillate at eit anna vart teke, men bodskapen var klar.

Den same bodskapen har blitt målbore av fleire den siste veka, mellom dei senator Marco Rubio frå Florida: Gud redda Donald Trump sitt liv.

Underforstått: Det er ei meining med at Donald Trump overlevde attentatforsøket.

Guds plan

Isolert sett er det på linje med dei tinga vi alle kan komme til å seie litt tankelaust om nokon har komme frå ei alvorleg hending med livet: Ho hadde englevakt. Han hadde ein verneengel som verna seg. Vi seier det også når nokon døyr: Det er ei meining med alt. Det er del av Guds plan.

Denne hendinga, og republikanarane sin reaksjon på den, kan vi derimot ikkje sjå isolert.

Under partiet sitt landsmøte denne veka kom talarane om att og om att tilbake til attentatforsøket sist helg. Det er naturleg, det var ei alvorleg hending som skaka heile landet.

Men veka var også ei politisk kroning av Donald Trump, partiet sin ubestridte leiar. Eit utal gonger gjennom veka braut folkemengda av talarane med taktfaste rop av typen «We love Trump».

Fleire kommentatorar bemerka at ein forventa ei kroning av Trump, men fekk i staden ei slags gudekåring

Gudekåring

Forma på desse landsmøta kan vere uvant for oss her heime, med eit personfokus som framstår ukomfortabelt. Det er likevel grunn til å minne om at det vi såg i Milwaukee desse dagane, ikkje er typisk for amerikansk politikk.

Stadig fleire i salen vart til dømes observerte med serviettar eller anna over høgre øyre for å etterape bandasjen Trump ber etter skytinga. – Vi vil at han skal vite at vi står saman med han, sa ei av kvinnene med bandasje på.

Fleire kommentatorar nemnde at ein forventa ei kroning av Trump, men vi fekk i staden ei slags gudekåring. Talar etter talar sette skytinga i Pennsylvania, og det at Trump overlevde, inn i ein større samanheng der Trump er ei slags Guds utvalde for Amerika.

Kong Kyros er frelst

Eg har tidlegare skrive om at fleire konservative kristne har likna Trump med kong Kyros frå Det gamle testamentet: Hedninge-herskaren som blir gjort rettferdig fordi han gjer rett for Guds folk.

Alliansen mellom Donald Trump og konservative kristne, spesielt den evangelikale rørsla, har til tider vore vaklande, men det har blitt tettare gjennom tida hans i det nasjonale politiske rampelyset. Dei siste åra, under Trump, har det å vere evangelikal vore nesten synonymt med å vere republikanar – og vice versa. Og no ser det også ut til at leiaren deira i større grad enn før føler seg heime i dette formspråket.

Den Donald Trump dei republikanske landsmøtedeltakarane møtte natt til fredag, pepra talen sin med referansar til Guds vilje og Guds nåde, og var tydeleg på at han gav «den allmektige Gud» æra for at han no kunne stå framfor partiet sitt og ta imot presidentnominasjonen. Då han var under angrep førre helg, følte han seg trygg, fordi han kjente at Gud var med han.

Den tette koblinga mellom det religiøse språket og kandidaten er av nyare dato

Dei kristne verdiane

Ein times tid tidlegare hadde sonen hans, Eric, konkludert sin eigen tale med desse orda: – Våre barn vil forstå familie, våre barn vil ha verdiar, og våre barn vil elske Gud.

Prat om verdiar og familie er ikkje noko nytt i Det republikanske partiet, men den tette koplinga mellom det religiøse språket og kandidaten er av nyare dato.

Ved å presentere Trumps presidentskap som del av Guds plan er også fallhøgda stor dersom han skulle tape valet i november. Den eventualiteten er ingen på landsmøtet spesielt oppteken av. Demokratane, blir det hamra inn, kan berre vinne om dei juksar, slik dei gjorde i 2020.

Med Gud på si side, kan republikanarane tape? Og om dei gjer det, kan dei tole det?


Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar