Kommentar

Helvete på jorda

På heimesida til Utanriksdepartementet er det slått fast kvar på jorda helvete er.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den 7. april publiserte utanriksminister Espen Barth Eide ei offisiell fråsegn på heimesida til Utanriksdepartementet: «I seks måneder har palestinerne levd i det som må kunne beskrives som et helvete på jord».

Ja, helvete finst. Også i Gaza. Eg må stengja blodige nyhende ute. Palestinske familiar blir utsletta. Barn svelt. Barn blir drepne. Flyktningleirar er under angrep. Det er overtid for å la våpena teia.

Men når Barth Eide og ekspertane hans skulle skriva ein halvårsrapport, var dei tydelegvis nøye med unngå å seia at Hamas skapte helvete i israelske kibbutzar og på musikkfestivalen i Re’im den 7. oktober. Barth Eides oppsummering lyder: Hamas påførte Israel «ufattelig smerte, sinne og sorg». Israel har påført palestinarane «et helvete på jord».

Eg skriv ikkje for å frita Israel ansvar for verken det som kan vera krigsbrotsverk i Gaza eller for valdeleg busetjarkolonialisme på Vestbreidda. Eg er livredd også for skadane landet påfører seg sjølv ved å bruka våpen utan ein plan for eit fredeleg alternativ til evig krig. Palestinarane må ut av eit uverdig liv. Israelarane må få tryggleik – i djupe traume. I kvar sin stat.

Israel har rett til sjølvforsvar. Men eg har null tillit til statsminister Netanyahu som truleg held fram krigen for å berga sitt eige politiske liv, pressa av to ekstreme statsrådar som trugar med å velta han. Hadde eg vore israelar, ville også eg gått i tog mot ein korrupsjonstiltalt statsminister som før 7. oktober – den verste terroren mot jødar sidan Holocaust – ville knekkja rettsstaten.

Med terror har Hamas lokka Netanyahu til ein grufull krig Israel taper på

Helveteskrefter

Eg skriv derimot om politikk og kraftuttrykk. Barth Eide plasserte medvite dei djevelske kreftene på Israel – og berre der. I luksus i Qatar og tunellar i Gaza smiler Hamas-leiarane. Dei ser på alle sivile israelarar som soldatar og ofrar gladeleg tusenvis av palestinske liv ved å rekna dei om til martyrar. Med terror har Hamas lokka Netanyahu til ein grufull krig Israel taper på. Der Israel står på tiltalebenken, synest Hamas å sleppa lettare unna.

Med eit og anna unntak: Etter helgas blodige israelske aksjon for å setja fri fire gislar, minna kloke Nora Ingdal i Redd Barna om at det i folkeretten er strengt forbode å bruka sivile som gislar i krig. NRKs korrespondent presiserte samstundes at Hamas i publiserte dødstal ikkje gjer skilnad mellom sivile og krigarar. I 7. april-kommunikeet tok Barth Eide ikkje synlege omsyn til slike mogelege feil i Hamas-kjeldene då han nemnde dødstal.

Barth Eide har heilt rett i at «krigen kan ikke løses med bomber eller terror». Men når han no har innført helvete som offisielt kraftuttrykk: Kvifor sa han ikkje at også kibbutz-terroren og massakren på ein musikkfestival skapte eit helvete på jord?

I Dag og Tid skriv Kaj Skagen om «Den store gløymsla». Israels bombing av Gaza fekk mange til å gløyma terroren 7. oktober: «Ein tredje video fanga opp korleis to eldre menneske blir førte bort av soldatar nedover ei gate i kibbutzen Be’eri. Begge er bakbundne og barbeinte, i nattøyet. Den eine var Dror Kaplan (68), son av ein overlevande frå Holocaust. På ein annan video ser ein Dror og hustrua Marcelle Frailich Kaplan (64) liggje urørlege på fortauet ved sida av fleire andre, begge drepne. Desse bileta av dei bakbundne eldre, vekte opp av svevnen med skytevåpen og førte vekk frå heimen mot døden, vekkjer straks assosiasjonar til jødeforfølgingane i Tyskland under nazistyret i 1940-45.»

Blir det endå lettare å ropa «Jævla jøde!» etter Oslo-rabbinaren som gjekk på gata saman med ein sju år gamal son?

«Jævla jøde!»

Israel-kritikk er ikkje anti-semittisme. Men når Barth Eide einsidig plasserer helvetes-karakteristikken på Israels krigføring: Blir det då endå lettare å ropa «Jævla jøde!» etter Oslo-rabbinaren som gjekk på gata saman med ein sju år gamal son?

Eit søk på nettsida regjeringen.no viser at helvete er nemnt 24 gonger. Det meste er lenker til gamle utgreiingar – med referansar til alt frå Ole Hallesbys helvetestale i 1953, til at «helvete er løs» i debatt om fiskeripolitikk. Fire gonger fører ein utanriksminister ordet, den siste er altså Barth Eide. Tre gonger brukte forgjengaren, Anniken Huitfeldt, eit favorittsitat frå tidlegare generalsekretær i FN, Dag Hammarskjöld. I motsetnad til dagens FN-sjef António Guteress, plasserte ikkje Hammarskjöld helvete geografisk. Han hadde derimot ei livsviktig påminning: «FN blei ikkje oppretta for å senda menneskeslekta til himmels, men for å hindra at ho går til helvete.»

«Også eit helvete på jord»

Huitfeldt kom forresten så seint som for eitt år sidan heim frå Jemen, lenge omtalt som den verste humanitære katastrofen i vår tid, utan å snakka om helvete på jord. Eller lat oss ta Sudan. «Sudan er også et helvete på jord», skreiv Liv Tønnessen i Panorama Nyheter 25. januar i år. Ho viste til at Gaza hadde fått denne karakteristikken – eit par-tre veker tidlegare hadde Barth Eide i eit avisintervju for første gong snakka om Gaza som «et virkelig helvete på jord».

«Men er ikke det som foregår i Sudan også helvete på jord? Må man leve i det verste av alle helveter på jord for å få omtale i mediene? Har vi virkelig bare kapasitet til å ta innover oss det som skjer nærmest mulig Europa?» Spurde Tønnesson.

I Sudan kan 2,5 millionar døy innan september, ifølgje tenketanken Clingental. 10 millionar er drivne på flukt i sitt eige land. Halve folket, av dei 14 millionar barn, treng akutt humanitær hjelp.

Den 6. juni var Barth Eide intervjua av VG, på veg til eit møte om Sudan. Barth Eide forklarte at Sudan er «øverst på listen over glemte konflikter. Det er samtidig verdens største humanitære krise.» Han la til: «Hadde vi ikke hatt krig i Midtøsten og Ukraina, hadde vi nok snakket mer om det.»

Ingen rasande opinion

Så sant. Ministeren kunne brukt sterke ord for å løfta tragedien ut av denne mørke skuggen, men ikkje eitt ord om «helvete på jord». Så har han heller ikkje ein rasande opinion som skrik etter kraftuttrykk: «Alle har en mening om det som skjer i Midtøsten, men her er det vanskelig for folk å organisere i hodet hva som skjer.»

Altfor mange trur at det er lett å forstå og lett å velja side i Midtausten, medan Afrika er så komplisert. Er det difor Barth Eide plasserer helvete på Israels krigsmaskin utan å inkludera islamistisk terror og farleg vanstyre og utan å setja tydelegare ord på dødskreftene som øydelegg Sudan?

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar